Karrierevegar – for den enkelte eller for fellesskapet?

av aneaarre

Lærarar brukar nok tid på papir. Vi treng ikkje eit system som gjer at gode lærarar ender opp bak skrivebord i administrasjonar for å flytte enda fleire papir. Vi treng dei i klasseromma.

Lærarar er på fleire måtar ei flat yrkesgruppe. Tradisjonelt har læraryrket hatt flate stillingsstrukturar, flate løningar mellom lærarar og relativt sett ei flat lønsutvikling med tanke på ansiennitet. Her til lands er yrket i dag ikkje kjenneteikna av nokon overmåte høg status, og ein del vil nok meine at det heng godt saman med ikkje overmåte høge løningar. Men kan ein litt for låg status òg ha samanheng med litt for flate stillingsstrukturar?

Dei siste åra har det stadig vore snakk om å opprette karrierevegar i læraryrket. Ein har sett seg lei på at lærarar sin veg til høgare stillingar og løn går ut av klasserommet og over i administrasjon. Men sidan yrket vårt i utgangspunktet ikkje lokkar så veldig med status og løn er det kanskje heller ikkje det som først og fremst driv lærarar flest? Viss det var det som dreiv oss, hadde vel mange valt ei heilt anna utdanning og eit heilt anna yrke? Så kva vil skje med eit system som i stor grad består av folk som med viten og vilje har valt å arbeide i eit flatt system, om vi no meiner at vegen til høgare status for yrkesgruppa som heilskap er å løfte berre enkelte deler av den?

Eg er av dei som drøymer om ei verd, eller i alle fall ein skule, der vi gjer jobben i fellesskap og deler løna likt. Samstundes ser eg behovet for ei viss lønsutvikling over tid for å halde på gode folk. For eg må jo berre innsjå at det er veldige skilnader mellom det eg som nyutdanna syslar med, og det fantastiske kollegaer av meg, profesjonelle lærarar med høg undervisingskompetanse tileigna gjennom år i lærargjerninga, driv med i klasserommet. Det er langt frå urimeleg at denne kvalitetsskilnaden kjem til uttrykk på lønsslippen, og i Noreg verdsett vi dette mindre i reine pengar enn i mange andre land, skal vi tru EaG-tala til OECD.

Samstundes trur eg ikkje at eit lønsløft for enkelte er det som skal til for å løfte profesjonen. I eit PISA in Focus-notat frå 2012 vert det påstått at:

countries that have succeeded in making teaching an attractive profession have often done so not just through pay, but by raising the status of teaching, offering real career prospects, and giving teachers responsibility as professionals and leaders of reform.

Eg trur det er grunn til å tru at lønskampen ikkje er den viktigaste vi skal vinne om vi skal løfte statusen til lærarprofesjonen. Det vi skal vinne er folk sin tillit. Og kven veit – kanskje kjem løna med den. Noko av det som kjenneteiknar lærarar, er at kunnskapsbasen vår er svært mangfaldig og kompleks. Vi skal vere gode til så mykje at det ikkje lar seg gjere å vere god nok i alt. I takt med at kunnskapsbasen for profesjonen vår veks, må vi innsjå at dette berre vert stadig meir utfordrande. Det er for mange område skulen skal ha kompetanse på, til at alle lærarar kan vere spesialistar på alt. Eg trur difor vi må bli meir opne for å tenke at det er lov å vere god til noko, og at det ikkje er eit mål at alle skal vere like gode til alt. Målet må vere at skulen som organisasjon samla sett utviklar stadig høgare kompetanse, og for å nå det målet må vi tørre å la enkeltlærarar få utvikle spisskompetanse. I kollegium med delingskultur og delingskompetanse vil dette kunne løfte oss meir enn om alle skal vere likestilte i alt.

Det finst fleire måtar å gjere dette på. Til dømes har den svenske regjeringa foreslått å opprette to nye karrieresteg: førstelærar og lektor. Der skal ein m.a. stille krav om forskerutdanning for å bli lektor, og for å kvalifisere seg til begge stillingane må ein kunne dokumentere særleg skikkaheit. Det følgjer monaleg med løn med begge stega.

Det er dessverre lett å sjå føre seg litt drama på lærarrommet om karrierevegar vert ein konkurransearena for løn og status. (illustrasjon: olaola.no)

Det er dessverre lett å sjå føre seg litt drama på lærarrommet om karrierevegar vert ein konkurransearena for løn og status. (Illustrasjon: olaola.no)

Men det er ikkje til å kome utanom at vegar for enkelte sine karrierar fort kan bli vegar til barrierar. Det er dessverre litt for lett å sjå føre seg at personlege mål kjem i vegen for samarbeid. Viss ein med karrierevegar lagar konkurranse mellom folk som er meint å arbeide saman, meiner eg å ha sett nok av døme i skulen på at samarbeid er lite lønsamt (konkurranse mellom skular er t.d. ikkje alltid like produktivt, for å seie det forsiktig). Knyt alt dette til spørsmål om løn, og så har du snart eit system som er profesjonsnedbrytande snarare enn oppbyggande.

Det kan vere fleire måtar å sikre oss mot dette på. Til dømes kan ein stille krav om at dei som skal kvalifisere seg til høgare stillingar, skal kunne vise til at dei kan bidra til andre si, og ikkje berre eiga, profesjonelle utvikling. Vidare bør sjølvsagt stillingane ha ei innretting som gjer at læraren ikkje berre kan, men skal arbeide for fellesskapet. Det bør vere eit klart mål at karrierevegar for lærarar skal sikre at fleire enn den einskilde læraren sine elevar skal få glede og nytte av denne læraren sin kompetanse. Ein kan tenke seg mange ulike funksjonar og stillingar som kan løfte skulen som heilskap: alt frå studentrettleiarar, mentorar for nyutdanna, fagansvarlege, vurderingsrettleiarar og «FoU-ansvarlege» på utallege område (dette går det sikkert an å finne eit betre ord for, poenget er at vi treng nokon som er ansvarlege for å vere oppdaterte på forskings- og utviklingsarbeid, og å utvikle kunnskapsbasert praksis på område som vurdering, fagdidaktikk, klasseleiing osv.). Den beste sikringa mot barrierar er at vi lagar karrierevegar med krav om at dei skal skape det stikk motsette.

Eventuelle karrierevegar i læraryrket vil bringe med seg lønsspørsmål. Vi gjer truleg lurt i å prøve oss litt forsiktig fram.

Eventuelle karrierevegar i læraryrket vil bringe med seg lønsspørsmål. Vi gjer kanskje lurt i å prøve oss litt forsiktig fram?

Det er litt skummelt å skulle røre borti den flate og med det stort sett rolege overflata som lærarar flyt saman på i dag. Men eg trur vi treng karrierevegar for lærarar. Eg trur vi treng noko som lar dei som ønskjer det få høve til å fordjupe seg og få ansvar på område som fellesskapet har nytte av. Slik kan ein la lærarar få utvikle seg på ein måte som er givande og som motiverer for å stå i klasserommet. Vi treng gode skuleleiarar, men viktigast er som kjend læraren. Difor må vi halde dei gode lærarane i klasseromma så lenge vi kan. Det treng vi ikkje nødvendigvis å gjere gjennom løn. Men kanskje vil det ikkje verke urimeleg at dei som ønskjer å legge ned ekstra innsat, skal få litt betalt for det, om vi ser at det kjem alle til gode. Om nokon er villige til å ta litt meir utdanning og ansvar, så kan det vere at vi andre kan leve med at dei òg får litt meir i løn.

Men kanskje er karrierevegar eit dårleg ord? For det er trass alt ikkje karrierevegar for den enkelte som bør vere hovudmålet, men vegar til betre kompetanseutvikling og kompetansenytting i skulen. Kanskje bør vi heller snakke om spesialiseringsvegar? Og kanskje skal vi prøve oss litt fram før vi koplar lønsspørsmål alt for tett til dette. Om ein gir folk høve til å vidareutvikle seg på område dei brenn for, så er kanskje ikkje løn så avgjerande som drivkraft. Eg trur vi har mykje å vinne på at skuleleiarar blir flinkare til å spørje lærarar kva dei er tennt på, for så å gi dei høve til å brenne litt for nettopp dette. Og med tid og tillit trur eg det kan løfte lærarprofesjonen og med det elevane, og gjere læraryrket meir attraktivt enn noko lønnsoppgjer kan klare. For lærarar i Noreg har ikkje valt verdas viktigaste yrke på grunn av, men snarare på trass av, løna.

Reklamer

2 kommentarer to “Karrierevegar – for den enkelte eller for fellesskapet?”

  1. Jeg følger tankegangen og tror du treffer blink når du snakker om at vi nok heller bør snakke om spesialiseringsveier. Faren er at vi får en såkalt karrierestige om vi skal lage karriereveier for lærere, jeg mener spesialiseringsveier er bedre.

    Vi har en svært egalitær struktur på skolene, og det er bra, men noen ganger går det i det ekstreme. På ungdomskolen skal alle lærere undervise i alt. Det er først i de senere år man klarer å legge bak seg en slik tankegang.

    På samme måte som vi ikke kan alle være spesialister på alle fag, kan vi heller ikke være spesialister på alle former for undervisning eller alle deler av vårt fagområde. Noen er dyktige på skriftlige vurderinger, andre er dyktige på muntlige. Noen er eksperter på engelsk grammatikk, andre på intonasjon og dialekter. En annen igjen er flink på sjangere innen litteratur og en tredje er en ekspert på sakprosa.

    Slik er det jo i dag, men vi har ikke noe system på dette som sørger for at ansvar for et område og å oppdatere seg på det blir belønnet. Ikke har vi noe garanti for at disse personene utfyller hverandre heller. Det er kanskje her vi må ha en spesialisering. Det holder kanskje ikke med avdelingsledere, vi må kanskje også ha lærere med delansvar for sitt fag etterhvert som de utvikler svært mye kompetanse innen et område. For som du sier så kommer veldig ofte dette kun en klasse tilgode.

    Så langt er jo alt vel, men det store spørsmålet her er jo hvordan i alle verden skal man få til noe slik uten at det øker både møtevirksomhet og skjemaveldet? Den er vanskelig. Hvordan gir vi lærere karriereveier uten å stenge dører som i dag er åpne, og hvordan gjør vi det uten å skape ytterlige administrasjon?

    For å være ærlig tror jeg det er så å si umulig. Det vi har i dag er et skolesystem hvor læreren er i skvis ovenfra og nedenfra. Ovenfra sitter byråkrater, skoleeier, politikere og hele den pyramiden og finner på nye arbeidsoppgaver til lærerne. Selv funksjoner som skal være til støtte skaper merarbeid. De som er «over» ser sin jobb å styre og instruere, ikke å tilrettelegge for hovedoppgaven: undervisning.

    Nedenfra kommer da arbeidesoppgaven man er ansatt for å gjøre: undervisning.

    Skal det innføres karriereveier i skolen må ikke dette føre til flere «over» oss i klasserommet. Det er allerede så mange der som sender ned instruksjoner som man ofte ikke engang får med seg på grunn av at det er så mange forskjellige at systemet ikke fungerer optimalt. Hvem får skylden for at administrasjonen ikke fungerer? Lærerne, ikke administrasjonen.

    Enhver nytenkning av skolesystemet må dreies rundt skolens hovedoppgave, undervisning, og hvordan man best kan støtte oppom denne hovedoppgaven.

    I dag oppleves det som om skolen innrettes etter hvordan den best kan støtte administrasjonen (som går helt opp til kunnskapsministeren) i sine oppgaver og ikke omvendt, i tillegg til at den skal drive undervisning.

  2. Er det umogleg å lage «karrierevegar» utan å stenge dører og skape meir administrasjon? Kanskje det. Men bør vi tørre å prøve? Igjen trur eg dette handlar utelukkande om korleis vi vel å innrette desse «karrierevegane». Eg er veldig einig i at vi som lærarar ikkje treng fleire over oss, og det er difor bør vi snakke meir om spesialisering enn karriere. Viss vi lagar eit hierarki blant lærarane der nokre er «over» dei andre (fordi dei er påstått betre), trur eg ein vil møte fleire lærarar som står i døropninga til klasseromma sine med armane i kors og ristar på hovudet av spørsmålet om dei treng/vil ha rettleiing på noko område. Vi må heller seie at ein kan velje å spesialisere seg på ulike område. Slik sett vert det ikkje eit spørsmål om kven som er dei «beste» lærarane, men eit spørsmål om nokon har lyst til å legge inn ein innsats i å spesialsere seg på eit område, og bruke noko av tida si på å rettleie andre på dette området. Og ja: Nye oppgåver må dreie seg om det som skjer i klasserommet; om opplæring. I dag brukar vi alt for mykje tid og ressursar på omliggjande ting og tal.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggere like this: