Archive for ‘Stykkprisfinansiering’

september 19, 2013

Årets osloskolesal er i gang – igjen!

av aneaarre
Skjermbilde 2013-09-18 kl. 19.29.56

Haust og sal høyrer saman – også i skulen.

Lufta er kjøligare, lauvet gulnar, skyene er regntunge og elevtala varierer frå time til time. Det er ingen tvil lenger: Hausten er her igjen! Og med denne årstida kjem det vante haustutsalet som vi etter kvart verkar å ha fått som tradisjon i Osloskolen.

Eg repostar difor eit innlegg frå i fjor, for det er dessverre like aktuelt i år:

Så er september her, og det store haustutsalet i Osloskolen er i full gang igjen. Stadig kjem det nye elevar inn i klassane våre, medan andre forsvinn til andre skular – og nokre av dei kjem til og med tilbake att. I praksis vil dette seie at skuleåret ikkje kjem skikkeleg i gang før 1. oktober. Kvifor har det blitt slik? Og kva er det som er så spesielt med akkurat den datoen?

For å svare på det, må vi sjå på kombinasjonen av fritt skuleval og stykkprisfinansiering, og dei utilsikta konsekvensane dette får for oppstartinga av skuleåret.

read more »

Reklamer
september 12, 2012

Haustutsal i Osloskolen

av aneaarre

Så er september her, og det store haustutsalet i Osloskolen er i full gang igjen. Stadig kjem det nye elevar inn i klassane våre, medan andre forsvinn til andre skuler – og nokon av dei kjem til og med tilbake att. I praksis vil dette seie at skuleåret ikkje kjem skikkeleg i gang før 1. oktober. Kvifor har det blitt slik? Og kva er det som er så spesielt med akkurat den datoen?

For å svare på det, må vi sjå på kombinasjonen av fritt skuleval og stykkprisfinansiering, og dei utilsikta konsekvensane dette får for oppstartinga av skuleåret.

Dominoeffekt

Det «frie» skulevalet i Oslo kommune gjer at dei med best snitt har reelt fritt val, medan dei andre må velje frå den karakterhylla dei har hamna på. Det fører til at svært mange skular i Oslo må ta inn elevar som eigentleg ønskjer å vere ein annan plass. Dette får konsekvensar langt ut i skuleåret.

Les òg: Fritt skolevalg, enkjønnede skoler

Sjølv om ein skule, t.d. Skule B, har mange søkarar per plass, vil den høgst sannsynleg måtte ta inn svært mange som eigentleg hadde Skule B som andre- eller tredjeval. Grunnen er at elevar som akkurat ikkje hadde godt nok snitt til å kome inn på førstevalet sitt, Skule A, hadde godt nok snitt til å kome inn på Skule B og dermed utkonkurrerer mange som hadde Skule B som sitt førsteval. Ifølgje Utdanningsetaten fekk 78,3 % av elevane i Oslo tilbod om det programområdet og den skulen dei hadde som førsteønskje for vidaregåande denne hausten (merk: dette gjeld søknad til alle tre åra – om nokon har tala berre for vg1 så må de gjerne dele dei). Det betyr at ein heil del startar ein annan plass enn dei eigentleg ville, og mange ønskjer difor å byte viss og når høvet byr seg. Og dette høvet burde sjølvsagt elevane ha; problemet er at eitt enkelt byte skaper rørsler gjennom heile systemet.

read more »

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom