Om Lærerråd

Vår målsetting med bloggkollektivet Lærerråd er å skape eit rom å vende skuletankar i – for dei som er tettast på feltet. Vår erfaring er at skuledebatten altfor ofte vert dominert av politikarar, akademikarar, lærarorganisasjonane sine tillitsvalte og tilfeldige «synsarar»; og at dei som har skoa på – elevar, foreldre, skuleleiarar, lærarstudentar og, ikkje minst, lærarar – i langt mindre grad kjem fram i det offentlege ordskiftet.

Føremålet med Lærerråd er difor å bidra til den gode samtalen om skulen. I skjæringspunktet mellom politikk, akademia og praksis, håpar vi at vi kan bringe inn perspektiv i debatten som alltid har ei forankring på grasrota av profesjonsutøvinga, som tar læraryrket sine utfordringar på alvor, og som ikkje heng fast i abstrakt ideologisk tankegods, akademisk talmagi eller neste stortingsval. Difor har vi heller ikkje nokon ideologisk plattform eller programerklæring for denne bloggen.

Vi som skriv her, er alle tett knytt til den utøvande delen av profesjonen: nokre av oss er nyutdanna lærarar, nokre av oss studerer enda, nokre av oss er engasjerte i skulenære prosjekt; felles for oss alle er at vi er glødande interesserte i skule. Du kan lese meir om oss her.

Sjølvsagt ønskjer vi òg å få tilbakemelding frå dykk der ute. Vi veit at skule engasjerer, og vi veit at det er mange som i det daglege gjer seg tankar om sin eigen kvardag i meir eller mindre tett tilknyting til feltet – og som kanskje saknar ein arena for utløp for desse. Alle står fritt til å kommentere, så lenge dette vert gjort ved bruk av vanleg folkeskikk og -vet. Om du ønskjer å skrive eit vikarinnlegg, er det berre å sende oss ein mail.

E-post: laererraadet@gmail.com
Twitter: @Laererraad
Facebook: Lærerråd

Slik såg kanskje eit lærarråd ut; uansett, ein institusjon som har forsvunne frå skulen. Denne bloggen er vårt bidrag til å igjen gjere det interessant å ta lærarar med på råd.

Advertisements

3 kommentarer to “Om Lærerråd”

  1. Det er betenkelig at dette (av/for lærere?) har en grov språkfeil allerede i ord mummer 2 i sin egen presentasjon:
    «Vår målsetting med bloggkollektivet…). Målsetting er prosessen med å sette et mål. «Målsettingen med bloggkollektivet» er derfor en umulig konstruksjon, som lærere dessverre elsker. Når målsettingen er ferdig, har man et mål. Derfor må det stå: Vårt mål med bloggkollektivet…., eller noe sånt. Gjerne en omskriving, men mål, ikke målsetting. Ja,ja, da får jeg gå til setning nr 2, osv.

  2. Hei igjen Vidar, takk for ny god språkkommentar (skal svare på den om «enn så lenge», men har vært et rått eksamenskjør de siste dagene).

    Jeg er med på logikken din, men kan ikke «målsetting» brukes i begge de aktuelle betydningene her, altså både prosessen med å sette et mål, som du sier, og målet i seg selv? Det er slik jeg leser denne artikkelen fra Bokmålsordboka: http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=m%E5lsetting&bokmaal=+&ordbok=bokmaal

    Eller er det jeg som leser feil?

  3. Eg òg likar å finna feil hjå andre. Og når eg no skriv på nynorsk veit eg at mange norsklærarar etter kvart vil finna litt å flira av. Det skal så lite til for å gleda dei – norsklærarane, veit eg. Sjølv finn eg det morosamt med kommentarar som peikar på feil og så sjølv gjer feil. Livet som feilfri er eit farleg liv. Kvifor må ein vera feilfri og aldri trykke på nabotasten?

    Kan ikkje Vidar skriva om teksten utan grove språkfeil? Det er jo det som er det fine med bloggar. Dei gjer nettdugnad så enkelt.

    Mål og målsetting er ikkje det same. Nokre sett mål for andre. Til dømes set lærarar mål for elevane. Mange gonger utan at elevane får høyre om det, men det er ein annan sak. Eg har sat meg som mål å skriva nynorsk utan feil. Eg har som målsettinga å skriva feilfritt på nynorsk. Tydar ikkje dei to setningane det same? Om eg kom i mål veit eg ikkje. Det får ein norsklektor finna ut av.

    Eg tykkjer det er viktig å verta forstått. Vart eg det?

    Elles vil eg leggja til eit spørsmål til kvifor krev ein meir riktig språkbruk av lærarar enn av andre?
    «Det er betenkelig at dette (av/for lærere?) har en grov språkfeil … «

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: