Framovermeldingsgenerasjonen

av aneaarre

Det er fare for at eg med denne teksten verkar litt desillusjonert. Det er eg eigentleg ikkje. Men eg er litt betenkt. Eg ønskjer her å utfordre meg sjølv og andre på om all vurderingspraksis er av det gode. Eg veit at mykje av det vi gjer er bra. Sjølv arbeider eg på ein skule der eg trur vi er på rett veg. Men på skulen min er vi òg glade i å utfordre kvarandre og praksisen vår, og det har fått meg til å tenke litt. Heldigvis arbeider eg i ein profesjon der vi framhevar verdien av dette [1].

Det er lett å gå seg vill...

Det er lett å gå seg vill…

Stundom tenker eg at litt for store delar av jobben min består i draumeknusing – i å lukke dører. For det er slik det kjennest i blant, kjensla av å måtte seie «Nei, dette er nok ikkje godt nok, nei – dessverre altså. Du meistrer ein del, men det er òg mykje som kan bli betre. Du må nok særleg jobbe vidare med algebraen. Men nei, vi skal ikkje jobbe meir med det i timane, nei. Men berre slik at du veit det: det er altså ikkje godt nok enda.»

Vi seier at vi driv vurdering for læring. Men kan det vere at det stundom fungere som vurdering mot læring?

For vi skal melde tilbake og vi skal melde fram. Vi skal visst aldri vere i ro – seie at noko er godt nok. Alltid skal vi vidare; utvikling for ein kvar pris. Og for all del: det er i stor grad det skulen er til for. Men har vi ikkje òg eit ansvar for at ungane og ungdommen finn seg sjølv i alt dette?

Sjølv nyttar eg stadig meir tid på å skrive individuelle utviklingsplanar (IUP-ar). Det er mykje godt i IUP-ar, men eg er redd vi er i ferd med å dra det hakket for langt – at vi gir elevane våre for mykje tilbakemelding.

Det er særleg to ting eg trur skapar ein uheldig kombinasjon, og begge deler grunnar i dei vaksne sine dokumentasjonsbehov: Det eine er at vi, for å argumentere for karakterane vi gir, vert veldig opptekne av å fortelle kvifor noko ikkje er godt nok. Viss vi er flinke til å fortelle elevane våre kvifor noko er ein 4-ar og ikkje ein 5-ar, da får vi truleg færre karakterklager. Det sparar arbeid og ser fint ut på statistikkane. Denne tankegangen gjer også at vi vurderer meir enn naudsynt, og da stel vurdering tid frå læring.

Det andre er at vurdering for læring helst bør synast som tydelege og tellelege tiltak, og da er jo svart på kvitt veldig greitt å ha. Ein ting er mengdene tilbakemelding dette fører til, ein annan er kvaliteten; det er klart alt dette påverkar måten vi skriv og snakkar på. For når vi ikkje berre driv vurdering for læring, men òg for dokumentasjon, da har plutseleg tilbakemeldingane våre fått fleire føremål og fleire mottakarar enn dei var tenkt. Det brukar sjeldan å vere eit godt utgangspunkt for god kommunikasjon. Og Hattie har rett: «many teachers claim they provide ample amounts of feedback but the issue is whether students receive and interpret the information in the feedback» (2009, s. 174).

Mykje av tida resulterer alt dette i at vi fortel elevane våre att noko må bli betre, men ikkje nødvendigvis korleis. Eg tar meg sjølv stadig vekk i å fortelle elevane mine at det og det må dei øve meir på, men utan at eg eigentleg har konkrete planar for å hjelpe dei med det. Eg tenker visst at øvinga får dei gjere på eiga hand, så kan eg alltids tilby dei høvet til å vise eventuell forbetring i mai. Det er ein merkeleg tanke det: at det vi saman har jobba med intensivt i seks veker, og som openbart ikkje har kome på plass likevel, det skal no elevane få til på eiga hand fordi eg har gitt dei tilbakemelding om at «dette må du øve meir på».

Om eg tenker rett no så bør dette få i alle fall to konsekvensar for praksisen min: For det første må eg bli mykje flinkare til å legge til rette for reelle høve til progresjon. Nokre ting vi allereie gjer, men som vi nok burde gjere meir av, er å bruke «prøveprøver» midt i periodar slik at tilbakemeldingane våre kan nyttast med ein gong, la elevar få levere inn tekstar dei har forbetra etter tilbakemelding osv.. Sjølvsagt? Ja. Men noko seier meg at det felles nasjonale tilsynet som skal gjerast fram til 2017 kjem til å syne oss at vi nok med fordel kan gjere meir av dette. Den andre praksiskonsekvensen bør vere den at når vi faktisk har avslutta eit tema, så kunne vi kanskje også tørre å seie oss ferdige og driste oss til å seie at noko er godt nok.

Eit anna utslag av satsinga på vurdering for læring er alle måla vi set for elevane våre. Innlegget Målstyrt ungdom i Klassekampen i haust sette ord på noko vesentleg. Ein far har gått gjennom dei 269 måla sonen på 8. trinn skal nå på tre veker, og skriv:

Oppover i systemet bør man vise lydighet: eleven følger lærerens mål, læreren følger rektorens mål, rektoren følger kommunens undervisningsetat, som igjen følger Utdanningsdirektoratet, som til slutt følger PISA-undersøkelsens krav til måloppnåelse. Nedover i systemet utfører man kontroll, og da delegerer man ikke genuint ansvar, fordi det forutsetter tillit. Tillit til at den man delegerer til er i stand til å formulere sine egne mål, og å gjennomføre dem.

For nokre år sidan gjorde vi ei liknande øving i mitt eiget kollegium. Da gjorde vi ei høgst uformell innsamling av kjenneteikn-på-måloppnåing-matriser som var gitt ei 9. klasse i løpet av delar av eit haustsemester. Det var forsiktig sagt litt omfangsrikt: Det var tabell etter tabell med delmål og kjenneteikn på eit språk vi knapt klarte å dekode sjølve.

Det er uklart for meg kven vi gjer dette for. Ei tid trudde vi at vi gjorde det for direktoratet, men dei presiserte for mange år sidan at det ikkje vil vere «hensiktsmessig å bruke nivådelte kjennetegn i alle lærings- og vurderingssituasjoner» og at det kan vere «mest hensiktsmessig å bruke for eksempel ved halvårsvurdering og standpunktvurdering». Vi har blitt litt vel flinke til å skulde på «Udyret» for alt vi meiner ikkje fungerer, men denne gongen kan vi nok ikkje det; retningslinjene er både gode og tydelege.

Kven kan vi så skulde på når intensjonar ikkje vert til praksis? Er det skuleeigarane eller skuleleiingane våre som gjer lite gode tolkingar? Eller er det kanskje oss sjølve? Eg er ikkje sikker, men på eit eller anna tidspunkt, i ein eller annan del av systemet, så vart ikkje føremålet med og føresetnadene for vurdering for læring reflektert godt nok over; ein eller annan stad gjekk praksis føre målet.

Vurdering for læring set særlege krav til kulturen for læring:  «We need classes that develop the courage to err.» (Hattie, i Visible Learning)

Vurdering for læring set særlege krav til kulturen for læring: «We need classes that develop the courage to err.» (Hattie, i Visible Learning)

Kan det vere at det er så mange ledd mellom dei som lagar intensjonane og dei som skal gjere dei om til praksis, at det nesten  svikte ein eller annan stad i overføringsrekka? Eller kan det ha noko med kva det er som «tel» i desse NPM-tider, altså det som lett kan teljast? Eller tenker ein at det er tilstrekkeleg at lærarane gjennomfører dei på førehand gjennomtenkte tiltaka, slik at vi kan spare dei for tankearbeidet? Eller er det det at vi ikkje har tatt på alvor kva kultur for læring som er føresetnad for vurdering for læring?

Men same kven vi skulle finne skulda passande: vi må til sjuande og sist ta ansvar for eigen praksis. Om eg legg handa på hjartet så kan eg nok ikkje seie at eg eigentleg trur at «kjenneteikn på måloppnåing» tener så mange elevar. Nokre, dei mest skuleflinke, klarer nok å orientere seg i den svart-kvite måloppnåingsjungelen, men vi har resultat frå nasjonale leseprøver som gjer det heva over ei kvar tvil at ein relativt stor prosentdel av elevane våre nødvendigvis må gå seg bort. Først og fremst trur eg desse kjenneteikna våre er kjenneteikn på ei målstyrt tid: Nok ein ting som ser pent og proft ut, men som i røynda er utslag av behov dei vaksne har funne på.

Eg kan ikkje sjå at vi har empiri som seier at vi gjer noko galt – tvert om, vil ein vel kunne hevde. Eg er overtydd om at tankane bak vurdering for læring er grunnleggande gode. Men likevel seier magekjensla mi at kombinasjonen av målstyrt og tilbakemeldt ungdom ikkje er så god. Er vi i ferd med å lage ein framovermeldingsgenerasjon – ein der alle alltid skal vidare, der ingenting nokon gong kan bli godt nok? For det er noko i det Anders Bakken og Jon Elstad skriv i ein av evalueringsrapportane av Kunnskapsløftet [2]: «Tilbakemeldinger er ikke bare nøytrale signaler som lett omformes til økt motivasjon for å lære mer – de er også moralske bedømmelser av individet i tråd med skoleuniversets standarder.»

Eg trur det er vurdering mot læring når elevar gang etter gang få høyre at det dei har gjort ikkje held mål. Eg trur det er vurdering mot læring når elevar får vite at noko ikkje er godt nok, men ikkje får vite korleis dei kan gjere det betre. Eg trur det er vurdering mot læring når elevane opplever at det er dei som personar som vert vurderte – at det er dei som ikkje held mål. Og så trur eg ikkje ein kan kalle det vurdering i det heile tatt viss ikkje elevane våre forstår kva vi skriv eller snakkar om.

Det er klart at vi skal fortelle elevane våre kor vi skal, og det er jobben vår å gi dei nokre vardar å styre etter på vegen. Men samstundes må vi ikkje gløyme at læring av natur også er famlande, prøvande og feilande. Det må vi òg lære elevane våre. For mange av dei rikare måla i livet må ein trø opp stiane sjølv for å nå.

 

……………..

[1] I den profesjonsetiske plattforma vår står det at «Vår fridom til å velje metodar og vår profesjonelle utøving av skjøn gir oss eit særleg ansvar for å vere opne om dei faglege og pedagogiske vala vi gjer. Samfunnet skal ha tillit til at vi bruker autonomien vår på ein etisk forsvarleg måte.» Vidare står det at vi «er omsorgsfulle og medvitne den makta ein har i kraft av rolla og posisjonen sin» og «er fagleg funderte og etisk reflekterte i arbeidet med vurdering». Dette er krevjande standardar. Eg trur at ein av måtane vi kan leve opp til dette på er å tørre å tenke høgt rundt det vi driv med, også rundt det vi ikkje er så stolte av. Så her ønskjer eg å dele det eg opplever som den mørke sida av vurdering, vel vitande om at det er vel så mykje som er bra.

[2] I rapporten For store forventninger viser Bakken og Elstad til talet på elevar som ikkje fullfører grunnskulen med eit fullstendig vitnemål har auka, samstundes som vi finn fleire i motsett ende av karakterskalaen, og skriv følgjande:

Men hyppige faglige tilbakemeldinger betyr også en strøm av signaler fra skolen til den enkelte elev om hvor «vellykket», i lys av læreplanene, han eller hun er. Tilbakemeldinger er ikke bare nøytrale signaler som lett omformes til økt motivasjon for å lære mer – de er også moralske bedømmelser av individet i tråd med skoleuniversets standarder. Gjentatte negative signaler kan lett tolkes som meldinger om at eleven savner de verdiene som skolen etterstreber. Når skolesystemet i enda større grad enn tidligere utsetter elevene for denne typen hyppige tilbakemeldinger, kan effekten bli et forsterket sprik mellom de skoleflinke og de mindre skoleflinke elevene, som i neste omgang kan føre til økende sosioøkonomiske forskjeller i karakterer eller økende forskjeller mellom gutter og jenter. (Bakken og Elstad, 20012, s. 245)

Referansar:
Hattie, J. (2009): Visible learning
Bakken, A og Elstad, J.I. (2012): For store forventninger – Kunnskapsløftet og ulikhetene i grunnskolekarakterer NOVA Rapport 7/2012

 

Advertisements

12 Responses to “Framovermeldingsgenerasjonen”

  1. En hel del å si om dette. Jeg er enig i at mye vurdering ikke fører til læring, men tror ikke løsningen er spesielt komplisert. Jeg tror det er for langt for en kommentar, men jeg prøver meg med noen påstander som kan være produktive for videre diskusjon:
    – den daglige vurderingen er viktigere enn de store vurderingssituasjonene.
    – det er urealistisk å forvente at elever skal forbedre mer enn en ting eller to fra en vurderingssituasjon til den neste.
    – forskningen på tallkarakterer er ganske entydig negativ – likevel henger den i.
    – arbeidet ETTER at læreren har vurdert er vel så viktig som selve vurderingsarbeidet – vi bør prioritere tid til å sjekke at elevene forstår tilbakemeldingen og vet veien videre.
    – vurderingsforskriften er misforstått – kravet til dokumentering av underveisvurdering er langt mindre enn mange vil ha det til.

  2. No har eg lese innlegget to gonger. Det er det beste eg har lese om vurdering og målstyring. Stundom tenker eg: Ane skriv så godt, ho kjem ein gong å slutta som lærar. Eg trur ho endar opp som skulebyråkrat. Det ville norsk skule ha godt av!

    Alle profesjonar har sitt fagspråk eller stammespråk. Slik unngår ein uinnvigde i å forstå kva ein gjer. «Vurdering for læring» er eit slikt omgrep. Eg fann ikkje meining i det fyrste gang eg høyrde det. Det er jo ikkje gangbar norsk. Det meiner eg fortsatt. Det tydar vel «vurdering for å læra betre», trur eg. Difor vert eg glad når Ane skriv og reflekterer og spør om vurderinga verkar som ho skal og at vi kan hende bør ta i bruk omgrepet «vurdering mot læring».

    På ein planleggingsdag skulle ein framankar koma å fortelja oss om vurdering. Det er no slik ein gong at dei som kjem utanfrå veit betre. Eg var skeptisk. Skulle vi enno ein gong få høyra kor viktig «vurdering for læring» var. Hadde han med seg døme på kor effektivt vi kan laga prøvar? Nei, Bjørn Helge var ein fornuftig kar. Men som vaksen kar var han meir sikker i sin sak enn Ane. Eg likar godt Ane si tvil.

    Vi veit at lesedugleiken ikkje er så god hjå elevane. Likevel vert vi bede om å bruka tid på å laga skriv om kjenneteikn på «måloppnåelse». Er det nokon som veit kva meininga med livet er? Finn ein ho i måldokumenta?

  3. Bjørn Helge: Ja, delar av denne diskusjonen krev meir plass enn ein kommentar. Kanskje du kunne du tenke deg å skrive eit vikarinnlegg? Det hadde vore veldig interessant!

    Eg er heilt samd med deg i alle punkta du set opp. Men eg er usikker på om er like einig i at dette ikkje er komplisert.

    På eit vis er VFL berre sunn fornuft satt i system, men samstundes skal denne sunne fornufta nyttast i eit system der fornuft ofte ikkje finn plass i møte med overfylte læreplanar og arbeidsplanar, ein målstyringskultur ute av kurs og organisasjonsformer som ikkje i tilstrekkeleg grad legg til rette for samhandling og refleksjon blant lærarar.

    Det er heilt rett at dokumentasjonskrava er misforståtte, men eg trur ikkje det vert løyst berre ved at lærarar set seg betre inn i jussen. Det er eit nivå eller to over oss som må gjere det og tørre å gi slepp på noko av kontrollen. Det er interessant å lese den første FIVIS-rapporten der dei meiner å finne at skuleeigarnivået i vurderingsspørsmål er mest opptekne av reliabiliteten til vurderingane våre, medan vi truleg er mest opptekne av og vert ståande aleine med ansvaret for validiteten. I eit reliabilitetsperspektiv er det klart at dokumentasjon har noko føre seg, men eg opplever ikkje at det bidrar like mykje til validiteten.

    Kjell Arild: Det var veldig hyggelege ord. Eg deler tankane dine om fagspråk/stammespråk. Eg trur vi i god tru tenker at fagspråk styrkar profesjonen vår, og det gjer det sikkert. Men samstundes fører det nok til ei framandgjering og umyndiggjering av alle dei skulen skal samarbeide med og er til for.

    Når det gjeld «meininga med livet» synest eg Lars Risan avsluttar innlegget sitt om Målstyrt ungdom på ein tragisk god måte: «Jeg tviler på at skolen kommer til å lykkes i å definere alle barns mål i livet, for da definerer man også deres mening med livet. Det er likevel tragisk at de prøver.» Eg meiner jo eigentleg at det ikkje er det vi prøver på, men eg forstår så alt for godt at det kan verke slik.

  4. Ei tilbakemelding etter eit avslutta læringsarbeid er ikkje vurdering for læring i mine auge. Prøveprøven din er vurdering for læring. Og framovermeldinga som du gjev når eleven jobbar med ei krevjande oppgåva i timen er enno meir læringsfremjande, trur eg.

    Sannsynlegvis gjer du mange ting saman med elevane som vert vurdering for læring i større grad enn mykje av dei tinga ein gjerne tenkjer at vurdering for læring «er». Trur litt av problemet er at dei har brukt omgrepet vurdering, eit ord ein frå før brukar i samband med planlagde og formelle vurderingssituasjonar (summativ vurdering), til dømes tilbakemeldingar på prøvar.

    Kanskje ordet framovermelding rett og slett kan vera betre for å skildra alt det som vurdering for læring inneheld? Omgrepet kan romma både læringsmål, krav (vurderingskriterium), rettleiing og undervegsvurdering, utan at ein treng å blanda inn dokumentasjonskrav og andre formalitetar.

  5. Hello there, You have done a fantastic job.

    I will certainly digg it and personally suggest to my friends.
    I am sure they’ll be benefited from this web site.

  6. Greetings from Ohio! I’m bored to tears at work so I decided to check out your website on my iphone during lunch break.
    I enjoy the knowledge you present here and can’t wait to take a look
    when I get home. I’m shocked at how quick your blog loaded on my
    phone .. I’m not even using WIFI, just 3G
    .. Anyways, excellent site!

  7. Why people still make use of to read news papers when in this
    technological globe everything is accessible on web?

  8. I will right away take hold of your rss as I can’t find your email subscription link or e-newsletter service.

    Do you have any? Kindly permit me recognize so that I may subscribe.

    Thanks.

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

LP-modellen - læringsmiljø og pedagogisk analyse

en blogg fra Læringsmiljøsenteret for alle som arbeider med LP-modellen

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: