Karrierevegar – for den enkelte eller for fellesskapet? (no også med referanse ;)

av aneaarre

I nr. 11 av bladet Utdanning har eg eit innlegg på trykk om karrierevegar (det finn du her). Sidan det på veg gjennom trykken har sneke seg ut ein referanse, så postar eg det her på Lærerråd òg. Da må de kanskje leve utan dei betringane desken gjorde, men får i det minste ei meir redeleg utgåve.

(Innlegget er forresten basert på eit tidlegare og noko mindre gjennomtenkt innlegg her på Lærerråd. Det kan du lese her.)

Lærarar er på fleire måtar ei flat yrkesgruppe. Tradisjonelt har læraryrket hatt flate stillingsstrukturar, flate løningar mellom lærarar og relativt sett ei flat lønsutvikling. I dag er yrket kjenneteikna av ikkje overmåte høg status, og ein del vil nok meine at det heng godt saman med ikkje overmåte høge løningar. Men kan ein litt for låg status òg ha samanheng med litt for flate stillingsstrukturar?

karriere

Kven vert eventuelle «karrierevegar» til for?

I det siste har mange tatt til orde for at karrierevegar for lærarar kan vere vegen å gå for å gjere yrket meir attraktivt. Håpet er at det skal halde fleire av oss i klasseromma. For det er gjerne slik at lærarar sine vegar til høgare stillingar og løn går ut av klasserommet og over i administrasjon; eller ut av yrket som heilskap, og inn i den alt for store reservestyrken av lærarar som ikkje arbeider i skulen. Men sidan yrket vårt ikkje lokkar med status og løn i utgangspunktet, så er det kanskje heller ikkje det som først og fremst driv lærarar flest? Så kva vil skje med eit system som i stor grad består av folk som med viten og vilje har valt å arbeide i eit flatt system, om vi meiner at vegen til høgare status for yrkesgruppa som heilskap er å løfte berre enkelte i den?

For vegar for enkelte sine karrierar kan fort bli vegar til barrierar for fellesskapet. Det er dessverre litt for lett å sjå føre seg at personlege mål kan komme i vegen for samarbeid. Om karrierevegar lagar konkurranse mellom folk som er meint å arbeide saman, meiner eg å ha sett nok av døme i skulen på at samarbeid med eitt vert opplevd som lite lønsamt. Konkurranse mellom skular er til dømes ikkje alltid like produktivt, for å seie det forsiktig. Ein ender fort opp med system som vert profesjonsnedbrytande snarare enn -oppbyggande.

Difor meiner eg at vi som profesjon skal vere tydlege på kva vi vil oppnå om vi skal forstyrre den flate lærarstanden: Det skal vere å løfte profesjonen. I den samanhengen er kanskje karrierevegar eit dårleg ord? For hovudmålet bør ikkje vere karrierevegar for den enkelte, men vegar til betre kompetanseutvikling og kompetansenytting for skulen som heilskap. Kanskje bør vi heller snakke om spesialiseringsvegar?

For vi kjem til å trenge spesialiserte lærarar. Noko av det som kjenneteiknar læraryrket, er at kunnskapsbasen vår er svært samansett. Skulen skal vere god til så mykje at ikkje alle kan vere spesialistar på alt. I takt med at kunnskapsbasen til profesjonen vår veks, må vi innsjå at dette vert stadig meir utfordrande. Målet må vere at skulen som organisasjon samla sett utviklar stadig høgare kompetanse. Skal vi klare det, kjem vi ikkje utanom å la enkeltlærarar utvikle spisskompetanse.

for de få

Karrierevegar – for den enkelte eller for fellesskapet?

Skal vi unngå at denne spissinga skapar barrierar, må vi utvikle karrierevegar som stiller krav om det stikk motsette. Til dømes bør dei som skal kvalifisere seg til høgare stillingar, kunne vise til at dei kan bidra til andre si, og ikkje berre eiga, profesjonelle utvikling. Stillingane bør ha ei innretting som gjer at læraren skal arbeide for fellesskapet. Slik sikrar vi at fleire enn den enkelte læraren sine elevar får nyte godt av denne læraren sin kompetanse. Ein kan tenke seg mange ulike funksjonar og stillingar som kan løfte skulen som heilskap: rettleiarar for studentar, mentorar for nyutdanna, fagansvarlege, vurderingsrettleiarar og «FoU-ansvarlege» på utallege område (nokre som er oppdaterte på forskings- og utviklingsarbeid på sentrale område som vurdering, fagdidaktikk, klasseleiing osv.). I kollegium med delingskultur og delingskompetanse, vil dette kunne løfte både oss og skulen meir enn om alle skal vere likestilte i alt.

Det er litt skummelt å skulle røre borti den flate og med det stort sett rolege overflata som lærarar flyt saman på i dag. Men eg trur altså at det er naudsynt. Skulen, og lærarstanden, må la dei som ønskjer det, få høve til å fordjupe seg og bli spesialistar på sine område. Slik kan vi få ei kompetansemobilisering som gjer at vi får nytta det potensialet som truleg står unytta rundt om i mange norske klasserom i dag. Og slik kan vi få utvikle oss på måtar som er både givande og som motiverer for å stå i klasseromma. Det vil alle ha glede av.

Eg er av dei som drøymer om ei verd, eller i alle fall ein skule, der vi gjer jobben i fellesskap og deler løna likt. Samstundes må eg jo berre innsjå at det er veldige skilnader mellom det eg som nyutdanna syslar med, og det fantastiske kollegaer av meg – profesjonelle lærarar med høg undervisingskompetanse tileigna gjennom år i lærargjerninga – driv med i klasserommet. Mange vil sikkert meine at det er langt frå urimeleg at denne kvalitetsskilnaden kjem til uttrykk på lønsslippen. I reine pengar set vi i Noreg også mindre verdi på erfaring og kompetanse enn i mange andre land.

Skjermbilde 2013-06-07 kl. 18.15.19

Og her er referansen som ikkje fann vegen til den trykte utgåva i Utdanning.

Men eg trur altså at det er mykje meir enn finmaska lønsstigar som skal til for å løfte profesjonen. I eit «PISA in Focus»-notat om prestasjonsløn frå 2012 skriv OECD:

«Land som har lukkast i å gjere læraryrket til ein attraktiv profesjon, har ofte gjort dette ikkje berre gjennom løn, men ved å auke statusen til yrket, tilby reelle karrieremoglegheiter og å gi lærarar ansvar som profesjonelle og leiarar av endring og utvikling.»

Om vi skal løfte statusen til lærarprofesjonen, er kanskje ikkje personlege lønskampar det viktigaste å vinne. Det vi først og fremst må vinne, er folk sin tillit. Men for å vere tilliten verdige må vi vise at vi er villige til å utvikle den spesialiserte kompetansen som trengst for å utøve yrket på ein profesjonell måte, også i framtida. Med dette kjem statusen, og med det også tyngda vi treng i lønskampen. Slik unngår vi profesjonsnedbrytande påskjøningssystem, og kan i staden oppnå eit lønsløft for standen som heilskap.

Eg trur vi har mykje å vinne på at skuleleiarar blir flinkare til å spørje lærarar kva dei er tennt på, for så å gi dei høve til å brenne litt for nettopp dette. Og med tid og tillit trur eg det kan løfte lærarprofesjonen – og med det elevane – og gjere læraryrket meir attraktivt enn nokon individuelle lønstillegg kan klare.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: