Årets osloskolesal er i gang – igjen!

av aneaarre
Skjermbilde 2013-09-18 kl. 19.29.56

Haust og sal høyrer saman – også i skulen.

Lufta er kjøligare, lauvet gulnar, skyene er regntunge og elevtala varierer frå time til time. Det er ingen tvil lenger: Hausten er her igjen! Og med denne årstida kjem det vante haustutsalet som vi etter kvart verkar å ha fått som tradisjon i Osloskolen.

Eg repostar difor eit innlegg frå i fjor, for det er dessverre like aktuelt i år:

Så er september her, og det store haustutsalet i Osloskolen er i full gang igjen. Stadig kjem det nye elevar inn i klassane våre, medan andre forsvinn til andre skular – og nokre av dei kjem til og med tilbake att. I praksis vil dette seie at skuleåret ikkje kjem skikkeleg i gang før 1. oktober. Kvifor har det blitt slik? Og kva er det som er så spesielt med akkurat den datoen?

For å svare på det, må vi sjå på kombinasjonen av fritt skuleval og stykkprisfinansiering, og dei utilsikta konsekvensane dette får for oppstartinga av skuleåret.

Dominoeffekt

Det «frie» skulevalet i Oslo kommune gjer at dei med best snitt har reelt fritt val, medan dei andre må velje frå den karakterhylla dei har hamna på. Det fører til at svært mange skular i Oslo må ta inn elevar som eigentleg ønskjer å vere ein annan plass. Dette får konsekvensar langt ut i skuleåret.

Les òg: Fritt skolevalg, enkjønnede skoler

Sjølv om ein skule, t.d. Skule B, har mange søkarar per plass, vil den høgst sannsynleg måtte ta inn svært mange som eigentleg hadde Skule B som andre- eller tredjeval. Grunnen er at elevar som akkurat ikkje hadde godt nok snitt til å kome inn på førstevaletsitt, Skule A, hadde godt nok snitt til å kome inn på Skule B og dermed utkonkurrerer mange som hadde Skule B som sitt førsteval. Ifølgje Utdanningsetaten fekk 78,3 % av elevane i Oslo tilbod om det programområdet og den skulen dei hadde som førsteønskje for vidaregåande denne hausten (merk: dette gjeld søknad til alle tre åra – om nokon har tala berre for vg1 så må de gjerne dele dei). Det betyr at ein heil del startar ein annan plass enn dei eigentleg ville, og mange ønskjer difor å byte viss og når høvet byr seg. Og dette høvet burde sjølvsagt elevane ha; problemet er at eitt enkelt byte skaper rørsler gjennom heile systemet.

Til tider oppstår det reine dominoeffektar, som kan arte seg omtrent slik: Nedre poenggrense for andre inntak i haust låg på 49,30 på Oslo Katedralskole og på Elvebakken vgs. Katta og Elvebakken deler såleis «førsteplassen» i den særdeles viktige og prestisjetunge bykonkurransen om å få elevane med best karakterarar frå grunnskulen. Viss ein elev på Katta av ein eller annan grunn ikkje tar imot skuleplassen sin, så vert det plutseleg ein open plass der. I og med Oslo si finansieringsordning vert det særdeles viktig for skulen å fylle opp denne plassen. I snitt får ein litt over 60 000 kr per elevhovud i året, så ein har ikkje råd til å la plassar stå tomme. Ein snur seg difor raskt rundt og startar øvst på ventelista av elevar. Dermed får gjerne ein elev frå Elvebakken vgs tilbod om plass. Dette frigjer ein plass som nokon t.d. frå Foss vgs gjerne tar i mot (lågaste inntaksgrense på Foss: 45,30). Dermed har ein frigjort ein plass som nokon frå Fyrstikkalleen skole (F21) gjerne vil ha (45,00), noko som igjen gjer at nokon på Ullern vgs (44,10) tar turen til Fyrstikkalleen. Og slik dett dominobrikkene, vidare og vidare.

Fritt skuleval på kvaliteten si rekning?

I mi verd er det noko grunnleggande positivt i at elevar får høve til å velje kva skule dei skal gå på. Men dess lenger vi drar dette, dess tydlegare meiner eg at det blir, at valfridom for enkelte verkar negativt inn på kvaliteten på den totale opplæringa vi tilbyr barn og unge i Oslo kommune. Eg vil ikkje inn i fritt-skuleval-diskusjonen no (den kan du t.d. lese meir om her: «Om solidaritet mellom skolene, utilsiktet nivådifferensiering, og alternativer til «fritt» skolevalg»), men eg vil peike på nokre konkrete negative utslag ein får når ein kombinerer fritt skuleval med stykkprisfinansiering: Eit av resultata er at svært mange skular vel å fylle klasseromma sine til randa. Nokre få elevar mindre svarer til eit personalseminar mindre, og enda nokre færre utgjer plutseleg ei heil lærarstilling når budsjett og rekneskap skal i balanse. Eit anna resultat er at fleire skular av og til bommar litt på berekningane, får nokre færre elevar enn venta, og ender opp med underskot og etterslep over fleire år. Det kan ikkje vere tvil om at dette går ut over opplæringa når vikarbudsjett som resultat av dette vert ikkje-eksisterande og lærarar vert overtalige.

Skuleshopping

skoleshoppingAt elevar byter skular, gjer vidare at vi får ein småkaotisk start på skuleåret og kjem unødig treigt i gang. Elevar kjem og forsvinn dagleg mange stader. Fram til og med andre skuleveke fyller skulane opp frå ventelister der elevane står oppført etter karaktersnitt. Men etter andre skuleveke er det fritt fram for alle der det er ledige plassar att. Elevane kan stille seg i kø der dei vil, og mange nyttar høvet til å prøve ulike skular medan dei framleis har skuleplass ein annan stad. Skulane står fritt til å velje og vrake som dei vil. Kabalen går nok samla sett opp kvar dag, men ein byter stadig om nokre elevar og dermed må kabalen leggjast på nytt kvar morgon. Først 1. oktober seier ein seg nokolunde nøgd, for da har ein nådd første telledag og elevhovud vert omsett til kroner. Men i vente på denne datoen legg vi altså det vi har av god pedagogikk på hylla. Vi veit alle kor viktig relasjonar, faste rammer, tryggleik og klassemiljø er for læring, men i starten av skuleåret, som truleg er den viktigaste delen av året, da grunnlaget for resten av skuleåret skal leggjast, ser vi rett og slett litt bort frå dette. Kvifor? Fordi økonomien råder over opplæringa. Og i tida frem til 1. oktober så er det visst hovud og kroner, og ikkje relasjonar og læring, som tel mest.

Kva er alternativa?

I krysninga mellom fritt skuleval og stykkprisfinansiering har vi fått eit problemområde som er uoversiktleg og innfløkt. Noko av grunnen er kanskje at konsekvensane først og fremst merkast lokalt på den enkelte skulen, medan ein på overflata og på kommunenivå berre ser elevar som får oppfylt eigne ønskjer.

Eg veit ikkje om vi har forsking eller systematisert datainnsamling på feltet, og det eg skriv her er basert på eigne erfaringar, andre sine anekdotar og mi noko avgrensa forståing av systema som vi er styrt av. Så bidra gjerne med betraktningar. Og ikkje minst: bidra gjerne med forslag til endringar av dagens modell. Må vi tilbake til klassedelingstal og rammetimetal, eller finst det andre alternativ? For sjølv om det ikkje er alt ved dagens modell som det er så lett å forstå, så byrjar i alle fall ein ting å bli veldig klart: den fungerer ikkje.

(Tala frå andre inntak til vidaregåande skular i Oslo skuleåret 2012/2013 finn du her.)

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggere like this: