Denne veka fekk vi beskjed om å dele ut dei berykta samtykkeerklæringsskjema til elevane våre. Debatten om desse skjemaa har gått ei tid no, og vi har tidlegare hatt to innlegg om dette her på Lærerråd:
Vil vi ha skolenarkorazziar med narkohundekvipasjer? av Eivind Solfjell
Vikarposten: Retten til et rusfritt skolemiljø, av Hallgeir Muren
Som lærar i Oslo kommune står eg no i det eg meiner er eit dilemma: Skal eg vere lojal mot arbeidsgivar som har pålagt oss å dele ut desse skjemaa, eller skal eg vere lojal mot elevane mine? For i denne saka meiner eg at desse lojalitetskrava står i motsetnad til kvarandre.
Nokre hevdar at denne praksisen er lovleg, andre hevdar at den ikkje er det. På fredag gjekk Utdanningsforbundet (UDF) i Oslo ut og sa m.a. at «Utdanningsforbundet mener at dette samarbeidet [mellom etaten og politiet] er lovlig» og at vi difor ikkje kan motsette oss å dele ut desse skjema til elevane våre. Seinare same dag gjekk 1. nestleiar i UDF Oslo ut og sa dei hadde skapt unødig uro og tvil ved å gi det svaret dei hadde gitt, og at dei skal sjå på saka på nytt komande veke:
Eg har tre spørsmål til denne saka som eg framleis ikkje har fått skikkeleg svar på, og som eg håpar at m.a. UDF Oslo vil ta med seg:
1 – Kan nokon gi oss ei skikkeleg juridisk utgreiing av dette spørsmålet? Det er ikkje heilt lett å vite kva ein skal gjere, all den tid sentrale instansar har ulike tolkingar av lovverket.
2 – Kan nokon gjere greie for kva som vil skje med dei elevane som ikkje samtykker? Nokre hevdar at det er reelt frivillig for elevane å skrive under på dette skjemaet, fordi det ikkje får nokon konsekvensar for dei. Dette hevdar UDF, og det vert og sagt rundt om på ei rekke skular i byen. Dette er om lag det motsette av det utdanningsdirektør Astrid Søgnen sa til Østlandssendingen den 23.11. (Til dei som ikkje orkar å trykke seg fram sjølv: dette er sitat frå innslaget: «Men de som ikke samtykker vil bli fulgt opp videre», seier journalisten før ein går over til intervju med Søgnen som seier dette: «Blant annet med samtaler med rådgiver, med andre instanser som er på plass for å kunne bistå.»)
3 – Har nokon gjort ei etisk vurdering av dette spørsmålet? Det er meir enn mogleg at ein ved å vri og vende på formuleringar og paragrafar kan kome fram til at det er juridisk lovleg å gjere dette, men det gjer det ikkje automatisk etisk rett. Det er ikkje til å kome utanom at elevane har lite høve til å velje fritt i denne saka. Skal vi som lærarar bruke den makta vi er fullstendig klare over at vi har, til å få elevane til å skrive frå seg eigen rettstryggleik? UDF har akkurat vedtatt lærarprofesjonen si etiske plattform, den bør gjere seg gjeldande no. Her står det m.a. at «menneskjeverd og menneskjerettar» er blant profesjonen sine grunnleggande verdiar, likeins «personvern»:
Her er andre relevante utdrag frå den etiske plattforma. Merk særleg hos kven lojaliteten vår skal ligge:
Som det står til slutt: Vi er forplikta på denne plattforma. Kan nokon fleire hjelpe meg med å gjere gode vurderingar i denne saka? For her står eg no: mellom plikter gitt av arbeidsgivar, og eit etisk ansvar overfor elevane mine. Vanlegvis er dei i samsvar, men denne gongen er eg ikkje så sikker å at dei er det.
Oppdatering 08.12.12:
6. desember var dei ei sak i OsloBy/Aftenposten («Lærer ønsker ikke å dele ut nakohundskjema til elevene sine») der eg hevda at Osloskolen sin praksis er etisk tvilsam, og at eg difor inntil vidare er avventande med å dele ut desse skjemaa. I går (07.12.12) gjekk nestleiar i FrP Oslo, Aina Stenersen, ut og hevda at «Lærere som protesterer mot narkorazziaer er tragisk naive», og at dei som nektar å dele ut skjemaet bør stå i fare for å miste jobben sin. For ordens skuld: Eg har enda ikkje nekta å dele ut desse skjemaa, men meiner det er rett å vere avventande til vi får ei betre grunngjeving samt ei juridisk utgreiing frå Utdanningsetaten for kvifor vi skal drive rusforebyggande arbeid på akkurat denne måten i Osloskolen.