Første skuledag – som lærar

av aneaarre

På oppmoding frå NRK Ytring har eg gjort dette innlegget om til ein kronikk som du kan lese her.

I dag er det mange som har sin første skuledag. Blant desse er det ein heil del lærarar. I fjor til same tid var det eg som kvelden før hadde pakka veska, lagt fram det eg skulle ha på meg og gått og lagt meg tidleg. Dagen etter skulle eg ha min første verkelege dag som lærar. Eg trur eg var like spent som eg var før min første skuledag i 1993. For det er mykje likt å vere ny som elev og å vere ny som lærar: Ein er like usikker på om ein vil finne vener, kven ein skal snakke med i pausar, om ein har kledd seg rett, og ein vil klare å henge med eller om ein ligg langt bak alle dei andre, og så vidare og så vidare.

Så står ein der plutseleg framfor dei 30 elevane ein skal ha ansvar for i eit heilt år, og veit at det i tillegg er 120 andre ein skal prøve å lære noko kvar veke. Det er smått overveldande. Du har studert i 4, 5, 6, ja gjerne enda fleire år, for å skulle kunne handtere dette, men så går det opp for ein at dette er ein eigentleg ikkje tilstrekkeleg førebudd på. Du har lært mykje om faga dine, men kjenner med eitt veldig på det du eigentleg alltid har visst: at lærarlivet handlar om ganske mykje meir enn fag.

Det er heilt greitt at dei første (og truleg òg dei resterande) åra som lærar er litt overveldande. Det som ikkje er like greitt er at det ofte er veldig mykje meir overveldande enn det trengte å vere, og at «praksissjokket» er eit ord vi har bruk for. Mange av oss har gått rett frå 12/13 års skulegang og inn i ei utdanninga som har som sitt einaste mål å utdanne oss for å gjere ein god jobb i skulen, og så skal det å kome tilbake til skulen bli eit «sjokk»? Det verker fullstendig meiningslaust, ikkje minst når vi ser at dette sannsynlegvis er noko av årsaka til at alt for mange sluttar etter få år i læraryrket (jf. Kunnskapsdepartementet (KD) sin rapport «Reservestyrken av lærere»). Eg trur det særleg er to ting som gjer at alt for mange får eit sjokkerande førstemøte med læraryrket: (1) vi har lærarutdanningar som er altfor svakt knytt til profesjonsfeltet dei utdannar for, og (2) vi har eit altfor dårleg system for korleis vi skal ta i mot nyutdanna i skular og barnehagar.

Eg vil her heilt kort gå litt inn på dei to problemområda:

Lærarutdanningane
Vi har i dag lærarutdanningar med altfor lite praksis, og den praksisen som er, er i for lita grad knytt til den meir teoretiske delen av utdanninga og ikkje minst motsett. Eg skal ikkje gå vidare inn i dette no, for dette er eit tema som krev eit heilt eige innlegg (og det skal de nok få;). Men kort fortalt trur eg det viktigaste vi kan arbeide for er at både UH-sektoren og lærarprofesjonen sjølv i større grad ser på skular og barnehagar som lærarutdannarar.

Mottaking av nyutdanna lærarar
Vi må slutte å tenke at vi er ferdig utdanna lærarar berre fordi vi har eit vitnemål frå ein UH-institusjon. Det er berre i skulen ein veit kva det vil seie å vere lærar, og det er difor berre i skulen ein kan utvikle seg til å bli ein. Dette veit vi vel eigentleg, men vi gløymer stadig noko heilt grunnleggande: Vi lærarar, både nye og gamle, er faktisk akkurat som elevane våre: vi treng tid til å utvikle oss, hjelp og gode råd, og av og til nokre hint om vi er på rett veg eller ei. Vi veit sjølvsagt eigentleg også dette, men vi klarer likevel ikkje å leve opp til intensjonsavtalen mellom KD og KS frå 2009 som m.a. sa at alle nye tilsette nyutdanna lærarar i skulen frå og med skuleåret 2010/2011 skulle få tilbod om rettleiing. Vi er enda eit godt stykke frå dette målet – skal vi tru Utdanningsforbundet, så har enda under halvparten eit tilbod ved skulen sin (sjå rapporten «De beste intensjoner – om innføring av veiledningsordning for nyutdannede lærerer» frå 2011).

Eg trur følgjande bør vere viktige satsingsområder framover for å gi nyutdanna eit betre møte med læraryrket:

1 – Nyutdanna må få rettleiing frå første dag.
Mange stader i landet har kommunar løyst utfordringane med å tilby rettleiing ved å kalle inn alle nyutdanna til samlingar i ny og ne. Det er fint det (viss det kjem i tillegg til rettleiing på arbeidsplassen), men for ofte kjem desse samlingane rimeleg seint ut i skuleåret. Det er litt seint å kome på første samling ein gong i slutten i november, når ein opplever at ein er på feil spor allereie tidleg i september. Som nyutdanna treng ein rettleiing frå første dag. Ein treng rettleiing før ein har gjort alle desse feilvurderingane som har ein lei vane med å skape presedens slik at ein ender med å drive velvitande feilpraksis i eit godt år før ein får retta det opp att. For kateteret fangar: har du først gjort noko, så definerer det deg som lærar heilt til du får nye elevar. Det skal seiast at ein sjølvsagt må måtte rekne med å gjere nokre feil som nyutdanna – ein lærer jo som kjent ein del av det. Men i lengda er det rett og slett ein litt trøyttsam måte å lære på.

2 – Nyutdanna må få rettleiing i klasseromsituasjonar.
Det er mykje fint med samlingsbaserte kursrekker, men det må etter mi meining vere eit tillegg til rettleiing i konkrete jobbsituasjonar. Det eg opplever og høyrer frå andre, gjer at eg får eit behov for å sette opp eit tydleg skilje mellom det Helen Timperley (m.a. i Realizing the Power of Professional Learning frå 2011) kallar «profesjonell utvikling» og «profesjonell læring». I profesjonell-utvikling-tradisjonen tenkjer ein at ein kan sende ein lærar på eit kurs og fortelle vedkomande korleis noko bør gjerast annleis, og kanskje gi nokre konkrete råd/tips/verktøy, for så å forvente at dette skal endre praksisen til vedkomande lærar. Og det endrar nok praksisen til læraren det, men truleg berre i enkelte og heilt spesifikt gitte situasjonar. I staden meiner ein at ein bør satse meir på «profesjonell læring», der målet ikkje berre er å endre praksis, men òg å endre korleis lærarar tenkjer. Berre slik kan ein sikre at lærarar på sikt endrar ein større del av praksisen sin og sjølv kan drive kontinuerlege endringsprosessar. For å oppnå dette er det naudsynt at ein utfordrar og rettleiar lærarar i arbeidssituasjonar, i møte med elevar – for det er tross alt her ein skal endre tenkinga og praksisen sin. Og i lys av alle dei opplevingane og erfaringane nyutdanna får, så trur eg rett og slett at det ligg så mykje motivasjon i å meistre den praktiske lærarkvardagen, at det å ta nyutdanna ut av skulen og samle dei i førelesingssalar, neppe har den heilt store effekten.

Det er freistande å skrive ein heil del til om dette. Men det kjem seinare og i meir avgrensa innlegg. Det som er viktig for meg å få sagt i dag, er følgjande: Det er utfordrande å vere ny. Det er ikkje alltid så kjekt å vere den som må spørje ein gong til, og nok ein gong be om hjelp til det alle andre tar på strak arm. Og det siste du gjer som ny, er å stille krav. Så difor må vi som er meir (og litt mindre) erfarne prøve å sikre at våre nye kollegaer får den rettleiinga dei treng, både ved at dei får ein fast rettleiar på skulen og ved at dei vert sendt på kurs osv. Og så må vi òg hugse verdien av gode råd, smil og oppmuntringar, og inn i mellom prøve å sette oss inn i «første-skuledag-situasjonen» igjen.

Advertisements

13 Responses to “Første skuledag – som lærar”

  1. Herleg innlegg om eit utulig viktig tema!
    Dette er eit godt tema for diskusjon: Korleis legge til rette for profesjonsutviklinga? Korleis gjera kvardagen for alle nye lærarar meir meiningsfylt? Korleis sørge for at dei meistrar noko nytt kvar dag? Korleis hjelpe dei med å prioritere gjeremål? Og ikkje minst – sørge for at dei trivst med dei unge ikring seg?
    Det er fleire utfordringar i dette problemfeltet.
    1 Korleis skal vi nå fram med at kvar og ein lærer ulikt dei andre – nett som elevane. Mao – vi må starte med å gi støtte og utfordringar der den nye læraren til kvar tid er i utviklinga. Ikkje gjera, som du seier er det meste aktuelle, gi dei forelesingar. Det har dei hatt nok av frå før?
    2 Korleis skal vi få rektorane til å ta dette på alvor? Dei mistar mange dyktige lærarar ….
    3 Kven skal peikast ut til å ha denne interessante og kanskje krevjande jobben? Vi ser at det fort blir dei eldste, dei mest erfarne (og ikkje akkurat dei som vil skoleutvikling?) Det må vera ein person som vil møte den nye læraren som ein ressurs for skolen, som vil skoleutvikling for eigen skole – og som vil utvikling for seg sjølv. Det må og vera ein person som vil vise korleis han underviser og stille seg til for hogg – før han er med den nye læraren inn i klasserommet. Det må vera ein profesjonell lærar, helst med rettleiarekompetanse, som veit kva profesjonell utvikling er- og som kan kommunisere/rettleie med balanse mellom støtte og utfordringar i hovudet.
    4 Det er og ein vanskelig balansegang mellom integrering av den nye i ein fellesskap og samstundes ta vare på den kritiske evna den nye har. Det må jo vera ei gåve å få ein ny lærarar som ser skolekulturen utanfrå – i alle fall nokre månader. Dei nye møter nok heller stadig vekk «slik gjer vi det her». Det er eit utrulig press for dei nye å tilpasse seg alt – og kanskje miste noko av seg sjølv som lærar.
    5 Mange skolar er faktisk bra i gang med gode ordningar. Det viktigaste dei nye kan gjera er å krevje den støtta dei har krav på. Skoleeigar har ansvaret.
    Hei, alle – kva gjer vi?

  2. Et annet interessant aspekt er jo også at vi som ikke er ferdige med utdannelsen vår ikke regnes som nyutdannede. Når vi jobber full tid i skolen, har vi like stort, om ikke større, behov for veiledning og støtte som ferske lærere. For min egen del kan det jo bli morsomt å delta på kurs for nyutdannede lærere når jeg er ferdig med PPU neste år, når jeg allerede har jobbet tre år på full tid som lærer, men det hadde vært mye tryggere for meg å fått mer støtte når jeg skulle inn i min aller første klasse – helt uten praksis, utdannelse eller erfaring. Heldigvis fikk jeg mye hjelp av gode kollegaer med lang erfaring.

  3. Kjempeviktig tema!
    Jeg synes også at nyutdanna lærere burde få enda mer av det vi alle trenger; tid. Mindre undervisning, mer tid til for- og etterarbeid. For samme lønn, så klart. Jeg kan si med ganske stor sikkerhet at en nyutdannet lærer bruker mye mer tid på en bunke heldagsprøver eller IUP-skriving enn mer erfarne lærere.

    Jeg kan vel ikke lenger si at jeg er nyutdannet, men etter 4 år som lærer forstår jeg godt at mange forsvinner ut i andre yrker etter få år. (Jeg tenker noen ganger det samme.) Rekruttere, ja, men også b e h o l d e!

  4. Ane, her løfter du etter min mening et veldig viktig tema. Og så viser du til løsninger på to ulike nivåer som jeg har lyst kort å fremheve, fordi jeg tror at begge nivåer er nødvendige for oss lærere å jobbe mot samtidig.

    Det øverste, og helt sikkert også potensielt mest omgripende nivået, er tiltakene som kan gjøres på nasjonalt og regionalt plan i retning av mer praksisnære lærerutdannelser og styrkede veiledningsordninger. Her er det på landsbasis et begynnende fokus, flere gode intensjoner, og veldig mye som gjenstår å gjøre!

    Og så er det det andre nivået, det individuelle, mellommenneskelig nivået, hvor omfanget av tiltakene er begrensede, men hvor det å gjøre en forskjell er nesten rørende enkelt.

    I fjor var det jeg som hadde min første skoledag som lærer. Jeg opplevede, som så mange andre, hvordan mengden av informasjon og gjøremål voksede i takt med at blikket mitt hevet seg, og bevisstheten min om at det var mye jeg gjerne skulle ha gjort annerledes stadig ble klarere. Da var betydningen av å ha åpne og hjelpsomme kollegaer, som så verdien av samarbeid og som ikke minst tok seg tiden til å reflektere sammen med meg uvurderlig.

    Det er den kollega jeg ønsker og etter beste evne jobber for selv å være i år, og det er den kollega som jeg tror at både lærere og skoleledere må huske å prioritere å være mest mulig for hverandre. Særlig i disse dager, hvor bunkevis av nyutdannede lærere har sin første skoleuke, og hvor vi stadig har en lang vei å gå før at nasjonale planer om gode og sterke veiledningsordninger blir en realitet.

  5. Bra blogg, Ane!

    Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til VG Nett!

    Er det noen som har tips om gode blogger jeg bør anbefale så send meg en link på magne.antonsen [@] vg.no Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg

  6. Jeg vil anbefale alle som er i utdanning til å bli lærer, å ta vikarjobb i skolen. Verre er det ikke. Skolene har alltid behov for vikarer, hvorfor da ikke stille seg til rådighet en gang i blandt?

    • Jeg tok vikartimer før jeg tok PPU (hadde hovedfag informatikk først), og kan ikke forstå at studenter velger læreryrket uten å ha praksis. Yrket falt umiddelbart i smak, og som vikar på ungdomstrinnet har du svært lite forpliktelser. Ofte fikk jeg ingen informasjon om hva jeg skulle gjøre, kun hvilket fag det var.

      Nå har jeg jobbet 3 år i ungdomsskolen etter PPU og 4år på VGS, for meg er det en fantastisk jobb, men har hatt en nedtur (3mnd «fysisk» syk (uten fravær), på grunn av slitsom hverdag). Jeg får generelt god kritikk, men de få som ikke liker meg eller det jeg gjør har stor påvirkning. Hadde mitt beste år i fjor, men det ble avsluttet med én klage, noe som føltes ganske tungt.

      Veiledning fra kolleger er gull…, men så vet de jo hva yrket innebærer, og de har nok god forståelse for nedturene. Nå er det jeg som må veilede og støtte, noe jeg nå begynner å bli klar for.

      En ting er å være timesvikar, da føles læreryrket ganske ok, men når fremdriften og kontinuitet kommer med fast stilling så baller det lett på seg. Da er det viktig å tenke litt tilbake på timesvikarrollen.

  7. Til Anne Cathrine og Tor:
    Eg hugsar at eg sjølv lurte lenge på om eg skulle arbeide som vikar ved sidan av lærarutdanninga. Til slutt gjorde eg det. Men eg er framleis veldig usikker på om eg ville gjort det igjen, og om eg vil anbefale andre det. Grunnen er at eg den gong var redd, og framleis fryktar, at ein lett kan få eit lite korrekt bilete av læraryrket. Som Tor er inne på er det verkeleg to ulike ting å ha det heile og fulle ansvaret for 33 elevar, og det å dukke opp ti minutt før timen for å få vite at «no skal dei ha engelsk på rom 406 – dokke kan jo kanskje spele hangmann eller noke sånt?». Så om ein skal jobbe som vikar vilel eg i tilfelle ha forsikre meg om at skulen har gode rutiner for korleis dei nyttar ringevikarar (at det ligg klart undervisingsopplegg osv), eller at ein rett og slett skaffar seg ei form for fast, og i alle fall forutsigbart, vikariat. Vidare er eg redd at ein i eit vikariat utan rettleiing lett vil kunne kome til å skape seg ei lærarrolle som ein på sikt ikkje er så nøgd med. Det er alt for lett å lage seg vanar og handlingsmønster verken ein sjølv eller elevane er tente med. Det er difor eg meiner det er så utruleg viktig at ein har nokon som kan sjå ein litt utanfrå den første tida. For å nettopp plukke opp og stille spørsmål ved dei situasjonane der ein kunne og burde gjort ting annleis.
    Men kanskje er eg litt prega av at eg i mi utdanning først var ute i praksis i 6. semester. Hadde eg, som det no er og vert krav om i dei fleste lærarutdanningar, fått møte praksis det første året, så hadde eg jo vore tryggare og betre rusta til å arbeide som vikar og dermed hatt ei anna oppleving av det. Eg er sikker på at ein kan få mykje meir ut av den teoretiske delen av utdanningane om ein stikk hovudet innom eit klasserom med jamnare mellomrom enn det eg gjorde.

  8. På oppmoding frå NRK Ytring (@NRKYtring) har eg gjort dette blogginnlegget om til ein kronikk som du kan lese her: «Første skuledag – som lærar»

  9. Hei! Godt skrive! Kjenner meg igjen i det du seier om alle forventningane som er til stades når ein byrjar i arbeid fyrste dagen. Ein mentor det fyrste året hadde vore på sin plass når ein skal setje seg inn i alle dei ulike aspekta som læraryrket byr på 🙂

  10. Som ny lærerstudent i år syntes jeg det er fantastisk å lese noe slikt! Får meg virkelig til å tenke, og jeg vil vere mer bevist på skolegangen min fremover tror jeg. Takk for et herlig innlegg!!

  11. lærerene er selvfølgelig spent. de er spent på grunn av hva slags elever de kommer til å jobbe med. dette er elever læreren kommer til å jobbe med i flere år. får læreren frekke elever som ikke gjør som læreren sier så blir jo livet til læreren ødelagt.

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

LP-modellen - læringsmiljø og pedagogisk analyse

en blogg fra Læringsmiljøsenteret for alle som arbeider med LP-modellen

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

ikt skole endringsledelse strategi organisasjonskultur

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: