Etter at Utdanningsdirektoratet oppheva Fylkesmannen i Oslo og Akershus sitt vedtak om pålegg om å endre praksisen med meistringsgrupper på Kastellet skole, kunne ein gjennom media få inntrykk av at skulepolitisk leiing i Oslo tolka Udir sitt vedtak som at det no er fritt fram for nivådifferensiering i skulen. Dette inntrykket har også Udir fått, noko dei tilsynelatande er mindre nøgde med. Direktoratet har difor sendt følgjande presisering til Oslo kommune:
Det er verd å merke seg kva Udir seier at konklusjonen deira i Kastellet-saken er basert på, og eg meiner no å ha fått tydeleg svar på eit spørsmål eg har stilt før: Kva er det eigentleg Udir har gjort ei vurdering av i denne saka, «papir eller praksis?» Her er altså svaret papir: kva skulen og kommunen seier at praksis er. Det neste spørsmålet vert sjølvsagt: Burde vi ikkje heller sjå på korleis elevane (og deira føresette) til sjuande og sist opplever denne praksisen? For, som sagt tidlegare: Eg ville ikkje blitt veldig overraska om ordningane med meistringsgrupper rundt om i landet ser litt annleis ut for byråkratar på papiret enn dei vert opplevd av elevane våre i røynda.
Legg igjen en kommentar