#StemJa?

av aneaarre

Eg har forsøkt å få ned nokre tankar om den nye arbeidstidsavtalen ei god stund no. Men det er langt frå enkelt. Kvar gong eg har prøvd, har affekten styrt fingrane over tastaturet. For KS har provosert over lengre tid no, og årets oppgjer vart skuffande. Men for å vere ærleg, så er det måten vi lærarar har møtt resultatet på som har vekka mest kjensler. Eg trur det er fordi eg opplever at vi plutseleg har avslørt oss litt.

Om vi ønskjer meir tid til kvar elev så er det kanskje ikkje så ille at vi må vere på jobb medan dei er der?

Om vi ønskjer meir tid til kvar elev, så er det kanskje ikkje så ille at vi må vere på jobb medan dei er der?

For denne våren har både KS og fagforeiningane byta på å skyve elevane framføre seg for å nå andre mål: KS har sterke økonomiske insentiv, fagforeiningane har ansvar for arbeidstakarar med rett til gode arbeidsvilkår. Elevane sit ikkje ved forhandlingsbordet, ei heller gjer foreldra. Difor er det avgjerande at vi er ærlege på kven vi representerer, men i år er eg ikkje sikker på om nokon av partane har klart å vere heilt sannferdige. For det verker som vi ikkje klart å skilje to viktige ting frå kvarandre: arbeidslivspolitikk og profesjonsspørsmål. Det er dessverre ikkje slik at det beste for lærarane eller den kortsiktige kommuneøkonomien alltid er det beste for elevane.

Vi lærarar har lenge argumentert for at vi treng meir tid til kvar elev. Og vi har meint at vi ikkje kan utvide arbeidsåret vårt fordi det er viktig at vi er på skulen når elevane våre er der. I den argumentasjonsrekka har eg aldri heilt klart å plassere den store frykta for meir arbeidsplassbunden tid.

Av alle ting vi kunne mista denne våren så er dette truleg det «tapet» som elevane våre kan vinne mest på. Og vi òg – om vi bestemmer oss for det.

For KS har rett i éin ting: Noko av det viktigaste vi kan gjere for å løfte kvaliteten i skulen framover er at vi arbeider meir kollektivt. Vi klarer ikkje å skape lærande organisasjonar viss vi sit i kvar vår stove og arbeider.

Eg håpar kritikken til oss som i utgangspunktet er litt skeptiske til ein mindre fleksibel arbeidsdag, vert gjort til skamme. For om vi nyttar den nye avtalen rett, så vil utviklinga vår som profesjon overskygge det at vi må vere på jobb i normal arbeidstid, og slik gjere at vi rekrutterer og held på fleire – ikkje færre – lærarar. Eit teikn på at vi gjer dette rett, vil vere at vi ikkje lenger har det same behovet for å sitte einsame og uforstyrra over store rettebunkar eller med for- og etterarbeid, fordi vi i stadig større grad er saman om dette arbeidet.

Setninga som har fått mange til å sjå raudt.

Setninga som har fått mange til å sjå raudt.

Men det er ein del føresetnader som må på plass for at vi skal få til dette. Og eg trur KS startar i heilt feil ende når dei tvingar gjennom 7,5 timar arbeidsplassbunden tid. For det at vi er til stade, vil ikkje i seg sjølv føre til utvikling. Ein burde heller starta med å spørje kva den utviklinga vi ønskjer, fordrar. Svaret, slik eg ser det, er fagleg og pedagogisk skuleleiing og gode lærarkulturar for læring. Firkanta frå-toppen-og-ned-ordningar som det eit 7,5 timars krav fort kan bli, er eit dårleg grunnlag for slik kulturbygging.

Eg trur reaksjonane på årets oppgjer vitnar om at vi i alle fall har tre heilt sentrale problem å ta tak i: Det eine er at det openbart er ein del mistillit på fleire nivå i skulesystemet vårt. Det andre er at vi lærarar tydelegvis ikkje møter nok av den skuleleiinga som er ein føresetnad for vidare utvikling av skulane som kollektivt lærande organisasjonar. Det tredje er at vi nok ein del stader ikkje har den fellesskapskulturen vi burde ha rundt læringsarbeidet vårt. For hadde vi hatt desse tre tinga, så hadde vi ikkje reagert slik vi no gjer.

Litt forenkla verker det som vi står mellom to val: Det eine er å gjere det ein del oppmodar om: Stemme nei ved dei komande uravstemmingane for så å melde seg ut viss ein er organisert i Utdanningsforbundet. Men kven tener på slik profesjonsinitiert fagforeiningsknusing? Ikkje eingong KS gjer det. Eg trur vi alle er tente med at dei som vil vere organiserte ein stad, også er dei som meiner noko om i kva retning organisasjonen skal gå. Stemmer vi nei må vi ha mot til å stå i det og gjere det beste ut av den situasjonen det eventuelt fører oss ut i. Og for å vere kanskje litt for ærleg: Eg har lite sans for at Norsk Lektorlag og Skolenes Landsforbund går ut og demonstrerer slik dei har gjort til no. Det kan dei berre gjere fordi dei ikkje har og vil ta det ansvaret som Utdanningsforbundet gjer. Vi treng gode fagforeiningar – for utan dei hadde vi verkeleg ingenting. Samla vert vi ikkje sterkare ved å svekke kvarandre.

Alternativet til sjølvskading er at vi bestemmer oss for å sørgje for at denne arbeidstidsavtalen vert til noko godt. Men da må vi vere innstilt på samarbeid og å møte leiarane våre med den tilliten vi venter dei skal ha til oss. Vidare må vi gå inn i konstruktive partssamarbeid og krevje av KS at dei følgjer opp avtalen dei har ønskja. Skal dei nå intensjonane dei gjekk inn i dette med, må vi til dømes ha gode nok arbeidsvilkår. Og, kanskje viktigast av alt: Vi må forvente ei målretta utvikling av leiarar som tenker innhald før dei set rammer, slik at tida vi har saman vert meir utbyterik enn om vi sat kvar for oss.

Vi bør møte KS sine litt for rigide rammekrav med tydelege og faglege krav til kva desse rammene skal fyllast med. Eg trur det er dags at vi skiftar fokus i arbeidstidsdiskusjonen. I staden for å nytte krefter på å diskutere når og kor, bør vi no gå over til å snakke om kva vi skal arbeide med og korleis. Det kunne vi sjølvsagt håpa hadde prega avtalane som mange lærarar no skal arbeide under. Men om vi er den profesjonen vi hevdar å vere, så er ikkje det for seint.

 

———–

Eit par ting det kan vere greitt å vite: Eg jobbar i Oslo kommune, og der vil eg meine at ein har vist meir klokskap i forhandlingane om arbeidstidsavtalen enn i KS-området. Men som vestlending ser eg for meg at eg skal heimover og ut i KS-området på sikt, så difor angår dette oppgjeret også meg. Og strengt tatt så angår vel diksusjonen om korleis vi skal forvalte skulen sin nest viktigaste ressurs (lærarane si tid) alle. Det kan òg vere greitt å vite at eg er varatillitsvald på skulen min. Men det eg skriv her er fullt og heilt for å rydde i og dele mine eigne tankar.

Advertisements

9 Responses to “#StemJa?”

  1. Jeg er veldig enig i det du sier om at måten lærere møter denne avtalen på sier mye om læreres (manglende?) felleskapsskultur og delingskultur. På meg virker det som om KSs provokasjon i vinter, utspillet om at lærere skulle sitte på kontorer om sommeren, har satt så sterke spor hos så mange at kravet om 7,5 timers tilstedeværelse har blitt dråpen. Det som er synd er at mange kaster seg på tastaturer og går i krig mot KS, skriver opp og ned i mente om hvilken arbeidsdag vi nå møter og at alle må stemme NEI!, mens de samtidig sier at de stort sett er på skolen 7,5 timer hver dag.

    Mange roper, som du sier, om at det er manglende tillit til lærere, men samtidig blir enhver rektor mange steder nå framstilt som den onde håndtlangeren til KS som kommer til å lenke hver lærer til arbeidspulten i presis 7,5 timer hver dag og derved kvele all kreativitet. Man skulle tro at a) en lærer er i stand til å jobbe på skolen i skoletiden (det er alltid forefallende arbeid som må gjøres, og jeg ser ikke mye kreativitet i mye av det), og at b) enhver rektor er opptatt av å lage en god skole i samarbeid med lærerstaben sin. Så lenge avtalen åpner for individuelle tilpasninger må man vel ha tillit til at det går an å finne løsninger som er til det beste for elevene.

    At man kan velge å dra hjem for å arbeide på et annet tidspunkt er et gode i læreryrket, men jeg vil tro det skal gå an å lage bra skole selv om vi er pålagt å være på skolen i skoletiden.

    Jeg skal ikke påstå at jeg har veldig god kjennskap til avtalen slik den foreligger, men jeg er forundret på at det er 7,5 timers tilstedeværelse som folk hisser seg opp over og at det ikke er delen som omhandler at lærere kan bli pålagt å ta vikartimer for så å få dårligere betalt. Det er den delen av avtalen jeg liker dårligst, dersom jeg da ikke har misforstått alt.

    Og jeg er også forundret på at kommunene rundt omkring ikke protesterer vilt, med tanke på at det er de som må koste lokaler som er egnet til å arbeide i.

  2. Tror nok ikke det er 7,5 timers arbeidsdag som det reageres på. Det riktige grunnene kommer bare ikke frem:
    1. Å miste fleksibiliteten slik at man kan følge opp arbeidsårets bølgedaler når det kommer til arbeidsbyrde/ mengde. Arbeidsmengden er ikke jevnt fordelt utover et skoleår!
    2. Trenden i samfunnet er vel større grad av fleksibilitet for arbeidstakere. Hvorfor skal lærerne gå andre veien?
    3. At man nå bare får 50% overtidsbetaling for vikartimer – som da arbeidsgiver kan pålegge lærerne.
    4. At lærerne har mister lettelsen i arbeidet sitt når de blir seniorer.
    5. Hvor mange arbeidstakere har tvungen arbeidstid og avspassering…..??? Bare en liten tanke på slutten! Jeg har gjerne kunne tenkt meg å ta ut litt avspassering i november da prisene for sydenferie er mye lavere…

    Synd at ikke alle setter seg inn i hva denne avtalen innebærer, og synd at fokuset blir på at lærerne syter over 7,5 timers arbeidsdag.

    • Takk for presiseringen din Hege!

    • Har kommenterte kommentaren din tidlegare, Hege. Men eg ser eg gjorde det i ein ny tråd (under).
      Etter å ha lest UDF si forklaring av endringane i overtid/vikartimar er eg ikkje lenger sikker på at eg er så negativ til denne delen heller. Eg trudde først at rektor sitt høve til å pålegge oss vikartimar var endra, men det er det visst ikkje. Ja, vi har framleis tapt litt økonomisk på dette området, men det er ikkje heilt urimeleg å trekke oss for arbeid vi faktisk ikkje gjer. Føresetnaden er jo at det ikkje er arbeid vi uansett må gjere på eit vis. Som lærarar er det ofte meirarbeid å ikkje vere til stade. Vi veit jo t.d. korleis det er å ha vikarar i eigen time – det krev ofte meir arbeid enn om vi berre tok timen sjølv.

  3. Ragnhild: Veldig samd i alt du skriv. Og ja, det forundrar også meg at ikkje ein større del av reaksjonane er retta mot vikartime-ordninga. Når det gjeld det siste poenget ditt så er det vel positivt at ingen kommunar no kan protestere på at vi med enda større rett stiller krav til utforminga av arbeidsplassane våre.

    Hege: Eg er heilt samd i at det er andre ting i forslaget som ein med rette kan reagere på. Dessverre er det dei 7,5 timane som har fått mest fokus – det trur eg er lite heldig.

    Eg får lyst til å kommentere punkta dine punkt for punkt:
    1: Du har heilt rett i at arbeidsåret vårt går i bølgetoppar og -dalar. Men vi har vel framleis 6 timar i veka vi kan nytte til å flekse med?
    2: At mindre fleksibilitet går mot samfunnstrenden er heilt rett, og eg meiner jo at det er eit dårleg forslag av KS.
    3: Når det gjeld vikartimane er det vel ingen tvil om at vi har tapt noko i år.
    4: Viss eg skal vere heilt ærleg så er eg ikkje sikker på om eg ser det store problemet i at ein må undervise 100 % når ein er 55 år gammal. Så når ein kjem til det punktet at ein må prioritere kva pengane og tida skal gå til, så tenker eg at dette kanskje ikkje er så gale. Men her er eg veldig open for at det er noko eg ikkje heilt forstår og kanskje ikkje vil forstå før eg sjølv kjenner på den alderen.
    5: Den der tvungne avspaseringa er vel ein konsekvens av vårt eige ønskje om eit komprimert arbeidsår der vi er på jobb når elevane er der – eller? Når det er sagt så har eg allltid lurt på om vi nokon gong ville kome på å gå motsett veg. Altså: frå eit normalt til eit komprimert arbeidsår. KS burde vere glade for at det er noko vi sjølv ønskjer oss…

    Det er vel ingen som har prøvd å påstå at dette tariffoppgjeret er noko vi bør juble over. Men eg meiner altså at det heller ikkje er så gale at vi bør gå til streik.

  4. Jeg er ikke helt enig i at det er de 7,5 timene som har fått mest fokus blant lærerne selv. Det er ikke det som er det verste med denne forferdelige avtalen. Det er etter min mening media som har fokusert mest på timeantallet, hvilket jeg jo kan forstå fra et mediesynspunkt. Det høres unektelig rart ut at vi skal reagere så voldsomt på timeantallet all den tid vi – med noen unntak – er så mye på skolen uansett. Sutrete og merkelige lærerreaksjoner = salgbart for mediehusene!

    Det verste for meg er den utrolige mistilliten som skinner igjennom med det kontrollbehovet det legges opp til. Det er særs demotiverende å føle at skoleeier ikke synes jeg gjør en god nok jobb eller at jeg ikke gjør jobben min hvis jeg ikke er ved pulten min, på møter eller i samarbeidsgrupper, eller det at skoleeier ikke tror jeg samarbeider med kolleger både ved min skole og ved andre skoler hvis ikke de ser at jeg gjør det. Avtalen dreper lysten min til å gjøre det lille ekstra som jeg for min del er avhengig av for å kunne skape god undervisning, både alene og i samarbeid med andre. Det som gjør at jeg orker å bidra utover det vanlige med det sosiale miljøet på skolen, både blant elever og lærere. En firkantet avtale (og ullen! Det er godt gjort å lage en avtale som er begge deler.) som skinner igjennom av mistillit vil avle firkantede lærere som vil legge fra seg alt gratisarbeid man tidligere har bedrevet. Hvorfor skal jeg yte mer når jeg ikke får noen insentiver til å gjøre det? Ikke ETT eneste punkt i arbeidstidsavtalen har gitt meg lyst til å gjøre en enda bedre jobb, kanskje med unntak av at nye lærere (kan, muligens, hvis rektor finner det for godt?) få lettere arbeidsbyrde.

    I tillegg til det må vi se fremover. Har vi noen som helst grunn til å tro at det stopper med denne avtalen? At fra og med i år vil det snu og bli bedre arbeidstidsavtaler ved neste korsvei? At lønnsoppgjøret neste gang vil bli bedre for å tette gapet (årets lønnsoppgjør kan se greit ut isolert sett, men kommunene sparer inn dette på senkede vikarutgifter). Argumentene med at rektor også er ute etter en god skole og et fornøyd kollegium tror jeg på. Rektorene jeg har vært i kontakt med vil det beste for sine ansatte og for sine elever. Men vi kommer ikke bort ifra at rektor svarer oppover i systemet, til kommuner og fylkeskommuner med presset økonomi. Fylkeskommunale (og kommunale?) rektorer sitter (såvidt meg bekjent) på åremålsstillinger. Legger man de to sammen sier det seg selv at rektor blir tvunget til å spare inn der han/hun kan, feks på vikarutgifter, og ved neste arbeidstidsavtale går man kanskje løs på leseplikten som i Danmark? En perfekt måte å kompensere for den nåværende og økende mangelen på kvalifiserte lærere! Når skal vi si stopp? Når skal vi snu trenden?

    At det ikke vil bli voldsomme endringer på alle skoler over natta, hvor alle blir lenket til skolen 7,5 timer hver dag, tror jeg de fleste lærere skjønner, og denne lenkinga er ikke så ille all den tid de aller fleste lærere uansett er på skolen så lenge. Men pila peker etter mitt skjønn i helt gal retning, og det er på tide å si ifra. Ikke gå duknakket med lua i hånda tilbake til verdens beste jobb med enda litt dårligere arbeidsbetingelser. Jeg får dessverre ikke stemt selv siden jeg er medlem av en annen fagforening, men oppfordrer alle utdanningsforbundets medlemmer til å stemme nei.

    • Eg likar ikkje trenden eg heller. Og dei første forslaga frå KS gjev oss grunn til å vere veldig på vakt. Men når vi stemmer tenker eg at vi bør ta stilling til årets faktiske forhandlingsresultat, og eg klarer ikkje å sjå at det gjev grunnlag for streik.

      Når det gjeld dei nyutdanna så har eg forstått UDF slik at det er ein rett den enkelte har, og altså ikkje noko som er opp til kvar enkelt rektor. (Vi spurde @Utdanningsf på Twitter den 27.05 og fekk dette til svar: «De har krav på 6 % mindre undervisning, så om de ønsker 6 % mindre, skal de få 6 % mindre.»)

      Til det du skriv først: Det er veldig vanskeleg å skaffe seg eit representativt bilete av kva vi lærarar eigentleg har hatt mest fokus på sidan resultatet var klart. Mitt klare inntrykk er at det er dei 7,5 timane, men eg håpar jo at det ikkje stemmer. Men det må vel finnast nokre digitale verktøy som kan gi eit bilete av dette. Eller? Det hadde vore veldig interessant med eit lite studium av alle oppslaga den siste veka, for å sjå kor vekta faktisk ligg.

  5. Mange gode og kloke tanker. Et tema jeg savner i debatten er: må arbeidstidsavtalen være lik i hele utdanningsløpet 1-13? For meg er det forskjell på vgs og u- skole ( jobber i begge skolelag). Altså, mindre bundet tid jo høyere en kommer i utdanningsløpet.

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: