Ane Krogsæter Aarre

av aneaarre

Litt om meg:

Eg trur verkeleg eg elskar livet som lærar. Men sidan min første lærardag er det ein ting eg har sakna: dei idealistiske, visjonære og omstendelege diskusjonane vi stadig hadde i dei litt for mange og lange kaffipausane våre på Blindern. Eg opplever at vi der utvikla ei form for kompetanse som no i for lita grad kjem til sin rett. Det er den kompetansen eg har valt å kalle kaffikoppkompetanse: kompetansen til å sette seg ned med ein kopp kaffi, legge frå seg forskrifter, rundskriv, direktiv frå kommunen, osv., og verkeleg diskutere eit emne til botnen; kompetansen til å ikkje berre snakke om korleis vi skal gjere noko, men til å spørre kvifor og om vi i det heile skal gjere det.

Det er sjølvsagt ikkje slik at lærarar ikkje ønskjer eller ikkje er i stand til å ta desse diskusjonane, og frå tid til anna tar vi dei sjølvsagt. Men alt for ofte kjem vi i tidsnaud og har rett og slett ikkje tid til lange og vide drøftingar. For i skulen er det alltid tid for handling. Men det er ein vesentleg skilnad på handling og samhandling. Eg trur mykje kompetanse går ubrukt fordi vi i for lita grad handlar saman, og at årsaken er at vi i for lita grad tenkjer saman. For skal vi samhandle må vi av og til samtenke. Men det krev tid, og tid er som kjent ei mangelvare i skulen. For læraryrket er verkeleg av det litt travle slaget. Det er utruleg mykje som skal skje samstundes og helst i går, og det er rett og slett ikkje tid til at vi kan tenke gjennom alt vi gjer til ei kvar tid.

Det eg saknar, er rett og slett tid og rom til å tenke litt meir. Lærarråd, på både på lokalt og nasjonalt plan, kunne gitt dette, og samstundes skapt eit meir demokratisk Skule-Noreg. Så difor er eg her på denne bloggen, fordi eg håpar at vi her kan skape eit lite tenkerom saman. Det kan sjølvsagt ikkje erstatte det som skal skje på lærarrommet, men kan vere eit tillegg der eg òg får tankar frå andre som ikkje er så fanga i den same praksisen som meg. Eg synest det er viktig at nokon tør å sette ord på tankane sine slik at vi saman kan tenke vidare på dei. Så det skal eg prøve på. Eg blir veldig glad for motargument og korreksjonar. Og så håpar eg at nokon tør og tar seg tid til å seie imot når fjellfjomen i meg kjem fram og tankane mine flyg litt for langt til fjells.

Tvitrar som @AneAarre
E-post: ane.k.aarre@gmail.com

Innlegg av Ane :

Når kongehuset meiner at vi ikkje strekk til (kronikk på NRK Ytring)
#StemJa?

Framovermeldingsgenerasjonen
Mot einpartssamarbeid i skulen?

Fråværsdebatt med fråvær av dei verkelege spørsmåla

Motivasjon, meistring og moglegheiter. Eller matte, matte og meir matte?
Difor mister vi nye lærarar
 (kronikk på NRK Ytring)
Karrierevegar – for den enkelte eller for fellsskapet? (innlegg i Utdanning)
Kva skal vi med Stortinget når vi har skulesjefar?
Udir kritiserer Oslo kommune sine utsegn om nivådifferensiering

Udir si vurdering av nivådifferensiering: ei vurdering av papir eller praksis?
Karrierevegar – for den enkelte eller for fellesskapet?
Manglande lærarperspektiv på nasjonale prøver
Mellom plikt og etikk
Nyutdanna og desillusjonert?
Gode lærarar lar seg vurdere
 (kronikk på NRK Ytring saman med Ida og Eivind)
Haustutsal i Osloskolen
Sertifisering av lærarar – nødvendig eller unødvendig?
Med rett til vidaregåande skule?
Fråværsdebatten når nye høgder
Første skuledag – som lærar (kronikk på NRK Ytring)
Første skuledag – som lærar (blogginnlegg)
Kvifor skal vi ha innsats i kroppsøving?
Fråvær i vgs

Advertisements

One Trackback to “Ane Krogsæter Aarre”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: