Nyutdanna og desillusjonert?

av aneaarre

Som nyutdanna har ein ofte lange arbeidsdagar.

I juleferien i fjor var eg rimeleg sikker på at eg burde slutte som lærar. Det eg hadde hatt lyst til å bli sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og som eg hadde brukt seks år på å utdanne meg til, stod plutseleg for meg som eit einaste stort feilval. Eg trudde eg hadde valt læraryrket fordi eg faktisk brydde meg om folk. Men dei siste månadene hadde eg opplevde at eg stort sett berre tenkte på meg sjølv. Kvar gong eg gjekk frå ein time, kjørte eg økta i repetisjon, med fokuset på meg sjølv: Var planen min god nok? Hadde eg fått sagt det eg ville? Hadde eg sagt det slik eg ville? Alt handla om meg og mine prestasjonar. Idet dette gjekk opp for meg, vart eg rimeleg sikker på at eg ikkje eigna meg som lærar. Det var det litt tungt å skulle ta innover seg.

Men når januar kom, hadde eg jo ikkje så mange andre val enn å tusle tilbake på jobb, så det gjorde eg. Og glad er eg for det. For ting har heldigvis endra seg litt sidan da. Ja: Eg har nok framleis ein del å gå på, men øktplanane mine er i det minste ikkje lenger på minuttnivå, og eg klarer i noko aukande grad å planlegge undervisinga med utgangspunkt i elevane mine og ikkje meg sjølv.

Det er smått pinleg å måtte innrømme dette. Veldig pinleg eigentleg. Men kanskje er det òg litt viktig at vi tør å dele slike opplevingar? Min påstand er nemleg at slike mindre gode fasar i ny-som-lærar-livet er ganske så vanlege.

Det påstår ei rekke forskarar òg. Dei deler fasane nyutdanna går gjennom inn på litt ulike måtar, men hovudmønsteret dei finn er det same. Her er eitt eksempel på fasar i det første året frå Tetzlaff og Wagstaff (1999) (overskriftene er deira, tolkingane/eksemplifiseringane mine eigne):

Rundt haustferien startar arbeidet å hop seg opp, og tida er inne for å finne gode overlevingsstrategiar.

1 – Forventingsfasen: Det er august. Alt er spennande, ein har overskot, visjonar, giv og trur i fullt alvor at ein som lærar kan gjere verda til ein betre stad.

2 – Overlevingsfasen: Denne møter ein gjerne like før eller etter haustferien. Dagane, inkludert helgene, handlar eine og aleine om å kome gjennom rettebunkar, førebu undervising slik at den er tålelig bra, førebu seg til diverse møter med føresette, leiing, PPT, BUP osv., og å få gjennomført trettitre utviklingssamtalar på kveldstid (dei det var frist for i førre veke ja). Ein er på botnen av Maslow sitt behovshierarki: Mat er noko ein et til kvelds, og vener noko ein møter på Facebook på bussen til og frå jobb.

3 – Desillusjonsfasen: På seinhausten mister ein trua. Ein mister trua på seg sjølv, elevane og systemet. Sjølve skulen står fram som eit håplaust prosjekt og lærarlivet som lettare uuthaldeleg. Det ein i august hadde som visjonar, viser seg no som illusjonar

4 – Fornyingsfasen: Men utpå våren kjem ein på litt nye tankar. Ein ser at alle andre normale nyutdanna nettopp har vore gjennom akkurat dei same fasane som ein sjølv. Sakte, men ganske sikkert, kjem trua litt tilbake, men denne gongen saman med ei litt djupare innsikt: Alt i skulen tar tid, inkludert eiga utvikling.

5 – Refleksjonsfasen: Ein tar tida til hjelp. Ein er litt mindre fanga i handling, og klarer å ta eit skritt tilbake når det trengst for å utvikle seg vidare. Læraryrket vert stadig oftare opplevd som det det jo tross alt er: verdas viktigaste og verdas beste.

Og slik går lærarlivet vidare. Og ja: Det går litt i loop, men neste gong er ein i det minste mentalt førebudd, og veit at ein med tid og tolmod kjem ut i lyset mellom tunnelane.

Det er nok desillusjonsfasen som er særleg skummel. Dette er fasen der ein starter å fordele skuld. Nokre skuldar mest på seg sjølv, nokre skuldar på desse håplause elevane, for ikkje å nemne foreldra, og andre skuldar på det famøse «systemet».

Vi kan sjølvsagt ikkje legge skulda på elevane våre. Og eg trur eg meiner at ein aldri skal skulde «systemet». Alle system består til sjuande og sist av folk, og som regel finn ein etter ei tid ut at ein sjølv er del av det på ein eller annan måte. Men først når ein ser det, kan ein finne plassen sin og ta ei aktiv rolle i systemet. Og først da kan ein gjere noko konstruktivt med det.

Det er òg vanleg at ein vel mellom to måtar å «takle» problema sine. Nokre privatiserer dei, helde dei for seg sjølv og endar med å tru at det berre er ein sjølv som slit. Andre snakkar nok med andre til å forstå at ein sjeldan er aleine, og på denne måten får ein kollektivisert problemet. Kva som er det «rette» er det vanskeleg å seie noko generelt om. Men det vi veit er at kva strategi ein vel i den «desillusjonerte fasen» kan vere avgjerande for kva framtida ein får som lærar. Om ein t.d. privatiserer problema og skuldar på systemet er nok vegen ut av yrket rimeleg fristande og dermed kort for mange.

Vegen ut av læraryrket er allereie kort og skjer på veltråkka stiar. Nærare 45 % av dei med lærarutdanning i landet arbeider i dag ikkje i skulen. Difor er det all grunn til å vere føre var. Og eg veit at eg ikkje aleine om dette. Litt for mange tåretunge samtalar med med nyutdanna kolleager og vener har vist meg det. Dei samtalane har òg vist meg at det kan vere ganske ok å vere fleire saman om å vere mislukka ei lita stund (for da kjem ein kjappare på meir vettuge tankar). Det hadde vert veldig interessant å høyre frå andre ferske lærarar der ute. Korleis opplever de lærarkvardagen? Har de opplevd å få tid og høve til å lufte gleder og frustrasjonar med andre i kollegiet? Og har de gode idear til kva som kan gjerast for at kvardagen til ein fersk lærar vert litt lettare?

Elles har jo alle lærarar vert ferske ein gong, og har sikkert erfaringar å dele. Gjer gjerne det!

(PS: Om nokon no skulle ha litt velgrunna tvil: Ja, eg elskar lærarlivet. Det tok berre litt tid før denne kjærleiken vart tåleleg stabil.)

Ting tar tid i skulen.
Det gjeld utviklinga til lærarane òg.

Ref: Tetzlaff, J.A., Wagstaff, I. (1999). Mentoring New Teachers. I Teaching and Change, 6(3), s. 284-94

Advertisements

4 kommentarer to “Nyutdanna og desillusjonert?”

  1. Fra et helt og holdent personlig ståsted, må jeg si at for min del hjalp det å ha hatt flere andre jobber i det «vanlige» arbeidslivet først. Å få taket på kontorarbeid, IKT og saksgang var ikke så overveldende som jeg tror det kunne ha vært. På den andre siden er erfaringene fra andre arbeidsplasser enn skolen akkurat det som får meg til å tvile, fordi det å bli lærer er å si ja til en jobb hvor du aldri har fri og hvor mengden arbeid som skal utføres ofte oppleves som langt større enn timene som er satt av til det.

    Den aller største tvilen dukker for min del opp når jeg møter holdninger, hos enkeltpersoner og i systemet, som kolliderer kraftig med mitt menneskesyn og med det jeg oppfatter som skolens oppdrag i samfunnet: å gi barn og unge bein å stå på og gå inn i voksenlivet med, både kunnskapsmessig og som personer. Derfor vil jeg gjerne dele litt visdom fra min far, som jobbet i omsorgsyrker i det offentlige i mange år: Det viktigste du gjør når du har bestemt deg for at du skal jobbe med mennesker, er å finne ut hvor lojaliteten din skal ligge. Hvis du skal jobbe med mennnesker, er det egentlig bare ett akseptabelt svar på det spørsmålet, nemlig hos brukerne av den tjenesten du utfører.

    For oss som jobber i skolen, skal og må vår lojalitet være til elevene, siden de er grunnen til at jobben vår eksisterer. Det vil ofte bety at man kan bli veldig skuffet over seg selv når man ikke får til en time eller en samtale så bra som man ønsker, og man kan ofte bli litt sint når man ikke får muligheten til å gjøre det som vil være best for elevene,. Dess større og mer komplekst et system blir, dess vanskeligere blir det å håndtere individuelle problemstillinger innenfor dette systemet, og selv én enkelt skole er en boblende gryte av motstridende interesser. Men for min del har det å velge dette perspektivet å se jobben min gjennom iallfall gjort det mye enklere å prioritere mellom hva som er viktig og hva som kan vente.

  2. Fler av de fasene tror gjør seg gjeldende for erfarne lærere også. Mange som har visjoner i august som ender opp med å være illusjoner.

  3. Reblogged this on Hjarteplass and commented:
    En fantastsik beskrivelse av hvordan man som ny lærer opplever presset på jobb.

  4. Hei. Det er slik for alle de første årene i arbeidslivet. Ikke bare for lærere. Ny i arbeidslivet innebærer å gå gjennom faser, gjerne sånn du beskriver dem.

    Lykke til!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: