Mot einpartssamarbeid i skulen?

av aneaarre
GMH3

Elevar, føresette og folket generelt er ikkje part når det skal forhandlast om den viktigaste ressursen i skulen (lærarane si tid). Om KS og Gunn Marit Helgesen får det som dei vil, så er snart ikkje lærarane det heller.

Det er mange ting eg har ønskja å seie om lærarane si arbeidstid. Men eg har slitt med å få noko konstruktivt ut av tankane mine, for eg vert så eitrande forbanna kvar gong eg tenkjer på det. Men det er éin særskild ting eg kjenner eg må tenke litt høgt rundt:

Burde vi ikkje eigentleg berre overføre forhandlingsretten tilbake til staten? Det er mogleg at det er ei rekke gode grunnar til at vi ikkje burde det, men det er særleg éin årsak til at eg meiner at dette i det minste er eit rimeleg spørsmål å stille. Årsaka er enkel: KS kan no, med rette, hevde at elevar, føresette, folket og med det våre folkevalde, ikkje er partar i saka når det kjem til korleis vi skal forvalte den viktigaste ressursen i skulen (sett bort frå elevane sjølve): lærarane si tid. Det er over mi fatteevne at vi har klart å lage eit system der Gunn Marit Helgesen har rett når ho seier at lærarane si arbeidstid er ei sak mellom partane i arbeidslivet, og at andre med det pent får halde munn. For i denne saka er elevane, føresette og heile folket part.

Vi snakkar om den gongen i 2003 da Clemet sveik lærarane.[3] For meg er det no blitt tydleg at ho sveik heile skulen. For arbeidstidsforhandlingane denne våren er eigentleg ikkje eit spørsmål om lærarane si arbeidstid, eller når dei skal og ikkje skal avspasere. Det er eit spørsmål om kor mykje tid vi ønskjer at lærarane skal få bruke saman med elevane. Slik sett er det like mykje ein elevtidsavtale som ein arbeidstidsavtale for lærarar KS ønskjer å teikne. Eg har ikkje lenger tillit til at KS klarer å ta det ansvaret som ligg i at alle dei skulen er til for, ikkje er part i denne saka.[1]

KS har starta dette i feil ende. Skulle vi opna for å diskutere eit utvida arbeidsår for lærarane, måtte vi først tatt diskusjonen om utstrekninga av skuleåret. Det er mogleg at det kunne blitt ein fruktbar diskusjon, men at KS starta i den enden dei har gjort, seier alt vi treng å vite om deira motivasjon for å endre lærarane si arbeidstid: Dei set økonomi framføre elevtid. KS må ta innover seg at forslaga deira påverkar langt fleire enn dei dei som sit ved forhandlingsbordet. Viss ikkje er dei ikkje forhandlingsansvaret verdig, og bør seie det frå seg.

Kva er hovudmotivasjonen bak KS sine forslag?

Kva er hovudmotivasjonen bak KS sine forslag?

Ok. Ein liten ting til: Det andre ved KS sitt forslag som rett og slett gjer det heile forkasteleg, er at dei så openbart vel å vise sin mistillit. I praksis foreslår dei å ta frå også lærarane forhandlingsretten.[2) Det er ikkje berre mistillit til den viktigaste ressursen i skulen, det syner òg ei fullstendig manglande forståing for kva som byggjer ein god skule: nemleg samarbeid mellom dei som er i den.Vi har ein interesseorganisasjon for kommunane som meiner at ein kan lage ein god skule utan å samarbeide, utan å la reelle partar få uttalerett og utan tillit til dei som skal gjere jobben. Forvalting av ressursar i skulen er vel sanneleg ikkje berre eit spørsmål om kommunane sine interesser – det er eit spørsmål om nasjonen sine. Det er ikkje rart at mange lærarar tenker at KS sine forslag vil skape ein skule dei ikkje vil arbeide i. For min del vert det berre enda tydlegare kor viktig det er at vi lærarar blir der vi er. For utan lærarane kjem dette til å gå åt skogen.

—————–

[1] Eg veit dette er sterke ord. Dei er nytta med overlegg, for eg trur eg står for dei. KS driv mykje viktig arbeid, og eg er ofte glad dei er tilstade for å minne alle sektorane om at det finst fleire sektorar som treng sin del av ressursane.
[2] Frå KS sitt krav nr. 2:«Undervisningsomfanget fastsettes på den enkelte skole etter drøftinger.» Såkalla drøftingar betyr at rektor i praksis har rett til å bestemme alt.
[3] Her høyrer det med at Arbeiderpartiet var meir enn medskuldige. Takk for påminning og korreksjon, @krankleikr!

Advertisements

One Trackback to “Mot einpartssamarbeid i skulen?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: