Fjørfereklame fordekt som undervisningsmateriale

av Lærerråd

Veterinær, forfattar og spaltist Anne Viken.

Dagens vikarpost er signert Anne Viken (1979). Anne er utdanna veterinær frå Norges veterinærhøgskole, bachelor i Internasjonale studier, og master i statsvitenskap frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i Klassekampen og Dagbladet, samt som fast spaltist i blant anna Klassekampen, Dag og Tid, Nationen og Firda. Anne har òg arbeidd eit år som veterinær i Sverige. For tida er ho frilans skribent og journalist, held foredrag, deltek i debattar og arbeider med bokprosjekt. Anne gav i august ut barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane, ei spenningsbok frå dyrlegepraksis, på Samlaget, og i 2010 ut boksingelen XXX på Flamme forlag. 

Anne er ein aktiv bloggar, og twitrar som @anneviken.

Denne posten er ein versjon av ein artikkel trykt i Prosa 4/2012, «Brenning av høner og andre fakta for barn», tilpassa for Lærerråd.

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklamemateriale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen. Kven kvalitetssikrar undervisningsmateriale om matproduksjon retta mot barn?

Undervisningsheftet «Pål sine høner», utgitt av Opplysningskontoret for egg og kjøtt, har, ifølge kontoret sjølv, vore eit tilbod til 3. trinn i grunnskulen sidan skuleåret 1999/2000, og vert jamt over nytta av åtti prosent av desse.

«Pål sine høner», utgjeve av Opplysningskontoret for egg og kjøtt. Nyttig undervisningsmateriale, eller skjønnmaling og propaganda?

Dessverre treng ein ikkje leite lenge før ein treff på den første påstanden lausriven frå røynda heftet er meint å seie noko om:

Bonden kalles en eggprodusent. Eggprodusenten kjøper en flokk med unge høner. De skal være i hønsehuset/stallen og spise og kose seg og verpe (legge egg). Hver høne/hane (stryk det som ikke passer, red.anm) legger egg i litt over ett år. Så slaktes de og blir til hønsekjøtt som vi kan spise.

Fakta: Verpehøner vert ikkje slakta, dei vert gassa. Og dei vert ikkje til kjøt, dei vert brende i forbrenningsanlegg:

Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2 […] Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg (Kilde: Fagsenteret for fjørfe).

For det andre: Å skrive at verpehøner i flokkar på fleire tusen kosar seg, blir absurd, men det er mulig Opplysningskontoret vel å sjå bort frå forsking på fjørfe som ikkje kan nyttast i reklamemateriell. For «Pål sine høner» er eit reklamemateriale presentert som undervisningsstoff.

Heftet heitest å vere eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 3. trinn basert på Kunnskapsløftet. Det utgir seg altså for å vere fagleg. Eg foreslår difor at Opplysningskontoret tek inn denne setninga:

Eksempel på gassar som kan brukast til avliving av verpehøns er blåsyre (cyanidgass), kullmonoksid (CO) og CO2. Naturfagoppgåve: Diskuter desse gassanes eigenskapar. Etikk: Kva tenker du om at høner vert gassa og brent?

Dette ville ha vore ei open og ærleg tilnærming til tematikken. Men «Pål sine høner» legg ikkje opp til kritisk refleksjon. Det legg opp til å skape positive assosiasjonar rundt eggproduksjon i tråd med Opplysningskontoret si oppgåve: å auke norsk eggkonsum.

Farleg mat i utlandet

Det er nemleg vanskeleg å tenke seg at fagfolka som står oppført som forfattarar, ikkje er klar over at høns blir gassa. Ser vi på forfattarlista, er det nemleg fjørfenæringa sjølv som står bak.

Den eine forfattaren er fjørfebonde Hans Christian Kihl, som blant anna har styreverv i Bondelaget og fagutvalsmedlem hos Nortura på CV-en. Den andre, Marlene Furnes Bagley, sit i arbeidsutvalet for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, og har arbeidd for Fagsenteret for fjørfe. Den tredje, veterinær Liv Kjærnet, er tidligare styremedlem i Norsk Fjørfelag og medlem av World’s Poultry Science Association (WPSA).

Det ser også noko rart ut at det er ein av forfattarane, læraren Åshild Løvbrøtte, som har skrive «En kollegas anbefaling» på side fire i lærarvegleiinga. Det blir omtrent som å blurbe på baksida av eiga bok. Ho har ikkje signert som forfattar, og før ein sjekkar forfattarlista bakerst i heftet, noko dei færraste vel gjer, trur ein at brevet kanskje kan vere skrive av ein begeistra lærar som har nytta materialet, men det er det altså ikkje. Og dette materialet, produsert av fjørfenæringa sjølv i beste reklameregi, slepp norsk skulevesen ukritisk inn i undervisninga. Ein kan spørre seg kven som står for kvalitetssjekken, samt kvifor fjørfenæringa får drive reklame mot mindreårige i obligatorisk oppmøtetid.

Forfattarane påstår vidare at vi aldri har hatt problem med salmonella i norsk eggproduksjon, sjølv om denne bakterien blir påvist i norske fjørfebesetningar nesten kvart einaste år. Lærarvegleiinga påstår at «salmonella er eit stort problem i utlandet», utan å definere nærmare kva «utlandet» er for noko. Sverige er for eksempel, på same vis som Norge, definert som salmonellafri sone, men retorikken i heftet legg opp til god, gamaldags branding av Norge som best i verda, og mat frå utlandet som farleg. Det er ei avleggs og fordomsfull tilnærming i eit hefte som gir seg ut for å vere seriøst undervisningsmateriale mynta på ungar født inn i ei global cyberspace-verd.

Og reklamematerialet «Pål sine høner» får altså norske barneskular presentert som «undervisningsmateriale». Den må tidleg bløffast som ukritisk forbrukar skal bli.

Faktaslurv frå veterinærar

Verdt å vite om dyras liv, frå Rådet for dyreetikk.

Ei anna bok mynta på undervisning, er Verdt å vite om dyras liv. Den har Rådet for dyreetikk som avsendar, og finst på både nynorsk og bokmål. Boka er handverksmessig prega av at forlaget har fungert som trykkeri. Finansieringa kjem, ifølge redaktør Ann Margaret Grøndahl, frå Mattilsynet (100 000 kroner) og Rådet for dyreetikk (200 000 kroner). I forordet står det at det er eit mål i læreplanen at elevar etter 4. klasse skal kunne fortelle om dyr og samtale om kva god dyrevelferd er for noko. Det er sendt ut tjue gratis bøker til kvart skulekontor i heile landet, og fleire skular har, ifølge redaktøren, bestilt klassesett.

Grøndahl er veterinær og instituttleiar ved Norges veterinærhøgskole. Difor er det rart å merke seg at Verdt å vite om dyras liv ber preg av ein del omtrentlege framstillingar og faktafeil. Blant anna står der at i gamle dagar gjekk ho- og handyr saman og para seg. Ja, det er korrekt, men det var ikkje berre i gamle dagar, når det enn måtte vere. Også i våre dagar er det heilt vanleg at han- og hodyr av både kjøttfe, sau, geit, hest og verpehønsproduksjon parar seg naturleg. Det blir dermed feil å påstå at dette var slik ein gjorde det «i gamle dagar», med mindre ein kun omtaler melkekyr, som for det meste blir inseminert. Og her er litt av problemet med Verdt å vite om dyras liv. Under overskrifta «I gamle dagar» inkluderer ein alle artar av husdyr, medan ein under tittelen «I dag» berre omtaler melkekyr. Det ber preg av mangelfullt redaktørarbeid.

Vidare kan vi lese at «i vår del av verden mente menneskene for riktig lenge siden at dyr ikke kunne tenke eller føle». Kva forfattarane meiner med «riktig lenge sidan» er vanskeleg å vite, då det framleis er mange som meiner at dyr ikkje kan tenke. Sist på sida står der at om du ser eit dyr som lir eller har vondt, bør du seie frå. Dette er feil. Du har, ifølge Lov om dyrevelferd paragraf 5, varslingsplikt. Du skal seie frå, ikkje berre om du har sett noko, men også om du mistenker mishandling.

Vågar å stille kritiske spørsmål

I kapittel seks finn ein faktafeil. Her står det at for omtrent hundre år sidan begynte menneska å forandre produksjonsdyra gjennom avl. Igjen er det vanskeleg å vite om forfattarane meiner Norge eller verda, men påstanden er uansett feil. For 140 år sidan levde eksempelvis den norske veterinæren Stener Johannes Stenersen. Stenersen studerte i København, kor i den tida einaste opptakskrav ved veterinærhøgskulen var at studenten var mann, kunne lese og rekne, samt var son av ein bonde eller smed. Dei fleste dyrlegar vart utdanna gjennom militæret, og skulegangen finansiert av stipend som seinare måtte betalast tilbake gjennom fleire pliktår i yrket. Stenersen arbeidde med husdyravl, blant anna som kreaturavlsbestyrer for Vestlandet.

Ei rekke rasar som i dag er vanlege i Norge, eksempelvis den engelske kjøtferasen Hereford cattle, er avla på frå midten av 1700-talet. På neste bokside er det eit bilete av ein annan vanleg rase i dagens Norge, Charolaise. Charolais stammer frå 1600- og 1700-talets Frankrike, og det var så tidleg som rundt Kristi fødsel ein velutvikla husdyravl i det gamle Roma.

Ein bra ting med Verdt å vite om dyras liv er «Tenk deg om»-ruta som finst under ulike tema. I motsetning til «Pål sine høner», som legg opp til at ungane ukritisk skal elske egg, legg denne boka opp til kritisk refleksjon. Det er dens største styrke. Blant anna «Hvordan tror du det er for kalven og mora å bli tatt vekk fra hverandre rett etter fødsel?» eller «Hvor ofte syns du at en undulat bør få slippe ut av buret?»

Muskelmat og agurkstoff

Faktisk mat, av Dagny Holm.

Boka Faktisk mat tek, i motsetning til dei to førstnevnte, ikkje sikte på å gi ei realistisk framstilling av hald av dyr. Boka er tight redigert og har eit språk som skapar begeistring. Det er tydeleg ein driven skribent med mange fagbøker for barn på CV-en som står bak teksten, og poenget med denne boka er ikkje ei realistisk framstilling av landbruk, men å vise kva mat er for noko, både kjøt og grønt. Der lukkast forfattaren Dagny Holm. Der finst kreative overskrifter som «muskelmat», og måten ho beskriv matens reise gjennom kroppen, og korleis ulike tarmavsnitt fungerer, er glitrande språkleg, pedagogisk og faktakorrekt.

Det som er litt underleg, er at ein må slå opp i Faktisk mat for å finne ei praktisk framstilling av ein slakteprosess. Dette er utelate i «Pål sine høner», antakeleg av angst for at merkevara «egg» skal bli usmakleg, men godt vist fram i fotos i Verdt å vite om dyras liv. Slik beskriv Dagny Holm prosessen:

På slakteriet blir grisen bedøvet med gass. Den besvimer og kjenner ikke noe når når slakteren dreper den. Når grisen er død, spretter slakteren opp magen på den og tar ut alt som ikke er kjøtt eller bein. Så blir grisen delt i biter.

Så enkelt og korrekt kan det seiast.

Derimot skrantar Holms bok når det kjem til biletbruken, vel og merke om ein ønsker seg realisme i framstilling. Det er valgt fotos av ei finbørsta Holsteinku, antageleg på ei amerikanske kuutstilling, eller cow fair, då kua har hale. Det er vanleg i USA å kupere haler på kyr utan stambok, og berre kyr med stambok kan stillast ut.

Det er også avbilda ein gris som ligg på halm, ulikt dei fleste grisar som ligg på betongen. Oppdrettsfisk er fullstendig utelate, og det same er fjørfe og eggproduksjon.

I Faktisk mat er torsken ein glad kis som sym i havet, ikkje ein feit klump som står i kø i oppdrettsanlegget og ventar på lusekur. Dette kan ein kanskje sei er problematisk når det kjem til realisme i framstilling, men på den andre sida påberopar ikkje forfattaren seg verken Kunnskapsløftet eller læreplanmål. Ho skal fortelle oss om kva mat er for noko, at melk kjem frå kua og kjøt eksempelvis frå ein gris. Ho påberopar seg heller ikkje, slik som Verdt å vite om dyras liv, å gi eit realistisk bilete av korleis dyr har det i Norge i dag, eller, slik som «Pål sine høner» påstår om seg sjølv, å vere eit hurra-meg-rundt bra tverrfagleg undervisningsverk, blurba av eigen forfattar.

Her er også underleg nok, om ein samanliknar med dei fagfolkskrivne «Pål sine høner» og Verdt å vite om dyras liv, vanskeleg å finne faktafeil. Det er ganske pinleg at ein ufaglært forfattar taklar tema betre enn dyrlegar og forskarar i veterinærmedisin.

Kan legge lista høgare

Faktisk mat og Verdt å vite om dyras liv er enkle, og altfor flinkt pedagogiske framstillingar. Påstand: Ein burde kunne kreve meir av dei. Spørsmål: Legg dei lista for lågt for målgruppa? Faktisk mat har språket og spensten, det skal vere pent, kort og snertent, men eg savner noko som greier kombinere snert med spennande informasjon sett i kontekst utover det heilt grunnleggande. Verdt å vite om dyras liv har til dels innhaldet, men mangler spenst, profesjonell regi og faktasjekk. «Pål sine høner» er eit usympatisk reklamestunt.

Ein kunne trenge ein forfattar som maktar kombinere Dagny Holm sin gode penn med  kompetanse nok til å drive skikkeleg research på landbruk og mat. Denne barnefagboka finst ikkje på norsk idag, men den trengs.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: