Vikarposten: Alle mot alle: Kva NPM i Oslo-skolen gjer med oss

av Lærerråd

Simon Malkenes

Dagens vikarinnlegg er skrive av Simon Malkenes. Malkenes er forfattar, og lektor på Ulsrud vidaregåande skule. Han har vore aktuell med fleire kronikkar om skule og leiing denne hausten, «Besøk den verkelege verda, Erna» i Dagbladet 14. september, og «Ropet på autoritet» i Dagsavisen 12. september. Kronikken under stod på trykk i Dagsavisen 2. oktober.

Me re-publiserar den her, av di me trur at den må vere av interesse for mange, og i håp om at den vil skapa litt engasjement i dei tusen lærarheimar.  

For ein rektor er læraren eit middel til å nå etatens mål. Og i klasserommet er eleven ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å nå lærarens mål som igjen er etaten sitt mål.

Hausten har løfta lokket på New Public Management (NPM) og sett att på innsida av helse-Norge, skole, byråkrati og politi er det ikkje slik ein trudde. NPM har opphav i såkalla spelteori. Utgangspunktet er at spelarane handlar rasjonelt, at dei held seg til reglane for spelet, og at dei handlar for å maksimere eigennytten sin, dei vil vinne. Det organiserande prinsippet for målstyring er ein jamnvekttilstand, ein maktbalanse, som skal oppstå mellom spelarane, slik at dei begge har nytte av den. Men drivkrafta er egoistisk, ein skal ikkje ha empati med dei andre spelarane.

NPM er òg ein del av den politisk ideologien kalla nyliberalisme, som slo ut i full blomst rundt 1980, i Storbritannia med Thatcher og i USA med Reagan. Røtene går likevel attende til då den kalde krigen var på sitt kaldaste. Og i rota finn ein menneskesynet NPM hevdar. NPM-mennesket er det motsette av den kalde krigen sitt kommunistiske menneske, det som ofra og underkastar seg fellesskapet i eit og alt. NPM-mennesket er slik ein negasjon. Det er rasjonelt, det inngår ikkje i nokon form for fellesskap, det tek alle val sjølv, utan hjelp. Derfor er det fritt.

Korleis ser dette ut i NPM-organisasjonane i Norge? La oss ta Oslo-skolen som døme sidan eg arbeider der. Når NPM målstyrer Oslo-skolen, endrar det alle relasjonar i heile organisasjonen, mellom etat og rektor, mellom skoleleiing og lærar, og mellom lærar og elev. For ein rektor er læraren eit middel til å nå etatens mål. Og i klasserommet er eleven ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å nå lærarens mål som igjen er etaten sitt mål.

Oslo-skolen snikinnfører i desse dagar målstyring av det enkelte klasserom. I ei ny form for medarbeidersamtale skal læraren no formulere mål for arbeidet sitt i klasserommet, og måla skal talfestast. I klasserommet  skal no læraren forsøke å auke eigennytta si. Han skal bli eit målstyrt NPM-menneske. Han skal bruke eleven til å oppnå målet sitt, få betre resultat, betre tal. Han skal finne jamnvektstilstanden der eleven lærer mest og læraren sjølv når sine eigne mål (som igjen er etaten sine mål). Slik vert eleven eit middel for å oppnå eit mål, og ikkje eit mål i seg sjølv. Skillet mellom å bruke andre menneske som middel for å oppnå mål og å sjå dei som mål i seg sjølv er grunnleggande innan moralfilosofien. Der skil det ei god handling frå ei ikkje-god. Den gode handling skal kunne brukast som regel for alle, den ikkje-gode brukar menneske som middel for å oppnå eit mål. Men dette er NPM. Og NPM brukar eleven til å oppnå organisasjonens mål, i ein jamnvekttilstand der dei begge skal tene på det. Og, er eleven ein god spelar kan han spele det strategiske spel mellom menneske til sin fordel. Er eleven ein dårleg spelar, er spelet over.

Dei BI-utdanna rektorane i Oslo vert målt på godt over 100 ulike mål av skoleetaten. Og dei er i skvis, for skolen og lærarane får stadig pålegg om nye oppgåver, særleg å dokumentere kva dei gjer. Men læraren får ikkje meir tid, og skolen får ikkje meir pengar. For dei følgjer eleven. Men ein rektor må nitidig dokumentere oppover, til alskens tilsyn. Han vert jo målt på det. Korleis løyser han det? Jau, dei systemiske kreftene trer inn og gjer han til eit NPM-menneske. Han puttar altfor mange elevar i klassen, han uthuler ordlyden i den lokale arbeidstidsavtala. Med eit «nyspråk» ein kun ser maken til hos Orwell. For- og etterarbeid til undervisning blir til dokumentasjon, og pedagogiske oppgåver blir til IKT-vakt. Til slutt er der ikkje tid att til det ein eigentleg skulle gjere, å undervise. Slik må han jukse for å få kabalen til å gå opp, for å vinne spelet. For dei lenger opp krev måloppnåing. Men lærarar, fagforeining og avtaleverk er i vegen for målet. Dei tek ein ikkje hensyn til, ein høyrer ikkje på dei. Dei må spelast ut, i eit spel Machiavelli ville vore stolt av. Spelet riv slik sund fellesskapet, for eigeninteressene kjem først. For NPM-leiararar kan fritt velge løysingar i eit spel der målet helliggjer middelet.

Dette er dei systemiske kreftene eller spelereglane som rår i NPM. Dei grip inn og styrer forholdet mellom etat og rektor, mellom rektor og lærar, og no mellom lærar og elev. Og dei lagar gjennom sin eigenarta dynamikk eit biletet som frå toppen ser bra ut. For i spelet har leiing og topp betre kort enn dei andre.  Difor speler dei ut all motstand og gjer som sigerherrar alltid har gjort, skriv sigerherrane si historie, utan omsyn til taparen. Difor manglar bilete praksiskunnskapen og erfaringskunnskapen til den enkelte politi, lærar og helsearbeidar. Dei skriv under på sigerherrane sin versjon i ein dokumentasjonsflaum ein sist såg hos NPM-mennesket sin motpart under den kalde krigen. Spelet NPM tek utgangspunkt i lagar slik eit bilete av verda, av skolen, av politiet, av helseforetaket som ikkje stemmer med den verkelege verda. Men no går spelet mot slutten. For den siste levningen frå den kalde krigen viser no sitt sanne ansikt. Den er bygd på mistillit mellom menneske, ein mistillit som gjennomsyrer alle målstyrte organisasjonar. Det er denne mistilliten som gjer at frå toppen ser alt bra ut. Men på bakken er kaos og på innsida kjempar alle mot alle.

Så, rimar verkelegheitsbeskrivinga til Malkenes med det andre lærarar i Oslo-skolen opplever til dagleg? Er det fleire som har erfaring med at målstyring vert snikinnført på arbeidsplassane? Og, om røynda slik Malkenes beskriv den er sann, korleis kunne ein endra den? Finst det gode alternativ der ute?

Reklamer

3 kommentarer to “Vikarposten: Alle mot alle: Kva NPM i Oslo-skolen gjer med oss”

  1. Sendt fra min HTC

  2. C

    Sendt fra min HTC

  3. Tusen takk for fin gjennomgang av målstyring som system i Oslo-skolen. No har det seg slik at NPM er eit kjekt system for alle som likar tellekantar. Om det høver for skolen er ei heilt anna sak.

    Som tidlegare skuleleiar har eg fylgd utviklinga i Oslo over tid. Søgnen vart ofte brukt som førelesar og resultata frå Oslo vart ofte halden fram som døme på korleis ein kunne gjere ting. Kva gjorde så dette med meg?. Eg for heim og bestemte meg for at slik skulle vi i alle fall ikkje ha det i Nordland. Eg var heldig og hadde ansvar for å utvikle kvalitetssystem og samstundes leiarprogram. Leiarprogrammet vart etter ei tid ein del av programmet: En bedre skole for elevene våre. Dette programmet har hatt ei lokalbasert forankring, der kvar skule har hatt høve til å definere sine eigne utviklingsmål for å betre undervisninga for elevane. Lærarane har opplevd dette som meiningsfylt.

    Eg utfordrar Wenche Skar som har vore prosjektleiar for En bedre skole å fortelje om innhaldet i prosjektet. Eg meiner arbeidsmetodane i prosjektet legg til rette for kvalitetsutvikling. Metodar som avspeglar at vi lit på kvarandre og at det er mogleg å utvikle gode skolar utan at vi treng å gjere alt likt. Evalueringssystemet i Skoleporten vert nytta som eit hjelpemiddel for å få opp dei viktige pedagogiske diskusjonane, og ikkje som ei kategorisering av skulane i fylket.

    Vennlig hilsen
    Venke Vik
    Kirkåsvegen 7, 8400 SORTLAND

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggere like this: