Udir si vurdering av nivådifferensiering: ei vurdering av papir eller praksis?

av aneaarre

No har eg følgt denne debatten om nivådifferensiering i vel ei veke, og eg forstår framleis svært lite og sånn omtrent ingenting. Slik eg har forstått det, har Kastellet skole i Oslo fått medhald frå Utanningsdirektoratet om at praksisen deira med inndeling i meistringsgrupper etter «elevenes selvstendighet og arbeidsvaner, og hvordan de tilegner seg faglig kunnskap», er lovleg fordi dei jamleg evaluerer inndelinga. Dette har særleg Høgre framstilt som at Udir meiner at opplæringslova gir rom for inndeling av elevar etter nivå. Eg klarer ikkje å sjå at meistringsgrupper etter sjølvstende er det same som inndeling etter fagleg nivå, og vert svært skeptisk når eg høyrer Ødegaard og Aspaker snakke svært varmt om det, og ønskjer praksis av dette slaget i heile landet.

Skjermbilde 2013-03-22 kl. 15.32.21Her kjem ein påstand: Vi vaksne er flinke til å formulere prinsipp, handtere paragrafar, og lage ordningar som fungerer på papiret. Men eg trur vi har noko å gå på når det kjem til å sjå ordningane våre frå elevperspektiv. Eg vil meine at ordninga med narkohundar i Osloskolen er eit godt døme. Ein kan seie at det er frivillig for elevar å skrive under på eit skjema, og i prinsippet ha heilt rett i det. Men opplevinga av valfridom kan ofte vere ei litt anna enn formuleringa av den. Likeins har sikkert elevane ved Kastellet skole høve til å velje og å byte grupper, men eg ville ikkje blitt veldig overraska om det verkar litt lettare for ein byråkrat på papiret enn det verkar for ein elev i røynda.

Slik eg forstår det, har Udir og Fylkesmannen ei ulik tolking av i kva grad Kastellet skole si ordning kan definerast som «etter behov» og i kva grad den er «fast og etablert». Ordninga har sikkert vore lovleg heile tida den, på papiret. Det betyr ikkje nødvendigvis at praksisen burde bli vurdert til å vere i samsvar med intensjonane i opplæringslova sin § 8-2. Det har eg på ingen måte føresetnad til å gjere ei vurdering av. Men eg merkar meg at Fylkesmannen i Oslo og Akershus meiner at praksisen ikkje er lovleg, og eg ønskjer at vi stiller eit tydeleg spørsmål ved kva Udir eigentleg har gjort ei vurdering av, før vi innfører nivådifferensiert undervising á la Kastellet i i heile landet. Er det verkeleg slik at Udir tolkar § 8-2 slik at det gir grunnlag for overskrifter som «Vil ha mer nivådeling i Osloskolen», «Fritt frem for å dele inn elevene etter kunnskap» og «Åpner for nivådelt læring i hele landet»?

Eg trur det er bra, eg, at Kunnskapsdepartementet no vil «utarbeide en veileder for hvordan opplæringsloven § 8-2 om organisering skal forstås og praktiseres, for å øke bevisstheten om paragrafens formål» (Meld. St. 20 2012-2013).

Reklamer

4 kommentarer to “Udir si vurdering av nivådifferensiering: ei vurdering av papir eller praksis?”

  1. Eg trur ein slik veiledar kan vere nyttig. Mangt og mykje er sagt og meint i denne debatten, og eg skjønar grunnen du gjev for ikkje heilt å sjå at det Ødegård snakkar om og udir meiner er det same.

    Men, og eit trur det er eit men her, mange misforstår intensjonane. Eg er heilt og fullstendig for inndeling i meistringsgrupper. Eg ser, kvar einaste dag, elevar som blomstrar når dei får ting til, og det er det kjekkaste eg veit. Men eg ser og elevar som går heim KVAR DAG utan å ha opplevd mestring! Og det er til å grine av! Dei elevane er ofte fagleg svake, ja. Eg ser at når dei er på ei gruppe med fleire elevar som er fagleg svake på dei samme tingene, DÅ tør dei spør. DÅ tør dei prøve. DÅ vert dei engasjert. DÅ får dei ting til. DÅ går dei heim og har opplevd mestring! Og det er viktig; det skjer i den rekkefølgja!

    Eg ser og at dersom elevar som jobbar godt og sjølvstendig (merk!) jobbar ilag, driv dei gruppa framover og får gode resultat. Dersom desse gruppene vert blanda, skjer det fint lite for dei fagleg svake. Dei melder seg ut. Dei torer ikkje eller vil ikkje vere med, fordi det då vert klinkeklårt for dei andre at dei er svake. Ikkje for det, elevane veit det allereie, elevanr veit slikt utan at vi vaksne treng sei noko som helst. Og ja, då kan vi byrje å blande inn klassemiljø, trivsel, omsorg for kvarandre, alle skal med, osb. Men det er ikkje slik det er i klasserommet til dagen!!!!! Vi som lærarar MÅ jo få kunnskapen inn i hovudet på elevane uansett! Trivsel og læring heng saman, ja, men det er ein høna-eller-egget-debatt. For nokre elevar tengst trivsel før læring, for andre er læring nøkkelen til trivsel.

    Dei elevane som er skuleflinke OG sjølvstendige klarer seg stort sett godt, uansett gruppe eller ikkje. Så har vi steborna i norsk skule, dei som har svært gode evner, og som ikkje gjer noko som helst, eller seg ut. (merkeleg at debatten kring klassemiljø og trivsel ikkje er relvant når det gjeld dei elevane…..) Dei saknar faglege utfordringar. Det kan dei ikkje få saman med dei fagleg svake, og ofte ikkje saman med dei skuleflinke heller, fordi dei tenkjer og arbeider så annleis at det ikkje let seg gjere.

    Dei svært evnerike har behov for grupper som jobbar FORT, pensumkompresjon. Dei skuleflinke treng og kanskje å få jobbe med noko pensumkompresjon, men dei er stort sett nøgde med å gjere det som står i planane. Dei svake elevane treng mykje støtte og hjelp for å tileigne seg kunnskap, ofte må planane tilpassast ned til eit minimum. Dei skal trass alt ha same eksamen som dei andre, så vi må prøve å legge til rette for at dei skal lære mest mogleg av pensumet. Så har vi sjølvsagt §5-1 elevane, men det er ei anna sak.

    Å dele inn etter mestringsgrupper basert på kva elevane KAN klare, gjev eit fagleg læringstrykk dei fleste trivst med, og som let alle oppleve meistring. Å dele inn grupper etter resultat på nasjonale prøver er tull. Og så må vi innsjå at vi ikkje alle er like, lik rett til (tilpassa) opplæring betyr ikkje LIK opplæring. Derfor må elevane kunne flyte mellom ulike mestringsgrupper både i fag og emne. Dei har ulike behov i ulike fag, og derfor er ikkje faste grupper noko lurare enn den vanlege aldersdelinga vi gjer. Vi må ikkje tenkje at alle 12-åringar har same ønsker, evner og behov berre fordi dei er fødde same år! Kva er det vi er redde for? Stigmatisering?

    Kven er det som stemplar og kallar gruppene for «elite» og «tapar»? Jo, vi vaksne! Kanskje vi skal legge frå oss våre gamle fordommar og ta inn over oss at elevane faktisk veit utmerka godt sjølv kven som «er flink» eller «dårleg» på skulen, og gjere eit seriøst forsøk på å fjerne stigmatiserande merkelappar? Det er vi som hyler og skrik høgst, ikkje elevane.

  2. Gode tanker og absolutt en fornuftig påstand midt inni der. Noen tanker om argumentet om at mestringsgrupper er en logisk konsekvens av kravet om tilpassa opplæring (som en iblant hører fra forskjellig hold)?

  3. Ja, meistringsgrupper vert nok av mange sett på som ein logisk, eller i alle fall praktisk, konsekvens av kravet om tilpassa opplæring. Det vert nok òg opplevd som lettare for mange lærarar (for alle del: eg kjenner det sjølv), og i stunda ser det jo òg ofte ut som ein lukkast betre i å gi fleire elevar oppleving av meistring. Men så må vi stille spørsmål ved kva effekten er på sikt, særleg i dei tilfella der ein som lærarar utilsikta lar forventingane ein har til elevane bli påverka av kva gruppe dei høyrer til.

    Meistringsgrupper i seg sjølv er, slik eg ser det, både lovleg, ønskjeleg og fornuftig for å nå måla om tilpassa opplæring i ein del tilfelle. Spørsmålet er kor «faste og etablerte» desse gruppene skal vere. Og her er det eg meiner at vi bommar for ofte. For det at vi meiner å ha eit system for at elevane kan byte mellom grupper, og påstår at vi evaluerer grupperingane med jamne mellomrom, er ikkje det same som at elevane faktisk opplever at dei står fritt til å byte som dei vi. Det betyr heller ikkje at det ikkje følgjer noko form for «stigmatisering» med grupperingane.

    Eg er av dei som trur at vi kunne fått til utruleg mykje meir med litt færre elevar i klasserommet, viss vi klarer å nytte det handlingsrommet det gir. Men det krev openbart at vi tenker litt nytt. Om vi berre driv med same som vi dreiv med før, berre med litt færre elevar, så vil det vel ganske naturleg ha liten effekt. Både i våre eigne klasserom og i Hattie og andre sine metastudium. Eg må innrømme et eg som rimeleg nyutdanna opplever å ha få differensieringsverktøy. Eg har lært lite i utdanninga mi og lite i yrket om ulike måtar å organisere nivådifferensiertundervising på. Stort sett driv eg med éi form for opplæring av gongen, og klarar i lita grad å sette i gang og styre ulike, og nivådifferensierte, aktivitetar samstundes. Eg klarer stort sett berre å drive på eitt nivå av gongen. Slik sett kan ein seie at eg driv nivådifferensiering i tid, men ikkje i rom – viss det gav noko meining 😉 Her har eg utruleg mykje å gå på. Og eg trur heilt ærleg at det gjeld fleire i skulen. Er det kanskje på tide å stille litt spørsmål ved heile måten å organisere vanlege norske skular på? Er det rett at det ofte er slik at elevar i eit fag har éin lærar med eitt repertoar av undervisingsformer, medan parallelleklassene gjerne har ein heilt annan lærar med eit heilt anna repertoar? Eg skulle på mange måtar ønskje at nokon på eit tidspunkt satte seg ned og sa noko slikt som: «No er vi i 2013. Vi har drive skule på ein rimeleg lik måte i ei rimeleg lang tid no. Kan det vere at vi har ressursar som kan kome betre til nytte om vi tenker gjennom alt frå scratch?» (Vi var på skulebesøk i København for litt sidan og deler av kollegiet besøkte CPH West som har ei satsing kalla «Gymnasiet tænkt forfra». Inspirerande på mange måtar. For dei som er interesserte er dei å finne på Facebook.)

    Cecilie: Du har eit veldig godt poeng når du seier at det er vi vaksne som hyler og skrik høgst. Har vi kanskje ein for snever definisjon av kva det vil seie å vere «flink» og «dårleg» som elev, slik at resultatet nødvendigvis må bli merkelappar av slaget «elite» og «tapar»?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggere like this: