Manglande lærarperspektiv på nasjonale prøver

av aneaarre
nasjonale_proever_2011

Debatten om nasjonale prøver kjem på nytt og på nytt, men kjem den nokon veg?

Igjen skapar dei nasjonale prøvene i lesing, rekning og engelsk nasjonal debatt. Denne gongen er det påstandar om sminking av resultata i Oslo-skulen som på nytt er tema: Er gode prestasjonar eit resultat av at svake elever vert fritekne frå prøvene, og at andre av måla med skulen vert nedprioriterte til fordel for prøvedrilling?

Les gårsdagens sak i VG her: «Forsker: Skoler fritar svake elever for å blåse opp resultatene.»
Du kan òg lese oppfølgingssaka der ulike politikarar «Krever svar fra skolebyråden på prøvepraksis».

Eg vart spurt av NRK Ytring om eg kunne kommentere debatten om dei nasjonale prøvene frå eit lærarperspektiv. Det perspektivet er det ikkje så lett å ta. Eit lærarperspektiv vert gjerne redusert til anekdotar om sjølvopplevde negative utfordringar med dei nasjonale prøvene. Men det er jo ikkje det denne debatten manglar. Eg enda difor med å skrive om årsaken til at lærarperspektivet i denne debatten vert redusert til anekdotar. Dette vart forståeleg nok eit litt for smalt tema for Ytring, men eg meiner likevel at dette er vel verd ein diskusjon.

For årsaken til at det er vanskeleg å skrive om dette, er ikkje den at ikkje vi som lærarar diskuterer dette stadig vekk. Eller at vi ikkje opplever korleis prøvene former skuledagane. Eller at vi ikkje melder frå til leiinga vår om vi meiner at prøvene vert brukt feil. Vi har mange meiningar. Men stort sett sikrar vi oss at dei ikkje når utanfor lærarrommet sine veggar.

Kvifor? Fordi ingen vil at skulen deira skal kome i eit dårleg lys. Gjer ein det, risikerer ein at foreldre vel å flytte slik at borna deira kan gå på ein anna skule, og dette skjer gjerne lettare i ein by som Oslo der flytteavstandane er korte.

Skjermbilde 2013-01-16 kl. 13.28.37

Det er lett å samanlikne ulike skular sine resultat. Her er eit kart over Oslo-skular sine skår på rekneprøven i 2010 henta frå grafikken Aftenposten laga til saka «Dette er det delte Oslo» i fjor sommar (artikkelen finn du her).

I ei tid der omdømet til den enkelte skulen får stadig meir å bety, vert det særleg viktig for skulane å kontrollere den informasjonen som kjem ut i det offentlege. Da blir det viktig at resultata ser pene ut. Resultata vert nedfelte som målsettingar i skuleeigar sine kontraktar med skuleleiar, som igjen sørger for at lærarar jobber for å nå dei. I Oslo kan løna til både leiing og lærarar justerast av oppnådde og ikkje oppnådde resultat.

Samla sett skapar dette eit klima der det for ein kvar pris ikkje må kome ut om nokon skulle ha falt for freistinga til å pynte litt på resultata.

Kva gjer så alt dette med lærarane?

Dei siste åra har det kome fram nokre historier frå grasrota om ulike måtar å pynte på resultata frå nasjonale prøver på. Marsdal si bok Kunnskapsbløffen er det mest kjende dømet, kor fleire lærarar er intervjua. Dei fortel om elevar som vert oppmoda om å bli heime på prøvedagen, at undervisingstida vert nytta til å drille til prøver heller enn andre fag, og at prøvene vert tillagt for stor vekt på ein måte som ikkje gir særleg pedagogisk nytte.

Dette minner om nokre historier eg sjølv dessverre har høyrt frå ulike hald. For slike historier vert delte, men når det vert gjort er vi alltid raske med å legge til: Dette har ikkje eg sagt altså!

chiharu_shiota-in_silence

«In Silence» av Chiharu Shiota, 2008.

Eg opplever stadig at eg er i debattar og på arrangement der lærarar reiser seg opp og enten heilt lar vere å seie kor dei arbeider, eller gjer eit nummer av at dei ikkje ønskjer å seie det. Ein gong enda det i ei idémyldring om korleis ein skulle kunne uttale seg offentleg om viktige saker. Ideane vart meir og meir kreative: «Viss du kjenner nokon som kjenner ei mor til ein av elevane dine, så kan du snakke med denne nokon om det du tenker på slik at denne nokon kan nemne dette for denne mora som igjen kan ta kontakt med ein journalist, som igjen kan stille deg som lærar eit direkte spørsmål. For vi har jo lov til å svare ærleg på direkte spørsmål – har vi ikkje?» Eller kva med å byte historier: «Viss eg fortel di og du fortel mi, så kan jo ingen spore det tilbake til oss?»

Det er i mine auger lite tvil om at lærarar vegrar seg for å ytre seg. Om sanksjonane dei frykter er reelle eller ikkje, er ikkje godt å vite. Men effekten av frykta er ikkje til å kome utanom: Det er ikkje lett å kome inn i denne debatten med eit lærarperspektiv.

Noko kjem til overflata. Men er det ein topp av eit isfjell? Det er umogleg å vite om historiene er representative. Og da vert det enkelt å møte dei med nettopp det argumentet: Dette er berre anekdotar; røynda er ikkje slik. Og det vert ikkje lettare å stå fram offentleg når du veit at du risikerer dette motsvaret.

Så sant så sant, men gjer det at vi berre skal sjå bort frå dei og avise dei med eit «vi kjenner oss ikkje att i kritikken»?(Illustrasjon av Simon Fairbairn)

Så sant, så sant. Men gjer det at vi berre skal sjå bort frå dei og avise dei med eit «vi kjenner oss ikkje att i kritikken»?
(Illustrasjon av Simon Fairbairn)

Kvifor har vi berre anekdoter, lite klar statistikk, og få og dårlege undersøkingar om eventuelle negative effektar av nasjonale prøver? Ei forklaring kan sjølvsagt vere at det faktisk ikkje finst noko reelt problem, ei anna at det ikkje er nokon som tener på å fortelle det dei veit. For det same systemet som fører til at det løner seg å finne fram sminkepungen, er det same systemet som gjer at ingen eventuelt vil tene på å snakke høgt om det.

Denne debatten verkar å kome att med veldig jamne mellomrom. Lite er nytt sidan sist, det gjeld òg måten heile debatten vert forsøkt avvist på.

På den eine sida får vi historier frå lærarar og skuleleiarar og undersøkingar av deira syn på prøvene som samla sett gir bilete av eit alvorleg problem. På den andre har vi dei som avviser dette heilt, seier at dei ikkje kjenner seg att i noko av kritikken, og at det uansett ikkje viser att i statistikken.

Kanskje er røynda ein stad imellom? For å finne ut av det må vi gjere ein ærleg innsats for å få eit sannferdig bilete av dei erfaringane som lærarar faktisk gjer seg med prøvene. Ikkje berre resultata i seg sjølv, men òg kva prøvene gjer med skulen. For å fylle ut biletet er det ein føresetnad at heilskapen i lærarperspektiva kjem fram. Det gjer den ikkje i dag.

Advertisements

One Trackback to “Manglande lærarperspektiv på nasjonale prøver”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: