Vikarposten: «Nasjonale prøvar: Eit verktøy, ikkje eit nytt skulefag»

av Lærerråd

Det er kjekt å kunne ønske Marit Elisebet Totland velkomen som første vikarlærar her hos Lærerråd. Ho har brei erfaring frå skulesektoren, som lærar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule, som leiar for Kristent Pedagogisk Forbund, statssekretær i KUF under Bondevik 1, og som lokal skulepolitikar. I dette innlegget tek ho for seg dei nasjonale prøvane si rolle i kommunen. Kva rolle har prøvane i din kommune? 

Lærarane er urolege, for å seia det mildt. Dei meiner både dei og elevane nyttar for mykje tid til dei nasjonale prøvane. Er skulen komen i eit uføre?

Nasjonale prøvar skal fortelja kva elevane i landet kan, og dei skal visa kva nivå elevane i kvar kommune og kvar skule ligg på samanlikna med andre.

Prøvane blei innførte fordi me skilde oss ut internasjonalt: Noreg brukte meir pengar enn dei fleste land på skule, men visste svært lite om kva elevane fekk med seg i løpet av skuletida.

Ei overdriving, men likevel: Ein konsekvens når prøvane styrer undervisninga?

Då prøvane blei innførte, var det mange av oss som var urolege for at slike prøvar skulle ta merksemda frå den vanlege undervisning og frå tida læraren har til den einskilde eleven. Eg sat i det regjeringsoppnemnde utvalet som sa at me måtte vita meir om kvaliteten i skulen, men me hadde også klart for oss at det alltid er det du måler, som lett får mest tid og merksemd. Det blei derfor sagt frå om at dette ikkje måtte skje. Prøvane skulle ikkje styra undervisninga, dei skulle vera eit måleinstrument for å finna status og for å finna dei felta skulane burde forbetra. Viss til dømes resultatet fleire år på rad er dårleg i engelsk, burde ein sjå på lokale forhold som mellom anna kompetansen hjå læraren og samansetjing av elevar, for å finna ei forklaring og for å styrkja innsatsen om ein finn svake punkt.

Når lærarane fortel at klassane må trena på dei nasjonale prøvane fordi dei er så ulike det elevane elles får av oppgåver, at dei må trena på å løysa oppgåvene, har opplegget gått av sporet. Det var aldri intensjonen med desse prøvane. Dei skulle visa nivået, ikkje bli eit skulefag i seg sjølv.

Kvinnherad kommune har som mål å koma midt på treet i nasjonal samanheng, noko som inneber at me må koma høgare enn i dag. Dette må stå ved lag, – for elevane si skuld! Men dersom lærarane som fortel om tidsbruken i samband med dei nye prøvane har rett, må me gå nærare inn i saka. Dersom prøvane bommar, dersom dei måler det dei er laga for å måla, og ikkje resultatet av vanleg undervisning utifrå læreplanmåla, skal dei ikkje få stressa skulekvardagen. Det viktige er at skulen har fokus på at den einskilde eleven får nytta sine evner og får strekkja seg stadig lenger.

Dersom fokuset på prøvar blir så sterkt at det blir mindre tid til å sjå denne einskilde eleven, set skulen krossfot på seg sjølv. Dette er i tilfelle ein alvorleg situasjon som eg meiner at komiteen som har ansvar for skulen i kommunen må sjå nærare på. Me ynskjer ein god skule i Kvinnherad. Me kan ikkje la vera å nytta nasjonale prøvar, men dersom dei styrer undervisninga og likevel ikkje testar ut utbyte elevane har av undervisninga, bør me politisk gje skulane melding om å styra unna «trening av prøving». I tillegg bør me melda frå til sentrale styresmakter slik at sjølve prøvane blir endra så dei gjer den jobben dei skal.

Dersom dei som kjenner skulekvardagen meiner at prøvane er eit godt verktøy, skal me halda fram med å nytta tid på dei, men det må alltid vera slik at prøvar og metodar skal vera verktøy, aldri mål i seg sjølv. Måla er innhaldet i faga, livskunnskap med verdival, realisering av den einskilde sine evner, praktisk, teoretisk og menneskeleg og trening i å leve saman i eit samfunn.

Innlegget er tidlegare publisert på bloggen til Totland, Ut av uføre(t).

I tillegg til dei vanlege bloggarane her på Lærerråd, vil vi óg gjerne ha bidrag frå andre engasjerte skulemenneske. Ønsker du å skrive eit vikarinnlegg, kan du lese meir om det her.

Advertisements

9 kommentarer to “Vikarposten: «Nasjonale prøvar: Eit verktøy, ikkje eit nytt skulefag»”

  1. Bra blogg, Marit Elisebet !

    Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til VG Nett!

    Er det noen som har tips om gode blogger jeg bør anbefale så send meg en link på magne.antonsen [@] vg.no Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg

  2. Nasjonale prøver får skolene til å være minimum bra… Hvordan ellers skal man presse dårlige skoler til å bli bedre?
    De skolene som er dårlige, vil kunne bli tvunget bedre. Jeg synes det er greit fremfor å ha skoler som er dårlige…Da får vi fjernet de værste..

    Det MÅ være en metode for å få de dårligste skolene like flinke som gjennomsnittet. Hvilken annen måte er det?

    • Jeg vil vel hevde at det er mer sammensatt enn som så. Om den enkelte skole og lærer opplever at det er veldig viktig med en god skår på de nasjonale prøvene, altså at det er mye som står på spill (derav «high-stakes standardized testing», som i vitsetegningen), kan resultatet bli at de bruker uforholdsmessig mye ressurser på å oppnå den skåren, og at andre viktige oppgaver blir forfordelt.

      Kunnskapsdepartementet har laget en god gjennomgang av nettopp dette poenget, som du finner her.

  3. Kvinnherad kommune har som mål og koma midt på treet, leser jeg her. Det heter å koma midt…. osv. Og dette skal være skrevet av en lærer? Jeg håper det hører til sjeldenhetene (aller helst ikke forekommer) at lærere ikke kan skille mellom «og» og «å». Og så spør man om hvorfor elevene ikke lærer å skrive norsk, når det vanlige er at lærerne ikke kan det.

  4. Motstand mot nasjonale prøver skrevet på gammel-nynorsk. To symptomer på hva som er galt med norsk skole.

  5. Kvalitetssikring er BRA! Det at noen kvier seg for disse prøvene, sier mer om skolen og lærerenes kvalitet enn selve prøvene. Hva med å gjøre som de beste skolene? Ta etter dem, og jobb målrettet mot disse prøvene, gjør det om til noe positivt.

  6. Bra, eivindsolfjell. Jeg trodde dere skulle bli sure og skjelle meg ut for at jeg ikke holdt meg til saken. Dette var positivt.

  7. Hello there! This post couldn’t be written much better! Reading through this article reminds me
    of my previous roommate! He continually kept preaching about this.
    I’ll send this article to him. Fairly certain he will
    have a very good read. Many thanks for sharing!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: