Sertifisering av lærarar – nødvendig eller unødvendig?

av aneaarre

Debatten om sertifiseringsordningar for nyutdanna lærarar har vore i gang ei stund, og truleg kjem den til å bli sterkare i tida som kjem. Men vil ei slik ordning auke kvaliteten på det arbeidet som vert gjort i skulane, eller vil det berre skape enda ei unødvendig papirmølle?

Ei utgreiing av moglege sertifiseringsordningar vart varsla alt i Stortingsmelding nr. 11 (2008–09): Læreren – rollen og utdanningen. Her vart sertifisering sett på som ei vidareføring av rettleiing av nyutdanna lærarar. I meldinga (s. 93) vert to hovudargument løfta fram: «For det første skal sertifisering sikre at lærere er kvalifisert til å oppfylle de krav og det ansvar som følger med en jobb i skoleverket. Sertifisering kan bidra til å kvalitetssikre at lærerne utfører arbeid som holder en kvalitetsmessig god standard. For det andre kan sertifisering gi et signal om at det stilles høye krav til hva som forventes av en lærer.» Vidare viser ein til at (s.st.) «ser­tifisering kan legge press på studenter og lærerut­danningsinstitusjoner til å forandre praksis, og på lengre sikt bidra til å heve læreryrkets anselse.»

I fjor satte GNIST ned ei arbeidsgruppe som la fram forslag til tiltak for auka kvalitet i lærarprofesjonen. Arbeidsgruppa foreslo mellom anna utgreiing av eit system for sertifisering av lærarar. GNIST sitt arbeidsutval har valt å gå vidare med dette, og temaet har vore oppe i partnarskapet i vår.

Ein positiv konsekvens ved ei slik ordning vil i alle fall vere at vi får tvunge på plass rettleiing for alle nyutdanna i den aktuelle sertifiseringsperioden. (Og kvifor treng vi det? Fordi!) Som Kunnskapsdepartementet viser til, vil det truleg også fungere som ein kvalitetssikrar, auke statusen til yrket, samt legge eit tydlegare press på at utdanningane er av høg kvalitet. I tillegg vil det gjere det muleg å ta frå lærarar sertifiseringa. Det er dessverre gode grunnar til at det kunne vore rett frå tid til anna.

Moglege motargument er at ei sertifiseringsordning vil skape ei unødig stor papirmølle, og at det måtte vere meir fornuftig å berre bruke pengane direkte der vi ønskjer dei, t.d. til rettleiingsordningar, høgare løningar osv. Det er eit rimeleg argument, og har til no vore mitt hovudmotargument. Men etter kvart ser eg at det kan ein truleg seie om mykje i skular og barnehagar, og verda for øvrig. Vi har t.d. eksamenar på vg1 der berre 20 % vert trekt ut. Kva er eigentleg føremålet med det? Den einaste rimelege grunngjevinga eg klarer å sjå, er at det truleg disiplinerer lærarane til å følgje læreplanen og til å ha ein relativt lik vurderingspraksis. Ein skulle ønskje at det var bortkasta tid og pengar, men truleg er det dessverre heilt naudsynt.

Noko anna som taler mot ei sertifiseringsordning, er at ingen naturleg peikar seg ut til å ha eit eventuelt sertifiseringsmynde. Men det er vel mellom anna slike spørsmål utgreiingar er til for? Det ideelle, slik eg har sett det til no, hadde vore om vi hadde eit nasjonalt lærarråd som i Skottland. Ei slik ordning hadde vore ein måte å tilbakeføre noko av «makta» over profesjonen til profesjonen sjølv. Men vil det kanskje føre til at vi gir for mykje makt til profesjonen, slik at vi ikkje får ei kvalitetssikring som er tilstrekkeleg objektiv? Eg meiner å ha lært noko om bukkar og havresekkar… Legane har eit statleg autorisasjonskontor. Her er alternativa mange, men alle er truleg ikkje like gode.

Eit anna mogleg motargument er at det er feil å føre studentar gjennom lange utdanningar, for så å sende dei ut i yrket for å få høyre at «nei, dette er du nok ikkje skikka til». Vel, vi ser jo alle at det er eit uhaldbart argument. Vi vil meir enn gjerne at turnusordningar luker ut dei som ikkje er eigna for legeyrket, tilsvarande bør vi sjølvsagt ha ei kvalitetssikring av lærarar.

Å sikre vel kvalifiserte lærarar er lærarutdanningane sin jobb i dag, men mi erfaring er at det er for knappe tidsressursar og for dårleg ansvarsdeling mellom UH-institusjonar og praksisfelt til at dette vert gjort på ein tilfredsstillande måte. Kanskje kunne vi med ei sertifiseringsordning sikre at lærarutdanningane tidlegare i studieløpet og også i litt større grad, rettleia studentar ut av lærarutdanningane – til gode for både studenten og samfunnet? Verken høgskular eller universitet vil vel ha på seg at t.d. berre 80 % av kandidatane dei uteksaminerer vert sertifiserte. Og vips, så var det snudd til eit argument for sertifisering.

Korleis skulle så ei eventuell sertifiseringsordning utformast? Her er alternativa minst like mange som det er argument for og mot heile ideen. Men viss eg skulle prøve å skissere opp noko som eit utgangspunkt for debatt, så ser eg fleire fordelar ved følgjande utforming: Vi lagar ei «turnusordning» (der alle er garantert plass innan rimeleg tid vel å merke), der nyutdanna arbeider i 80 % og får betalt for 100 %. Frå første planleggingsdag i august har den nyutdanna ein mentor/rettleiar (sjølvsagt med formell rettleiarutdanning) som har ansvar for den nye gjennom heile året. Sjølve sertifiseringa vert gjort av eit statleg autorisasjonskontor eller eit nasjonalt lærarråd (slik som i Skottland altså: eit profesjonsråd – eit sånt som ikkje driv lønskamp og slikt), etter tilråding frå rettleiar, rektor/styrar og ein representant frå næraste lærarutdanningsinstitusjon (eller der kandidaten er utdanna). Representanten frå UH-sektoren er pliktig til å følgje studenten gjennom året, og rettleie saman med rettleiaren frå skulen. Slik vil vi få ei god overlappsordning mellom skule/barnehage og utdanningsinstitusjonane. Dette vil ha minst to positive verknader: For det første vil det sikre at alt det vi lærte i utdanninga ikkje vert gløymt i møtet med praksis; det er alt for lett å bli fanga i handling den første tida som lærar, da er det fint å ha nokon på sidelinja som får ein til å løfte blikket inn i mellom. For det andre vil det skape ein konkret og naudsynt møteplass mellom UH-sektor og praksisfelt.

For dei som er interesserte i å vite litt meir om korleis ein driv sertifisering i Sverige og Skottland kan eit klikk innom GNIST sine sider vere verd turen. Her har dei nemleg lagt ut presentasjonar frå eit miniseminar som vart arrangert i juni i år.

Det finst mange argument både for og mot, og det finst mange ulike måtar å eventuelt organisere dette på. Del gjerne tankane dine! Bør vi arbeide for at lærarar i framtida må sertifiserast for å kunne praktisere som lærarar? Og korleis bør ei slik ordning i tilfelle sjå ut?

Advertisements

2 Responses to “Sertifisering av lærarar – nødvendig eller unødvendig?”

  1. Inkluder også oss øvingslærere i planen! Still krav til mer kursing og samarbeid mellom Høyskole og Øvingsskole! Vi skal egentlig ha veiledningsped, men manko på lærere med denne utdanningen gjør at man likevel kan praktisere som øvingslærer uten denne utdannelsen. Still krav til at rektor/ansvarlig ved Øvingsskolen vet hva dette innebærer ( ha rom og utstyr til studentene, sette opp en plan slik at studenter og øvingslærere får den møtetiden de skal ha osv. Man burde kunne stille krav til rektor ved at det feks er obligatorisk å møte på Høyskolen sine møter (det føres ikke fravær, en rektor kan være leder for Øvingsskole i årevis uten å møte noen på Høyskolen i Oslo og Akershus). Litt lettere å se at øvingslærere har gjort jobben i og med vi skriver en evalueringsrapport som gjenspeiler pedagogikk, metodikk og klasseledelse studentene har fått i praktisere i sin «turnus» Ja til bedre lærerutdanning, i teori og praksis!

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: