Motivasjon, meistring og moglegheiter. Eller matte, matte og meir matte?

av aneaarre
Kva treng vi? «Motivasjon, mestring og muligheter», eller matte, matte og meir matte?

Kva treng vi? «Motivasjon, mestring og muligheter», eller matte, matte og meir matte?

Anniken Hauglie ønskjer at partifelle Røe Isaksen skal gi Osloskulen lov til å erstatte valfaga med matematikk. Eg har eigentleg aldri vore nokon stor tilhengar av valfaga, til tross for at eg er veldig glad i å undervise i dei (for andre året har eg to grupper i forskning i praksis). Årsaken til at eg ikkje har hatt sansen, er at eg meiner at utfordringa med lite motivasjon i ungdomsskulen ikkje lar seg løyse gjennom eitt fag på 90 minutt i veka som skal vere praktisk og variert. Det er heile opplæringa som må bli meir praktisk og variert, og da burde vi heller bruke dei 90 minutta til å styrke dei andre faga. I staden har altså elevane fått enda eitt fag på timeplanen, enda ein lærar dei skal lære å kjenne, enda ei gruppe dei skal finne set til rette i og enda ein karakter på vitnemålet. Mi oppleving er at skulekvardagen ofte er svært fragmentert, og valfaga bidrar berre ytterlegare til det.

Når eg likevel er heilt usamd i Hauglie si vurdering av at valfaga bør erstattast med matematikk, er årsaken den at ein strengt tatt ikkje kan kalle det ei vurdering. For vi har på ingen måte hatt tid til å evaluere valfaga enda, og skulane treng altså meir enn eitt og eitt halvt år på å gjere fag tilstrekkeleg gode til at det gir meining å evaluere dei.

Vi er alle einige i at vi gjerne skulle sett betre matteresultat på både nasjonale og internasjonale testar. Men Norge ligg allereie på snittet i OECD og Norden når det gjeld talet på matematikktimar.[1] Kanskje er det ikkje meir av det same vi treng. PISA [2] viser at i matematikk har norske og nordiske elevar ein relativt sterk instrumentell motivasjon samanlikna med OECD-snittet, og i Noreg er elevane mindre drivne av indre motivasjon enn både snittet i OECD og i Norden. Det er tydleg at vi gjer eit eller anna litt feil. Kva om vi heller nytta valfaga til å styrke alle faga, matematikk inkludert? Det er ingenting i vegen for å oppmode Oslo-skulane om å nytte desse 90 minutta i veka til å gjere andre fag meir praktiske og varierte. Det finst mange måtar ein kan gjere dette med gode lokale tilpassingar.

Så her kjem eit lite hjartesukk Anniken Hauglie: Det er nok som endrar seg i skulen som det er. Vi treng ikkje politikarar som ber om endringar før den førre endringa faktisk har ført til reell endring. Ein kan seie og meine mykje om valfaga, men dei gjev oss eit etterlengta fagleg spelerom som vi ikkje har fått tid til å dra nytta av skikkeleg enda. Om du vil, må du gjerne foreslå nokre retningar for utviklinga, men gi oss samstundes litt tid til å gi dette eit ærleg forsøk. For sjølv om eg har vore skeptisk heile vegen, så trur eg desse valfaga gjev oss høve til å nå nokre viktige mål, som vi ikkje klarer å nå like lett utan. Valfaga har nemleg mål som at elevane skal utvikle kompetanse i å samarbeide, kommunisere, kritisere og forbedre; kort sagt legg dei vekt på prosess og ikkje berre produkt. Skal vi tru OECD så er det denne typen kompetanse samfunnet kjem til å trenge framover. Så kan ein seie at desse måla kunne vore lagt inn i dei «ordinære» faga, og kanskje ha rett i det. Men la oss heller tar det på litt sikt. Akkurat no treng vi berre litt arbeidsro.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: