desember 19, 2014

Kven er tidstjuvane?

av Lærerråd

Skjermbilde 2014-12-19 kl. 10.59.14


Ane har skrevet en kronikk om tidstyvene i skolen.

Påstand: De største tidstyvene i skolen er lærerne selv.

Du kan lese kronikken på NRK Ytring: «Kven er tidstjuvane?»

Enig? Uenig? Kommenter gjerne!

desember 8, 2014

Draumen om å verta draumelæraren

av Lærerråd
soria moria

Draumen – et dikt av lærer Turid Svensøy

Les videre

juni 23, 2014

Når kongehuset meiner at vi ikkje strekk til

av aneaarre

Fredag 20.06 hadde eg ein kronikk på NRK Ytring sine sider om kronprinsparet sitt val om å ta barna sine ut av den offentlege skulen frå hausten av.

Kronikken kan du lese her: «Når kongehuset meiner at vi ikkje strekk til»

Skjermdump frå NRK Ytring sine sider.

Skjermdump frå NRK Ytring sine sider.

 

juni 4, 2014

#StemJa?

av aneaarre

Eg har forsøkt å få ned nokre tankar om den nye arbeidstidsavtalen ei god stund no. Men det er langt frå enkelt. Kvar gong eg har prøvd, har affekten styrt fingrane over tastaturet. For KS har provosert over lengre tid no, og årets oppgjer vart skuffande. Men for å vere ærleg, så er det måten vi lærarar har møtt resultatet på som har vekka mest kjensler. Eg trur det er fordi eg opplever at vi plutseleg har avslørt oss litt.

Om vi ønskjer meir tid til kvar elev så er det kanskje ikkje så ille at vi må vere på jobb medan dei er der?

Om vi ønskjer meir tid til kvar elev, så er det kanskje ikkje så ille at vi må vere på jobb medan dei er der?

For denne våren har både KS og fagforeiningane byta på å skyve elevane framføre seg for å nå andre mål: KS har sterke økonomiske insentiv, fagforeiningane har ansvar for arbeidstakarar med rett til gode arbeidsvilkår. Elevane sit ikkje ved forhandlingsbordet, ei heller gjer foreldra. Difor er det avgjerande at vi er ærlege på kven vi representerer, men i år er eg ikkje sikker på om nokon av partane har klart å vere heilt sannferdige. For det verker som vi ikkje klart å skilje to viktige ting frå kvarandre: arbeidslivspolitikk og profesjonsspørsmål. Det er dessverre ikkje slik at det beste for lærarane eller den kortsiktige kommuneøkonomien alltid er det beste for elevane.

Vi lærarar har lenge argumentert for at vi treng meir tid til kvar elev. Og vi har meint at vi ikkje kan utvide arbeidsåret vårt fordi det er viktig at vi er på skulen når elevane våre er der. I den argumentasjonsrekka har eg aldri heilt klart å plassere den store frykta for meir arbeidsplassbunden tid.

Av alle ting vi kunne mista denne våren så er dette truleg det «tapet» som elevane våre kan vinne mest på. Og vi òg – om vi bestemmer oss for det. Les videre

mai 5, 2014

Framovermeldingsgenerasjonen

av aneaarre

Det er fare for at eg med denne teksten verkar litt desillusjonert. Det er eg eigentleg ikkje. Men eg er litt betenkt. Eg ønskjer her å utfordre meg sjølv og andre på om all vurderingspraksis er av det gode. Eg veit at mykje av det vi gjer er bra. Sjølv arbeider eg på ein skule der eg trur vi er på rett veg. Men på skulen min er vi òg glade i å utfordre kvarandre og praksisen vår, og det har fått meg til å tenke litt. Heldigvis arbeider eg i ein profesjon der vi framhevar verdien av dette [1].

Det er lett å gå seg vill...

Det er lett å gå seg vill…

Stundom tenker eg at litt for store delar av jobben min består i draumeknusing – i å lukke dører. For det er slik det kjennest i blant, kjensla av å måtte seie «Nei, dette er nok ikkje godt nok, nei – dessverre altså. Du meistrer ein del, men det er òg mykje som kan bli betre. Du må nok særleg jobbe vidare med algebraen. Men nei, vi skal ikkje jobbe meir med det i timane, nei. Men berre slik at du veit det: det er altså ikkje godt nok enda.»

Vi seier at vi driv vurdering for læring. Men kan det vere at det stundom fungere som vurdering mot læring? Les videre

mars 25, 2014

Hvem bør forhandle om lærernes tid?

av Lærerråd

 

ArbeidstidDette er ment som et ærlig spørsmål. I en ideell verden: Hvem burde være parter når vi forhandler om lærernes tid?

Fram til 2003 var staten forhandlingspart, så ble dette ansvaret overført til KS, til store protester fra lærerne og deres organisasjoner. Nå ønsker KS å styrke kommunenes råderett over lærernes arbeidstid ytterligere. I Sverige og Danmark har vi sett en tilsvarende kommunalisering av skolen, mens man i Finland har sentralt vedtatte arbeidstidsavtaler.

KS´ forslag til ny arbeidstidsavtale har satt sinnene i kok i den norske lærerstanden, og mange har ment at det er på tide at ansvaret for å forhandle lærernes arbeidstid tilbakeføres til staten. Denne posten er ment som en oppfordring til en mer konkret diskusjon rundt akkurat dette spørsmålet:

Hvis vi tilbakefører forhandlingsansvaret til staten, hva vinner vi? Hva taper vi? Og skulle vi ønske å tilbakeføre ansvaret, hvordan skulle man rent praktisk gå fram for å oppnå dette?

Vi oppfordrer selvsagt alle til å gi sitt besyv med i debatten.

 

mars 22, 2014

Mot einpartssamarbeid i skulen?

av aneaarre
GMH3

Elevar, føresette og folket generelt er ikkje part når det skal forhandlast om den viktigaste ressursen i skulen (lærarane si tid). Om KS og Gunn Marit Helgesen får det som dei vil, så er snart ikkje lærarane det heller.

Det er mange ting eg har ønskja å seie om lærarane si arbeidstid. Men eg har slitt med å få noko konstruktivt ut av tankane mine, for eg vert så eitrande forbanna kvar gong eg tenkjer på det. Men det er éin særskild ting eg kjenner eg må tenke litt høgt rundt:

Burde vi ikkje eigentleg berre overføre forhandlingsretten tilbake til staten? Det er mogleg at det er ei rekke gode grunnar til at vi ikkje burde det, men det er særleg éin årsak til at eg meiner at dette i det minste er eit rimeleg spørsmål å stille. Årsaka er enkel: KS kan no, med rette, hevde at elevar, føresette, folket og med det våre folkevalde, ikkje er partar i saka når det kjem til korleis vi skal forvalte den viktigaste ressursen i skulen (sett bort frå elevane sjølve): lærarane si tid. Det er over mi fatteevne at vi har klart å lage eit system der Gunn Marit Helgesen har rett når ho seier at lærarane si arbeidstid er ei sak mellom partane i arbeidslivet, og at andre med det pent får halde munn. For i denne saka er elevane, føresette og heile folket part. Les videre

mars 19, 2014

Fråværsdebatt med fråvær av dei verkelege spørsmåla

av aneaarre
Når elevar ikkje møter på skulen må vi spørje kvifor før vi foreslår ein kur.

Problem: Undom vil ikkje møte på skulen. Løysing: Vi lagar ein ny paragraf.

Fråværsgrense eller ikkje fråværsgrense – det er visst spørsmålet. Den same debatten hadde vi seinsommaren 2012. Eg kan ikkje sjå at debatten har kome inn i noko meir konstruktiv lei sidan sist. Eg opplever at vi på nytt diskuterer symptom i staden for årsak, og at tiltaka som vert foreslått, berre vil skjule dei verkelege problema.

Da eg skreiv om fråvær sist («Fråvær i vgs»), meinte eg at det ville vere ei falitterklæring å be KD og Udir om å sette ei fråværsgrense. Eg trur eg meiner det framleis. For viss vi meiner at den einaste måten vi kan få elevar til å møte på skulen på, er å true dei dit, da bør vi gå litt i oss sjølve. Tida er overmoden for å ta nokre diskusjonar som er mykje større enn kor ei tilfeldig talgrense skal settast.

Les videre

mars 19, 2014

Motivasjon, meistring og moglegheiter. Eller matte, matte og meir matte?

av aneaarre
Kva treng vi? «Motivasjon, mestring og muligheter», eller matte, matte og meir matte?

Kva treng vi? «Motivasjon, mestring og muligheter», eller matte, matte og meir matte?

Anniken Hauglie ønskjer at partifelle Røe Isaksen skal gi Osloskulen lov til å erstatte valfaga med matematikk. Eg har eigentleg aldri vore nokon stor tilhengar av valfaga, til tross for at eg er veldig glad i å undervise i dei (for andre året har eg to grupper i forskning i praksis). Årsaken til at eg ikkje har hatt sansen, er at eg meiner at utfordringa med lite motivasjon i ungdomsskulen ikkje lar seg løyse gjennom eitt fag på 90 minutt i veka som skal vere praktisk og variert. Det er heile opplæringa som må bli meir praktisk og variert, og da burde vi heller bruke dei 90 minutta til å styrke dei andre faga. I staden har altså elevane fått enda eitt fag på timeplanen, enda ein lærar dei skal lære å kjenne, enda ei gruppe dei skal finne set til rette i og enda ein karakter på vitnemålet. Mi oppleving er at skulekvardagen ofte er svært fragmentert, og valfaga bidrar berre ytterlegare til det.

Når eg likevel er heilt usamd i Hauglie si vurdering av at valfaga bør erstattast med matematikk, er årsaken den at ein strengt tatt ikkje kan kalle det ei vurdering. For vi har på ingen måte hatt tid til å evaluere valfaga enda, og skulane treng altså meir enn eitt og eitt halvt år på å gjere fag tilstrekkeleg gode til at det gir meining å evaluere dei. Les videre

januar 16, 2014

Skolen lever(er) ikke av drømmelærere alene

av Lærerråd

I en tid hvor alle har en drøm om læreren, er det kanskje lett å glemme at skolen verken lever, eller kan levere, av lærere alene. Heller ingen lærer er en øy, men derimot både delaktig i og avhengig av noe som er større enn en selv: kolleger og ledelse, rammer og ressurser. Så når resten av verden fritt proklamerer sine drømmer for den gode læreren, vil nok den gode læreren i sitt stille sinn drømme litt om de gode rammevilkårene, og den gode ledelsen. Les videre

desember 4, 2013

Vikarlæreren: NHO og Tekna feiltolker PISA-resultatene

av Lærerråd
Ola Vassli, lærer og masterstudent.

Ola Vassli, lærer og masterstudent.

Denne vikarposten er skrevet av Ola Vassli. Ola er lærer, og jobbet sist på Hallagerbakken skole på Holmlia. Han er for tiden masterstudent i statsvitenskap, der han undersøker kommuners fremgang på de nasjonale prøvene.

NHO-direktør Kristin Skogen Lund gikk i går høyt ut og slo kategorisk fast at vi har fått  « – Et nytt PISA-sjokk for norsk skole». Hun hevdet videre at «både i matematikk og naturfag har vi gått tilbake». Og hun har halvveis rett: Vi gikk tilbake i matematikk, noe den ti siders oppsummeringen av Norges resultater også bekrefter.

Om naturfag står det derimot tydelig på side tre at «Norway’s average performance in 2012 is not significantly different from its performance in 2009 and in 2006». Vi kan derfor ikke være sikre på hvorvidt vi har gått tilbake fra verken 2006 eller 2009, da resultatene i 2006, 2009 og fra i fjor ikke er ulike nok til at dette ikke kan skyldes tilfeldigheter. Den endringen Skogen Lund viser til, er dermed innenfor feilmarginen. Les resten av dette innlegget:

november 24, 2013

Skoleutvikling – ovenfra og ned?

av nherleiksplass

I disse dager snakkes det ofte om hvordan vi skal heve og løfte lærerne og deres kompetanse. Noen blir hårsåre og reagerer med endringsvegring, mens andre er positive til et faglig kompetanseløft. Som lærerstudent oppleves hele debatten noe uklar: Hva skal komme først og hvordan? Vil vi ha mastergrad for alle grunnskolelærere? Er det kun matematikklærere som trenger etter- og videreutdanning? Er vi sikre på effekten av en slik ordning? På grunnlag av hvilke incentiver er det matematikklærere som er i fokus?

Bilde hentet fra: http://www.bloglet.com/how-to-support-economic-development/ (24.11.13)

Bildet er hentet her (24.11.13).

Les videre

november 20, 2013

Vikarlæreren: Fritak funker ikke: Ingen sammenheng mellom fritak og resultater på nasjonale prøver

av Lærerråd
Ola Vassli, lærer og masterstudent.

Ola Vassli, lærer og masterstudent.

Denne vikarposten er skrevet av Ola Vassli. Ola er lærer, og jobbet sist på Hallagerbakken skole på Holmlia. Han er for tiden masterstudent i statsvitenskap, der han undersøker kommuners fremgang på de nasjonale prøvene.

Selvfølgelig blir det gjennomsnittlige resultatet på nasjonale prøver høyere hvis de svakeste elevene blir fritatt. Dette slo meg som så selvfølgelig at jeg i masteroppgaven min planla å kontrollere vekk denne formen for juks og «skoledoping». Ja, for hvorfor skulle ellers skoler i Vestfold «nærmest presse» foreldre til å søke fritak for barna sine? Etter å ha gått tallene nærmere i sømme, viser det seg at dette ikke på noen måte var så selvfølgelig som jeg trodde. Les resten av dette innlegget:

november 19, 2013

Vikarlederen: Lærerne som ikke vil lære

av Lærerråd

Denne vikarposten er skrevet av en språklektor som er mellomleder på en videregående skole. I samråd med skribenten har vi besluttet å publisere dette anonymt: På den ene siden mener vi at de delene av det kollegiet som omtales her, bør slippe å bli gjenstand for en offentlig vurdering og eventuelt påfølgende debatt; på den andre siden mener vi at det bør være rom for å lufte denne typen frustrasjoner, som vi tror i større eller mindre grad kan finnes på andre skoler og i andre kollegier enn det omtalte.

Som mellomleder på en ganske stor videregående skole med overvekt av allmennfag, føler jeg behov for å lufte en frustrasjon. Det handler om noen av de mest tradisjonelle allmennfaglærernes uvilje mot å la seg påvirke av pedagogisk tankegods, og mot at andre – foreldre, kolleger og ledelse – skal ha innsyn og medbestemmelse i det som skjer i klasserommet. Det virker på meg som denne underpopulasjonen av lærere, som heldigvis begynner å tynnes ut (det dreier seg i det store og hele om folk født på 40-, 50- og 60-tallet), betrakter sin lærergjerning som en privat virksomhet, og enhver form for innsyn i den som invaderende. Man snakker om MITT fag og om MINE elever.

dinosaurer er lærere Les resten av dette innlegget:

november 3, 2013

Vikarforelderen: Her er noen lekser som jeg hadde ønsket at datteren min hadde fått da hun gikk på småskolen

av Lærerråd
Mikrometeoritt, funnet i Nordmarka. Bildet fra Forskerfabrikken.

Mikrometeoritt, funnet i Nordmarka. Bilde fra Forskerfabrikken.

Denne vikarposten kommer fra Toove, som er en utenom det vanlige engasjert forelder, og som har gjort seg noen tanker om hvilke lekser hun skulle ønske at skolen ga. Toove blogger til vanlig på Ta ansvar for deg selv.

Finn et flatt sted ute i bakgården eller i en hage, kanskje oppå et bord. Fei det nøye. Kanskje du til og med kan legge et hvitt laken der. Se etter hver dag om det faller ned en meteoritt der. De er ikke mer enn en millimeter eller to.

Gå ut om kvelden når det er mørkt med en voksen og se etter stjernen Betelgeuse, som kanskje ikke fins nå mer, selv om vi kan se den, og den samiske jegeren og storoksen.

Gå ut om natten og se på himmelen. Et eller annet sted tar verdensrommet slutt. Verdensrommet er krumt. Se ut og tenk på hva du tror er utenfor. Les videre

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagskebetraktninger.no

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom