Kvifor skal vi ha innsats i kroppsøving?

av aneaarre

Frå og med dette skuleåret skal innsats og føresetnader vere med i vurderingsgrunnlaget i heile grunnopplæringa. Som gymlærar er eg glad for det. Vi har høyrt mange historier om alle dei som vel å ta kroppsøving som privatistar fordi dei opplever å få betre karakterar med mindre innsats på denne måten (sjå t.d. «De leser seg til bedre gymkarakterer»). Og vi har høyrt om dei høge IV-tala (ikkje vurdert) i faget (sjå t.d. «En fallitterklæring for gymfaget»). Noko stemmer openbart ikkje. Men kor ligg eigentleg problemet?

Som alt anna i skulen er dette eit samansett spørsmål. Her vil eg berre ta for meg det eg meiner er hovudårsakane til problemet, nemleg (1) lærarane sin vurderingspraksis, og (2) manglande samsvar mellom dokumenta som styrer kva kroppsøvingsfaget faktisk skal vere.

Lærarane sin vurderingspraksis:
Det er alltid litt trist å måtte kritisere seg sjølv og sin eigen stand. Men i dette tilfellet trur eg vi må ta inn over oss at vi ikkje har snakka nok om korleis vi skal vurdere i kroppsøving. Nokre lærarar har sett utelukkande på tider frå Cooper-testar og tal på armhevingar, andre har gjort eit snevert utval av idrettar på tvers av intensjonen i læreplanen, og vi høyrer historier om det eg vil kalle lovstridig og læreplanstridig praksis à la «gutter på ungdomsskolen som er førsteklasses i ishockey, men dårlige i turn. Da røk 5ern» (@fabena, 08.08.12). Arbeidsgruppa som har gått gjennom kroppsøvingsfaget skriv m.a. følgjande: «Kort oppsummert forteller forskningen på vurdering etter LK06 om stort sprik i hvilke vurderingskriterier kroppsøvingslærerne mener er viktige. Lærere legger mer eller mindre vekt på elementer som innsats, deltakelse og oppmøte for elever ved standpunktvurdering, og de legger ulik vekt på målbare standarder for hva en god prestasjon er, for eksempel tester av løpsferdigheter og styrke» (Kroppsøving i skolen, 2011, s. 7).

Manglande samsvar
Men hovudproblemet, slik eg ser det, har vert ein manglande samanheng mellom føremål for faget, kompetansemåla og § 3-3 i forskrifta til Opplæringslova. For kroppsøving er vesentleg ulikt mange av dei andre faga vi har i skulen, men inntil no har vi ikkje hatt høve til å ta høgde for det i vurderingspraksisen vår. Meir om dette etter kvart.

Her er nokre av hovudargumenta eg har plukka opp mot at innsats skal telle, fylgt av mine motargument til dette igjen:

1 – «Dette er den endelege feminiseringa av den norsk skulen.»
Dette sa Tord Lien (rimeleg ordrett, om enn på ei anna dialekt) på Dagsnytt Atten (08.08.12). Han meiner at det vil frata gutar som slit på skulen den siste meistringsarenaen deira, noko som altså fører til feminisering. På bloggen sin tar @Sigvei for seg litt statistikk som viser at dette truleg ikkje stemmer. Dessutan så er det vel strengt tatt ikkje slik at vi formar faga i skulen for at ulike grupper i samfunnet skal ha noko å lukkast i? Sjølv om det eigentleg er ein hyggeleg tanke. Vidare er det nokre som hevdar at dette er ei ordning som er laga for å gi «medisinjentene» større sjansar til å få gode karakterar i gym. Til dette siste: Det er det vel betre at medisinjentene deltek i den ordinære undervisinga enn at dei går opp som privatistar og får gode karakterar på den måten?

2 – «Det finst ikkje noko å måle innsats med.»
Dette er eg fagleg ueinig i. Eg vil påstå at innsats m.a. kjem til uttrykk gjennom

  • deltaking i timane: Det er nesten utruleg kor mange bortforklaringar enkelte har for å ikkje delta. Her vert det vist til nokre eksempel: «Gymfaget må endres».
  • grad av deltaking i aktivitetane: Eg har såpass tillit til meg sjølv og kollegaene mine at eg her beint fram påstår at vi kan sjå om nokon gjer eit forsøk på å bidra t.d. i fotball eller ikkje. Det er ein i høgste grad observerbar skilnad på dei som står ut på vingen og heng, og dei som faktisk går etter ballen eller gjer seg spelbare. Og kan vi vurdere fair play (som er eit konkret kompetansemål), så må vi da kunne vurdere deltaking.
  • progresjon: Store delar av føremålet med kroppsøving er å kunne ta ansvar for eiga utvikling i ulike øvingar. Og til alle dei som likar målbare ting: progresjon kan ein i mange tilfelle til og med talfeste.

Eit tilleggsmotargument: Sjølv om nokre sikkert meiner det, så har vi altså ikkje blitt einige her til lands om at alt som ikkje kan leggjast inn i eit Excel-ark ikkje er kompetanse og er heilt utan verdi. Vi kan ikkje la vere å vurdere noko berre fordi det er litt utfordrande.

3 – «Innsats som del av vurderingsgrunnlaget vil føre til auka trynefaktor.»
Det er ein heilt reell fare slik eg vurderer det. Denne faren har vi for så vidt i alle fag, men eg kan vere einig i at det fort kan verte enda meir utfordrande no. Ikkje fordi den vanlege læraren ikkje meistrar dette, men fordi det òg i skulen finst dei som ikkje tar det profesjonelle ansvaret dei er utdanna og tilsatt for å ta. Trist, sant, men på ingen måte noko nytt – dessverre. Det er mi klare meining at vi likevel ikkje kan tilpasse alt i skulen til det faktum at det finst dårlege lærarar, for skal vi gjere det må vi ta vekk alt profesjonelt handlingsrom. Dette problemet har eksistert så lenge skulen har det, og vi løyser det ikkje ved å berre ta vekk situasjonane der det oppstår; da har vi ikkje mykje skule att til slutt.

4 – «Viss innsats skal telle i gym så burde det da kunne telle i matte også.»
Nei, det burde det ikkje. Det er ein vesentleg skilnad på kroppsøving og matematikk: føremåla med faga. Og dette er mitt hovudargument for at innsats skal telle i kroppsøving: det at elevane lærer å yte innsats er ein del av målet med kroppsøvingsfaget. Det er (dessverre?) ikkje det i matematikk. Vi har ikkje matematikk i norsk skule for elevane skal like det, vi har det for at dei skal meistre det; for at dei skal kunne arbeide med tal i daglegliv og i arbeidsliv. Målet er at elevane m.a. skal forstå rentesatsar når dei skal ta opp boliglån, vere i stand til å legge saman tal når dei er på handletur, og at nokon skal bli matematikarar, ingeniørar osv. Du kan ha aldri så mykje innsats, men viss svara dine alltid vert feil er ein like langt, utan sjanse på mange jobbar og truleg med ein utfordrande økonomi. Her er eit lite utdrag frå føremålet for fellesfaget matematikk: «Kompetanse i matematikk er ein viktig reiskap for den einskilde, og faget kan leggje grunnlag for å ta vidare utdanning og for deltaking i yrkesliv og fritidsaktivitetar.»

Dette skil seg frå kroppsøvingsfaget sin funksjon i norsk skule. Føremålet med gym er ikkje å utdanne toppidrettsutøvarar. Her har eg klipt litt frå læreplanen til kroppsøvingsfaget òg: «Dei sosiale aspekta ved fysisk aktivitet gjer kroppsøvinga viktig for å styrkje sjølvbiletet, identiteten og fleirkulturell forståing. Gode opplevingar i kroppsøving kan vere med og leggje grunnlaget for ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil hos dei unge.
Opplæringa i faget skal medverke til at elevane opplever glede, inspirasjon og sjølvforståing ved å vere i rørsle og samhandle med andre.»

Som vi les er det vesentleg ulike grunngjevingar til at vi har matematikk og kroppsøving i skulen. Føremåla er ulike, og det er difor òg vesentlege skilnader på utforminga av kompetansemåla. Det kan ikkje vere anna enn rett og rimeleg at det som dannar vurderingsgrunnlaget dermed òg vert litt ulikt.

5 – «Det vil svekke statusen til faget, og dei flinke elevane vil bli mindre motiverte av det.»
Til det første først: Akkurat det kan kanskje stemme, det er lett å tenke at faget får ein noko «mjukare» profil. Men viss vi legg punktet over (nr. 4) til grunn, så er jo i tilfelle statusen bygd på feil premiss, og det verkar rett at innsats får status saman med ferdigheiter. Til det andre: Det er jo ikkje slik at elevane ikkje lenger skal få utteljing for gode ferdigheiter. Viss dei vert demotiverte av å måtte yte litt, så betyr vel det i tilfelle at vi hadde eit motivasjonsproblem i utgangspunktet. Og viss det er slik at elevane vert demotiverte av at medelevar gjer det bra (fordi dei no får utteljing for innsats), så har vi kanskje noko å lære dei som er viktigare enn kroppsøving?

Eg kjem ikkje på fleire argument mot at innsats skal telle i farta. Men eg har ei god evne til å berre hugse argument som eg støtter eller dei eg kan møte med det eg meiner er gode motargument. Så kom gjerne med fleire argument mot at innsats skal inngå i vurderingsgrunnlaget, og gjerne med argument for òg.

For å oppsummere: Eg meiner at det vi først og fremst må spørje oss om er følgjande: Kva er føremålet med faget? Kva er det elevane eigentleg skal lære? Vi veit svara på desse spørsmåla, og med det veit vi og kva som skal inngå i vurderingsgrunnlaget. Innsats er ein del av målet med kroppsøvingsfaget, og difor skal vi òg vurdere det.

Advertisements

One Trackback to “Kvifor skal vi ha innsats i kroppsøving?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Rektors refleksjoner

– et profesjonsnært tenkerom

Støtt dr Lipkins forskning! http://www.microbediscovery.org/

Hvis du ser etter noe spesielt på denne siden, kan du søke på siden med eple+F eller ctrl+F

FredagsKilden

– et profesjonsnært tenkerom

Norsklærer med digitalt grensesnitt

– et profesjonsnært tenkerom

Skolestua

– et profesjonsnært tenkerom

Mattelærer'n

– et profesjonsnært tenkerom

Skoleprat med Hanne Sand

Sterke meninger om norsk skole

Sparringmamma

– et profesjonsnært tenkerom

Meldingsboka

Blogg om skole, barnehage og utdanning. Og Utdanningsforbundet.

Mindblog | Roger Steinbakk

– et profesjonsnært tenkerom

Barnehagske betraktninger

– et profesjonsnært tenkerom

Kjetil - about maths

- didactics and digital solutions in maths

dalstroka-innafor.net

skribleri frå Hr. Sinnes

8c - 10c

Blogging fra Hinna skole

Lektor Thues tavle

– et profesjonsnært tenkerom

Eva 2.0

Brenner for digital kompetanse og god læring

LPU

– et profesjonsnært tenkerom

LIV MARIE SCHOUs ARENA

– et profesjonsnært tenkerom

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Dysleksidama

– et profesjonsnært tenkerom

Knut Michelsens blogg

– et profesjonsnært tenkerom

Best praksis

– et profesjonsnært tenkerom

Lærerrommet

– et profesjonsnært tenkerom

Ut av uføre(t)

– et profesjonsnært tenkerom

%d bloggers like this: