Fråværsdebatt med fråvær av dei verkelege spørsmåla

av aneaarre
Når elevar ikkje møter på skulen må vi spørje kvifor før vi foreslår ein kur.

Problem: Undom vil ikkje møte på skulen. Løysing: Vi lagar ein ny paragraf.

Fråværsgrense eller ikkje fråværsgrense – det er visst spørsmålet. Den same debatten hadde vi seinsommaren 2012. Eg kan ikkje sjå at debatten har kome inn i noko meir konstruktiv lei sidan sist. Eg opplever at vi på nytt diskuterer symptom i staden for årsak, og at tiltaka som vert foreslått, berre vil skjule dei verkelege problema.

Da eg skreiv om fråvær sist («Fråvær i vgs»), meinte eg at det ville vere ei falitterklæring å be KD og Udir om å sette ei fråværsgrense. Eg trur eg meiner det framleis. For viss vi meiner at den einaste måten vi kan få elevar til å møte på skulen på, er å true dei dit, da bør vi gå litt i oss sjølve. Tida er overmoden for å ta nokre diskusjonar som er mykje større enn kor ei tilfeldig talgrense skal settast.

For når elevar ikkje møter på skulen, må vi spørje kvifor før vi foreslår ein kur. Grovt sett kan vi kanskje dele desse elevane inn i to store, og riktignok samansette, grupper: Det er dei elevane som nesten aldri møter uansett, og så er det dei som møter når det passar dei og når meiner at dei har noko å tene på det.

Den andre gruppa er dei vi ofte kallar strategane. Idet vi tar eit slikt ord i bruk, bør vi stille oss spørsmålet om vi ikkje har eit unytta handlingsrom. For viss elevar opplever det som føremålstenleg å berre møte til nokre utvalde vurderingssituasjonar, da har vi truleg også ein skule som når andre mål enn dei vi hadde tenkt. Har vi kome i ein situasjon der vitnemålet er det einaste målet? Har vi blitt så drilla i fullføre-og-bestå-rutinen at vi og elevane våre har lært for mange snarvegar til vitnemålet? Og står det i vegen for at vi ikkje når dei eigentlege føremåla med opplæringa?

Når det er mogleg å ta eit lite skippertak i siste liten, og møte opp til ei enkelt vurdering for å få karakter i eit fag, ja da er ikkje vitnemålet lenger eit mål på det det burde vere: eit mål på i kva grad elevane har evne til å lære. Når det å lære å lære er målet, vert vurdering først og fremst er eit verktøy for læring, og altså ikkje noko ein er tent med å skulke unna. Eg trur vi må argumentere snarare enn å sanksjonere, og vere glade for at vi har barn og unge som ikkje følgjer systema våre berre fordi vi har sagt at dei skal det. Vi må overtyde elevane om at det viktigaste dei lærer på skulen er å lære. Og at det krev tid og at det krev samhandling – ja, at det krev at ein er tilstade.

Den andre gruppa elevar er det tyngre å handtere. Det er ikkje dei som ikkje møter fordi dei ikkje vinn på det, det er dei som ikkje møter fordi dei for ofte opplever å tape på det. Det er dei elevane som slit med ting som fråværsgrenser ikkje kan løyse. For mange av desse verkar ikkje skulen relevant, og kanskje er den heller ikkje det i dagens form. Nokre av desse må vi halde fram med å hjelpe slik vi gjer i dag ved å samarbeide med instansar med kompetanse som den vanlege lærar ikkje har. Men vi bør òg tørre å stille spørsmål ved om alle dei elevane som aldri møter, skulle møtt i første omgang. For har vi verkeleg laga ein vidaregåande skule som vi kan vente at alle skal fullføre på normert tid? Eg trur ikkje det. Eg trur ikkje at vi i dag klarer å gi alle elevane våre dei tilboda dei er mest tente med. Det er eit ansvar vi ikkje kan skrive frå oss ved å sette ei prosentgrense bak ein paragraf.

Oppdatering: 
Torsdag 20. mars seier Røe Isaksen til Aftenposten at han vil  starte arbeidet med å innføre ei fråværsgrense.

Advertisements

5 kommentarer to “Fråværsdebatt med fråvær av dei verkelege spørsmåla”

  1. Dette sier kunnskapsministeren

    - Vi vil presisere og tydeliggjøre hvilke muligheter lærere og skoler har til å slå ned på fravær med dagens regelverk. Det finnes for eksempel muligheter for å la være å gi karakter eller sette elevene ned i orden og oppførsel.

    Når hans departement har tydeliggjort dagens muligheter, vil lærere og kunne slå ned på fraværet. Om slaget blir så hardt at fraværet nærmer seg null, det tviler jeg på. Det ingen bør spørre om er, skal stort fravær går på orden eller oppførsel? Og jeg håper ingen lærer skriver om hvor lite det skal til for å få en to-er i dagens «alle-skal-gjenom-skole.»

  2. Hei, Kjell Arild! Eg er usikker på om eg forstår dei to siste setningane – har du lyst til å utdjupe litt? Dumt viss eg misforstår.
    Om du meiner at ingen lærar bør skrive det eller ei: eg er nok av dei som meiner at to-arar har fått for liten verdi i ein del fag. Eg skulle òg ønskje at det fanst eit mål i skulen på arbeidsinnsats, oppmøte, bidrag til læringsfellesskapet osv., rett og slett fordi det vert utruleg viktig vidare i livet og burde få uttelling på eit vis. Kanskje burde ein oppførselskarakter spegle det i større grad, eller kanskje burde den type kompetanse i større grad målast gjennom faga på eit vis? Usikker her…
    I det heile tatt er det mange ting eg er usikker på om eg meiner i denne debatten. Men at ministeren vår angrip problemet på feil måte, det trur eg at eg står for – enn så lenge.

  3. No slår eg på nynorskordlista. Då må eg tenkje før eg skriv. Eg er glad i fleip og ironi, men veit vel at det ikkje høver så godt i diskusjonar.

    Torbjørn Røe Isaksen meiner vi har verktyet (ikkje vurdering og «nedsatt orden/oppførselskarakter»). Det er berre vi som er så klønete til å bruke det. Helga Pedersen har kasta seg inn inn i debatten. «En som har 100 prosent oppmøte må belønnes bedre enn en som møter for eksempel 60 prosent, sier Pedersen (til vg)»

    Møglestumodellen med ei 15% grense var bygd på ei positivt på på elevane. Nokre timar kunne eleven sjølv råd over. Men så sparka kunnskapsdepartementet kråkfot: «Departementet gjør oppmerksom på at slike ordninger er i strid med gjeldende regelverk.»

    Så du kan drøyma, Ane, om ein skule der arbeid, flid og oppmøte vert sett på som ønskjeleg. Du må sjå om du finn noko om det i gjeldande regelverk.

  4. Eg har ei kanskje litt for naiv tru på forventingar, for eg trur det er rett at vi har verktøya, men at vi ikkje klarer å bruke dei skikkeleg.

    SINTEF laga ein rapport om temaet i 2012 som er interessant lesing: «Holdninger til fravær og nærvær i skole og arbeidsliv»

    Nokre utdrag:

    «Når det gjelder det relativt ensartede fokuset på fravær som nå finnes både i skole- og arbeidsliv, vil vi igjen påpeke viktigheten av å fokusere på de faktorene som faktisk fremmer nærvær, som skaper gode holdninger og motivasjon hos elevene (og arbeidstakerne). For mye fokus på reparasjon, heller enn forebygging, kan gjøre at man ikke ser skogen for bare trær.»

    «Basert på det vi har lært i dette prosjektet uttrykker neste generasjon ansastte «riktige» holdninger itl fravær. Det er lite som tyder på at arbeidslivet vil invaderes av en generasjon late unge arbeidstakere med lav moral, som synes det er akseptabelt å ligge hjemme på sofaen å motte penger fra NAV. Det framtidige arbeidsgivere imidlertid kan være oppmerksomme på, er at mange elever har opplevd praktisering av fraværsreglement og fraværsoppfølging i skolen som ikke alltid synes å være like konsekvent og systematisk.»

    «Sammenliknet med arbeidslivet synes fraværsoppfølging i skolen å være langt mindre systematisert – mye er opp til den enkelte skole og lærer.»

  5. Det er godt å bli minna på føremåla med opplæringa. § 1- 1 kan ein lesa fleire enn ein gong. Ofte tenkjer eg berre på kompetansemåla og har meir enn nok med dei. Du lager to grupper av elevane med minst nærvær. Eg er samd i den oppdelinga. Og tilpassa tiltak er vel ingen skule ukjend med. Men når politikara skal finne løysing på problem skulene slit med syns eg ofte det vert litt komisk.

    Kvar dag som går kjem mye program og digitale ting som elevar og lærarar kan nytte seg av for å nærma seg formålet med opplæringa. Ikkje alle kastar seg inn i den diskusjonen. Lærarar kan som mange andre ha heimekontor. Elevane kan teoretisk òg ha nytte av ikkje å vera på skulen. Eg har aldri hatt ein elev som har reist på ei lang reise i skuleåret. Men hadde eg vore så vaksen som eg er no, når er var 17 år, då kunne eg ha reist bort i 14 dagar. Brukt LMS-en til å vera halvt med i klassen, og ikkje minst utforska språket og kulturen i eit anna land. Men så vaksen var eg ikkje, men ein kan ikkje sjå bort frå, og eigentlig veit eg det, det er ungdommar som er små vaksne menneskje som kunne ha dratt nytte av ein slik fridom. Men ein treng ikkje reisa ein gong i dag, pc-en kan vera kjøretyet ein drar med til framande stader og opplever og lærer nye ting. Men då må ein endre på mykje i skulen om ein vil ha det slik.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

LP-modellen - læringsmiljø og pedagogisk analyse

en blogg fra Læringsmiljøsenteret for alle som arbeider med LP-modellen

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

ikt skole endringsledelse strategi organisasjonskultur

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: